Hollebakken gnr. 125 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hollebakken gnr. 125 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hollebakken var husmannsplass under øvre Sundbrei fram til 1866. Bruket ligg ovanfor Sundbreijordet. Namnet skal koma av det hallande lendet.
    'Gudbrandsplassen under Sundbrei' som vart nemnt i 1755 kan vera same plassen som Hollebakken.
    NB. Det er ikkje sikkert at hushaldet under år 1755 høyrer til her. Men det er heller ikkje haldepunkt for nokon annan plassering.
    Ei gamal tuft i Hollebakka heitte Ellentufte. Det vart fortalt at El'n-mannen budde der åleine, med ei geit i kjellaren. Han gjekk på arbeid nede i bygda. No var namnet Ellen lite brukt i bygda før, mogleg kan det ha vore 'Elling' eller 'Erlend'. Ein veit ikkje kven dette var.
    Areal 1865: ikkje oppgjeve. Men i Hollebakken fødde dei 4 kyr, 3 sauer og 7 geiter i 1865.
    Areal kring 1960: 5 mål dyrka og 6 mål annan innmark.
    Stølar: Heimstøl på Gryvset (utan hus) og langstøl på Kjærbu ved Rødungen saman med Sundbreijorde (utan hus).
    Hollebakken vart kjøpt attende til øvre Sundbrei i 1972. Hollebakk-stugu stod til nedfalls i 1972. Loftet vart selt til rosemålaren Tore Christinsen og sett opp ved huset hans i bustadfeltet på Stavin, låve og fjøs vart rive.

{6764} År: 1755

Sevat Sveinson Noss Sundbrei 1720-1770
Foreldre: Svein Olson Noss Gunhildgard og Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Bodil Torsdtr. Helling Sundbrei 1715-1773s
Foreldre: Tor Eilevson nordre Helling og Ågot Embriksdtr. Skrindo.

Svein og Bodil gifte seg i 1755. Ingen livsarvingar saman. Dei budde på Sundbrei i 1768.
    Sevat fekk plassen Gudbrandsplassen under Sundbrei til brukeleg pant i 1755 ved å låne ut 20 rd.
    Sevat reiste 1768 sak mot Ola Torson Rime for at Ola tømte buet etter stesonen Ola Olson. Vitne fortalde då at Bodil var "kurr-voren" mot Svein, og at ho ikkje ville dele seng og lege med han.
    Like før Sevat døydde hadde han og Bodil vorte samde om å skiljast, og at buet skulle delast likt. På skiftet etter Sevat og Bodil var det 45 rd å dele på syskena. (1368) s 52

{6765} År: 1795c

Lars Torjusson Grevsgard Sundbrei 07.10. 1764-1836
G 1787 m Ambjørg Herleiksdtr. Hallen, Dagali. Foreldre: Torjus Jonson Grevsgard og Birgit Larsdtr. ... .

I 1794 fekk Lars Torjusson skøyte på Grevsgard for 140 rd. I folketeljinga 1801 var Lars Torjusson Grevsgard husmann med jord under Sundbrei. Det kjem av at Lars bygsla plassen Hollebakken frå Sundbrei. (Oppl. av B. Eikra.) Sjå Grevsgard, gnr. 127/18.

{6766} År: 1846

Knut Sveinson Sundbrei 09.01. 1818-1898
Foreldre: Svein Knutson Skottebøl Tjønndalen Sundbrei og Ambjørg Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
Gm Ragnhild Larsdtr. Håkonsgard Sundbrei 27.09. 1819-
Foreldre: Lars Olson Tveito (ungkar) og Ambjørg Olsdtr. Håkonsgard.
*Barn
1. Ambjørg Knutsdtr. Sundbrei Aspaas 07.01. 1851-1876
G 1871 m Nils Herbrandson Myran 1843-1874. Barn: Isabel 1872-1872.
    G 1874 m Christoffer Halvorsen Aspaas. Barn: Halbert Bortenius 1875-1898. (1358)
    Til Am.
   
    Knut og Ragnhild sine barn: Guri 1858- g 1877 m Sander Tolleivson Moen; Maria 1860- konfirmert 1875; Kristine 1863- konfirmert 1878 ... . (1358)

Knut og Ragnhild gifte seg omlag 1850. Knut bygsla Hollebakken i 1846.
    Knut var soldat i unge år og ein munter skruve. Han vart beskrive som ein "bekjent Spetakkel-maker".
    Knut og Ragnhild reiste tidleg til Amerika: Minneola township. Døtrene gifta seg frå 1871 og utover.

