Sandåker gnr. 126 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sandåker gnr. 126 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sandåker grensar mot Sundbreijordet og Hollebakken i aust og mot søre Breie og Teigen i vest.
    Sandåker er frådelt nordre Breie og Sundbrei, og er fyrst nemnt i eit dokument av 1591. Men i jordebøkene dukkar Sandåker fyrst opp i 1612. Altså må garden ha vore brukt og skattlagd under Breie før den tid. Når skattelistene ikkje viser korleis, så kan ein undrast om Sandåker vart skattlagt berre som ein åker før 1600.
    Sandåker vert rekna for ein sannsynleg høgmellomalder-gard. (K. O. Solhjell: 1987)
    Utskiljinga frå Breie er lite dokumentert. Men på tinget i 1659 opplyste ålmogen dette:
    For lang tid sidan var Breie ein fullgard og då var det 8 kalvskinn i årleg skatt. Men etter eit skifte vart to særskilte plassar utskilt: Sandåker og Underberg. Desse to bruka gav i 1659 5 skinn årleg medan nordre Breie 4 hadde skinn som er halvgard.
    Sandåker vart skattlagd 1670 som øygard med 6 laupsbol i landskyld. Av dette var 2 laupsbol prestgods. Truleg det same som den 1 mæle korn i årleg innkomst som 'nedre' Breie skulle yte til Ål kyrkje i jordeboka 1626 ('Grågås') til Stavangerbispen.
    Prestgodset i Sandåker vart seint løyst ut, det var slik at bonden held fram med å bygsle denne jorda hjå presten fram til 1835. Og ved odelsløysinga i 1843 vart ikkje prestgodset med. Sidan har dette lege til Rotebakkdokken. (Frådelt Prestparten: Sandåkerøyen, bnr. 4, stølen Fjellset og Feten, bnr. 5 frådelt 1856 til eigaren av bnr. 1; stølen Halldalen, bnr. 6 frådelt 1856 og selt til nordre Breie m.m.)
    Sandåker betalte 4 skilling i kvernskatt 1770.
    Tunet er truleg på opphavleg stad. Hallingstugu frå 1700-talet skal vera komen frå Breie.
    Plassar og underbruk: Hengupp og Sandåkerøyen.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 27 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 600 mål, anna utmark 6500 mål. Buskap 23 vinterfôra sauer.
    Husa på garden: Våningshus bygt omkr. 1750, seinare påbygt og restaurert, nytt våningshus 1993, låve med fjøs 1950, stabbur omkring 1850, bryggerhus og smie.
    Stølar. Heimstøl er Støbakken, langstølar er Fjellset og Øvrestølen i Fetjastølsdalen (tilkjøpt 1856). Liastølen er tilkjøpt frå Sveinhaug.

{6788} År: 1778

Knut Nilsson Sandåker 21.03. 1751-1834
Foreldre: Nils Knutson Breie Sandåker og 1.g Jørand Tolleivsdtr. Breie.
Gm Haldis Halvorsdtr. Strand Sandåker 02.08. 1750-1818s
Foreldre: Halvor Olson Halvorsgard Strand og Birgit Olsdtr. Opsata.
*Barn
1. Jørand Knutsdtr. Sandåker Lauvrud 1780-1847
Barn m/Svein Eilevson Strand: Haldis 1811-1812, sjå barnebarn.
    Barn m/Eirik Asleson Fosslåtta Klemmitplassen: Asle 1814-1903, budde på Klemmitplassen i Hol, g 1846 m Kari Knutsdtr. Gyrihaugo ( 6 barn).
    G 1828 m Levor Olson Vestrem Lauvrud i Hol 1773-1849. Ingen barn. Dei hadde søre Lauvrud i Hol.
2. Halvor Knutson Sandåker 23.05. 1784-
Truleg død i 1790-åra.
3. Lars Knutson Sandåker 1786-1870
G 1811 m Kari Tolleivsdtr. Bekkestad. G 1830 m Birgit Sveinsdtr. Reinton. Sjå neste hushald.
4. Birgit Knutsdtr. Sandåker Venedokken 1789-
G 1814 m Eirik Eivindson Venedokken, gnr. 127/35.
*Barnebarn
1. Haldis Sveinsdtr. Sandåker 09.12. 1811-1812
Foreldre: Svein Eilevson Strand Bakka og Jørand Knutsdtr. Sandåker.

Knut og Haldis gifte seg i 1778. Knut fekk skøyte på 5/13 laupsbol i Sandåker i 1778. Sum totalt 1 lb.
    I 1787 bygsla Knut 2 laupsbol i Sandåker hjå presten. Faren avstod same bygsla grunna alder og skrøpelegheit. Det var 394 spd å dele etter Haldis i 1818.