{6767} År: 1860c

Birgit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Hollebakken 30.10. 1829-1916
Foreldre: Eivind Sveinson Sundbrei Tunehagen Kolbjørnstølen og 2.g Turid Levorsdtr. Lå.
Gm Ola Olson Leksvolplassen Hollebakken 21.05. 1827-1910
Foreldre: Ola Sevatson Leksvolplassen og Barbro Olsdtr. Svillegard.
*Barn
1. Ola Olson Hollebakken 07.08. 1856-
Til Am. 1878: ... Iowa. Ola Hollebakken var ein vidgjeten lausdansar. Ola var skreddar.
2. Turid Olsdtr. Hollebakken 13.10. 1859-1868
3. Asle Olson Hollebakken 1860.-
??? Asle står ikkje oppført saman med syskena .. under foreldra!!
    Meierist i Belford SD ca 1900. Sjå Ulvestad Bind 2 s 695
    ?Asle Hollebakken død i Røyken i 1923. Hadde familie og ein liten eigedom i Røyken. Enka flutte attende til Otta med 4 barn. Han var gm ... , Otta og hadde 5 barn derav 1 på Hollebakken. (NU 1923) ... ?
    Asle Olson GjermundsOdden (F: Ola Nilsson Grøvo G og Haldis Aslesdtr. Bergsgard 1816- ) vistnok født 12.okt. 1859 ???
4. Eivind Olson Hollebakken 19.06. 1864-1956
G 1887 m Kristi Aslesdtr. Haugerud. Sjå neste hushald.
5. Turid Olsdtr. Hollebakken Lappegard 14.05. 1872-1956
G 1892 m Tor Eirikson søre Lappegard, gnr. 90/3
6. Birgit Olsdtr. Hollebakken 04.03. 1878-1893

Ola og Birgit gifte seg i 1859. Ola forpakta Hollebakken i frå omlag den tida. Ola kjøpte Hollebakken 1866 for 250 spd.
    I 1891 var Anne Guttormsdtr. Turkarstad losjerande hjå Ola og Birgit i Hollebakken.
    I 1900 var Ola dagarbeidar og fiskar.