{6789} År: 1812

Lars Knutson Sandåker 1786-1870
Foreldre: Knut Nilsson Sandåker og Haldis Halvorsdtr. Halvorsgard Strand.
Gm Kari Tolleivsdtr. Bekkestad Sandåker 13.06. 1784-1829
Foreldre: Tolleiv Olson Bekkestad og Mari Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Birgit Sveinsdtr. Reinton Sandåker ...... 1796-1882
Foreldre: Svein Levorson søre-øvre Sindrol Reinton og Haldis Olsdtr. Reinton, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Larsson Sandåker 02.02. 1813-1887
Knut var ugift. Han budde i fjøset på Sandåker i 1875, og rusla på omkring som tiggar.
2. Haldis Larsdtr. Sandåker 01.03. 1815-
Gm ... ... . Eller ugift og død i Am. (NU)
    Haldis fekk utflyttingsattest til Amerika i 1868. Ugift i Wisconsin i 1870.
3. Mari Larsdtr. Sandåker 06.06. 1817-1853
Ugift. Barn: Helene Martine Hansdtr. f. 1838 gm Ola Mølnestuen, Andebu.
    Mari tente i 11 år hjå sokneprest Otterbæk i Andebu. Mari hadde i fleire år vore plaga av fang eller slag. I 1853 dreiv Mari og vaska lin i fjorden nedanfor Sandåker, ho stupte og vart funnen død der.
4. Ågot Larsdtr. Sandåker 14.08. 1819-
Barn: Tolleiv Karlson 1848- sjå barnebarn. Ågot kom til Amerika i 1861 saman med sonen Tolleiv.
    Gm Ola Yngvarson, Lærdal. (1047) Busett i Wisconsin i 1888.
5. Tolleiv Larsson Sandåker 26.07. 1821-1900
G 1845 m Kari Larsdtr. nordre Kvinnegard. Sjå neste hushald.
6. Nils Larsson Sandåker 31.07. 1824-1904
Barn: Ola 1851- m/Ragnhild Olsdtr. som var inderst på nordre Breie, deira fyrste legemål.
    Gm Cecilia Instenes 1830-1897 frå Kinsarvik. Barn: Ola ....- ; Kristina ....- gm Robert Jostad (1 barn);
    Lina 1866-1925 busett i Ettrick, Wisc., gm Albert L. Solberg, Toten (15 barn); Lars 1868-1954 gm Anna Thompson ( ); Elisabeth 1871-1910 gm Ivar Husmoen; Nikolai 1875-1945 gm Lina Larsson. (935)
    Til Am. 1861: Ettrick, Wisconsin. Nils var ein sprek lausdansar, han spente 4 alner høgt. Budde i Wisconsin i 1888. (993)
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Larsdtr. Sandåker 04.05. 1831-1843
2. Haldis Larsdtr. Sandåker Sundbrei 13.11. 1832-1883
Gm Svein Eirikson Kolbjørnstølen på øvre Sundbrei, gnr. 125/7.
3. Ola Larsson Sandåker Sundbreijordet 11.10. 1834-1913
G 1862 m Anne Eivindsdtr. Sundbrei. Sjå Sundbreijordet, gnr. 125/9.
4. Birgit Larsdtr. Sandåker 06.02. 1837-1838
Vesle Birgit vart brent forderva i ein kjel med kokande vatn 7. april 1838.
*Barnebarn
1. Tolleiv Karlson Sandåker 03.02. 1848-
Gm ... ... . Barn: Julie ....- gm ... Grogaard; ... Busett i Wisconsin i 1888.
    Foreldre: Karl Kristensen, Follum (ungkar) og Ågot Larsdtr. Sandåker.
   

Lars og Kari gifte seg i 1811. Lars vart attgift 1830 med Birgit Sveinsdtr.
    Lars var ute i krigen 1807-14. Han kom ikkje i strid, men avdelinga hans kom til Toverud etter eit slag. Dei kunne då sjå blodvegen etter trefningane dagen før.
    Av Sandåker sine 6 laupsbol hadde faren Knut Nilsson bygsel på 2 lb., dei brukte garden saman. Taksten på garden i 1829 var 600 spd.
    Lars kjøpte prestgodset i garden for 100 spd. i 1835.