{6768} År: 1900c

Eivind Olson Hollebakken 19.06. 1864-1956
Foreldre: Ola Olson Leksvolplass Hollebakken og Birgit Eivindsdtr. Sundbrei.
Gm Kristi Aslesdtr. Haugerud Hollebakken 28.02. 1859-1936
Foreldre: Asle Eilevson Haugerud og Kari Olsdtr. Sundrelien.
*Barn
1. Birgit Eivindsdtr. Hollebakken Dokken 26.03. 1887-
G 1907 m Pål Torsteinson Dokken, Sel i Gudbrandsdalen. Barn: Torvald 1907- ung, omkom i varmtvasskjel; Gunvald 1909-1971 gm Gunhild Ringdal; Teodor 1911- omkom då ein hest sprang ut; Edmund 1913-1983 gm Rannveig Andersen; Oddmar 1915-1993 gm Torbjørg Dybendal; Olaf 1918- ung; Olga 1921- gm Guttorm Grøndal; Trygve 1923-1995 gm Karin Hagenlund; Hjørdis 1928- gm Torbjørn Fossnes. (1170)
    Birgit og Pål budde på Slemmestad. Dei dreiv med ................ .
2. Ola Eivindson Hollebakken Eivinsen 15.12. 1888-1979
Gm Kari Larsdtr. Pålgard, Skurdalen 1896-.... . Barn: Esther 1923- gm Fred Karlson (1 son); Karen Lois 1924- gm William Caddel (2 barn); Edwin 1928- dreiv maskinfirma, gm Margaret Jan Spiller (1 barn); Lars 1933- gm Doris ... (3 barn).
    Ola var ein dugande skiløypar. Ein gong deltok han i 5-mila i Holmenkollen. Med ei broten ski vart han nr. 8! Også Ola spelte fele.
    Ola reiste til Amerika i 1914. Dei gifte seg der bort og vart farmarar i Daysland, Alberta i Can. Dei skreiv seg Eivinsen. (1404) s 441
3. Asle Eivindson Hollebakken Evensen 22.06. 1890-1921
Gm Thea Larsløkken, Heidal 1892-1962. Barn: Olaf 1912-1996 g 1944 m Signe M. Pettersen (1 dotter); Eivind 1915-liten; Ruth 1917- gm Andreas Andreasson, Årjeng, Sverige (ingen barn); Kirsten 1920- g 1941 m Henry Nyborg, Aurskog (2 døtrer); Birger 1918-1985 gm Kristine Michaelsen (3 søner). (1394), (1376) 639
    Asle reiste til Ullensaker i 1913. Han kalla seg Evensen og arbeidde i Slemmestad. Han døydde tidleg. (1265)
4. Eivind Eivindson Hollebakken 07.01. 1892-1960
G 1930 m Guro Larsdtr. Eikre, Hemsedal 1912-.... . Barn: Emma 1930- gm Leif Stave, sjå Rime, gnr. 115/1.
    (?Barn: Kirsten 1925 (gm Leif Hellerud, V Spone) m/ Anne Levorsdtr. Sundbreijorde.)
    Eivind var lenge i Oslo, fyrst som tømmermann, sidan dreiv han brukt-møbelforretning.
    Så flytte dei attende til Ål og kjøpte tomt ved kraftstasjonen i Kleive, og dreiv bakeri og kafé der så lenge anleggstida vara. (Dvs. Holsanlegget i tida ............. til ............. .)
5. Eilev Eivindson Hollebakken Eivinsen 27.01. 1894-1964
Ug. snikkar, busett i Edmunton, Canada. Han kalla seg Eivinsen. (1265)
6. Olaf Eivindson Hollebakken 23.12. 1895-1968
Gm Dagny Knutsen, Oslo 1902-1988. Barn: Evelyn ....- ; Bill ....- arkitekt gm ... ... (2 barn); Edvin ....- gm ... ... (3 barn); Lilly ....- gm ... ... .
    Til Am. ... : bygningarbeidar i Vancouver. (1268) Sjå år 1942.
7. Knut Eivindson Hollebakken 21.04. 1898-1900
8. Kari Eivindsdtr. Hollebakken Slettom 16.01. 1900-1984
G 1933 m Syver Herleikson Slettom Tunehagen. Sjå søre Tunehagen, gnr. 124/6.
9. Knut Eivindson Hollebakken 21.11. 1902-1985
Sbm Gunda Kvitfjell. Sjå neste hushald.
10. Barbro Eivindsdtr. Hollebakken Sandestølen 22.10. 1906-1995
G 1939 m Eirik Olson Sandestølen, gnr. 110/13.
*Barnebarn
1. Kirsten Eivindsdtr. Hollebakken 29.06. 1925-1996
Gm Leif Hellerud, Vestre Spone. Barn: Karin 1948- gm Kjell Vigdal; Inga 1951- gm Harald Hansen, gm ... Undhjem; Jan Erik 1953- gm ... ; Runar 1955- gm ... ; Jorunn 1959- gm ... .
    Busett på Vestre Spone . (1170)
    Foreldre: Eivind Hollebakken og Anne Levorsdtr. Sundbreijorde.

Eivind og Kristi gifte seg i 1887. Eivind var snikkar og skreddar i 1900, han gjekk i skreddarlære hjå Perstølen.
    Eivind og Kristi overtok eller bygsla Hollebakken kring 1900. Dei onna stølsvollen inne ved Rødungen. Om vinteren henta Eivind foret på skikjelke.
    Bestefaren Eivind Sundbrei var kjent som ein dugande kvedar. Også Eivind var musikalsk. Som smågut fekk Eivind høyre Asle Øyno spela fele. "Det va so fint at eg gret!" sa Eivind. Denne opplevinga gjorde at Eivind bestemte seg for å lære å spele fele. Han vart ein svært god spelemann, og han vart mykje brukt.
    Då Eivind sette seg i benken og strauk opp fela, då var det det straks full stim på dansegolvet.
    Eivind var gløgg og svara godt for seg. Ein gong då Eivind på sine gamle dagar rusla etter vegen med felekassa under armen, då møtte han ein alvorsmann i bygda. Han sa: "Du må slutte med slikt du som er så gamal!
    Då svara han Eivind: "Nai, men e kan då alder tru di lell! Dei sea e bi helde bære og bære!" (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 250.)
    Eivind fekk ein spaserstokk i bursdagsgåve frå 'bygden'.