{6790} År: 1843

Tolleiv Larsson Sandåker 26.07. 1821-1900
Foreldre: Lars Knutson Sandåker og Kari Tolleivsdtr. Bekkestad.
Gm Kari Larsdtr. Kvinnegard Sandåker 28.04. 1815-1870
Foreldre: Lars Ivarson nordre Kvinnegard og Ragnhild Olsdtr. Rue (Hol).
*Barn
1. Lars Tolleivson Sandåker 19.08. 1845-1935
G 1872 m Gro Knutsdtr. Tune. Sjå neste hushald.
2. Lars Tolleivson Sandåker 01.07. 1847-
Død i Amerika.
3. Ola Tolleivson Sandåker 23.07. 1850-1926
Gm Oline Halvorsdtr. Klop, Valdres 1862-1918. Barn: Teodore 1880-1969 ug. ; Henry 1883-1962 g 1907 m Klara Dahl (3 barn); Klara 1887- gm Alvin Dahl (4 barn); Gina 1891-1963 gm Bennie Dahl (9 barn).
    Til Am. i 1870. Busett i Jackson Co, Wisc. (993)
4. Kari Tolleivsdtr. Sandåker Severtson 02.04. 1853-1943
Barn: Kari Levorsdtr 1870-1963 sjå barnebarn.
    Gm Charles Severtson, St. Thomas 1860-1945. Barn: Lena 1883-1985 gm J. Byron Franklin; Tillia 1884-1960 gm ...; Clara 1886-1961 gm ... Haywart ; Lousie 1888-1922; Martha 1890-1975 gm ... Metts;
    Theodor Oscar 1892-1974 gm Selma Strandell (5 barn); Clarence Christoffer 1894-1972.
    Til Am. 1873: Blue River Falls. (Truleg Black River Falls, Jackson Co, Wisc. ?)
5. Knut Tolleivson Sandåker Thune 23.07. 1855-1921
Gm Ragnhild Olsdtr. Reinton frå Hol. Knut reiste til Amerika 1873: Blue River Falls. (Evt. Black River Falls, Jackson Co, Wisc. ?)
    Knut dreiv noko handel i Am., men ein doktor påla han å reise heim att for helsa si skuld. (1553)1902
    Knut kom heim att i 1898, gifte seg og kjøpte Tunehago i 1900. Sjå nordre Tunehago, gnr. 124/5.
*Barnebarn
1. Kari Levorsdtr. Sandåker Thommeson 17.10. 1870-1963
G 1900 m Ernest Thommeson 1868-1958. Barn: Gordon ....- ; Clara ....- gm ... Haywart ; Esther ....- .
    Til Am. 1873: Blue River Falls.
    Foreldre: Levor Eivindson Sundbrei (ungkar) og Kari Tolleivsdtr. Sandåker.

Tolleiv og Kari gifte seg i 1845. Faren selde garden til Andres Kleppo i 1842, men Tolleiv tok att garden på odel i 1843. Prisen vart 1020 spd, av dette var 400 spd kår.
    NB. Prestegodset i Sandåker, 2 laupsbol, vart ikkje med i odelsløysinga. Dette har sidan lege til Rotebakkdokken.
    Tolleiv og Kari ville reise til Amerika i 1857, men det vart ikkje noko av. Sjå neste hushald.

{6791} År: 1878

Lars Tolleivson Sandåker 19.08. 1845-1935
Foreldre: Tolleiv Larsson Sandåker og Kari Larsdtr. Kvinnegard.
Gm Gro Knutsdtr. Tune Sandåker 02.10. 1846-1912
Foreldre: Knut Gunnarson Tune og Astrid Larsdtr. Stave.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Sandåker 18.03. 1876-1932
Tolleiv var litt evneveik.
2. Knut Larsson Sandåker 16.06. 1880-1969
G 1919 m Haldis Syversdtr. myljo Tune. Sjå neste hushald.
3. Lars Larsson Sandåker 13.01. 1883-1909.
Lars var snikkar. Han døydde ung på Luster Sanatorium.
4. Kari Larsdtr. Sandåker Jorde 18.05. 1884-1987
G 1906 m Ole Olson SundbreiJorde 1875-1952. Barn: Oluf 1907- farmar, g 1931 m Margaret Bakke (6 døtre); Ed 1908-1991 sagbrukseigar, gm Kathleen McTavish 1917-1989 (4 barn); Melvin 1910-1998 sagbruk og butikk, gm Leone Blackmore (3 barn); Anton 1912-1978 sagbrukseigar, gm Martha Heinrich (3 barn); Ivan 1918-1976 sagbruk, gm Mary Montgomery (4 barn); Kenneth 1920- lastebilsjåfør, g 1947 m Betty Bostock (2 barn); Helen 1923- gm Clarence Lyons (8 barn).
    Kari reiste til Canada i 1904 og budde hjå tanta Kari Tolleivsdtr. i St. Thomas, ND. Kari og Ola budde ved Lake Alma i Saskatchewan i Canada.
    Kari hadde 168 etterkomarar då gjekk bort 103 år gamal. Ho skreiv seg Carrie Jorde. (935)
5. Astrid Larsdtr. Sandåker Viken 23.03. 1887-1952
G 1915 m Ola Asleson TangeViken, sjå gnr. 127/30.
6. Olav Larsson Sandåker 09.02. 1890-1984
G 1921 m Kristi Olsdtr. Grevsgard. Sjå nordre Tunehagen, gnr. 124/5.

Lars og Gro gifte seg i 1872. Dei fekk 6 barn og dessutan 5 dødfødde i åra 1873- 1879. Lars hadde overteke garden før 1875, skøyte fekk han i 1878.
    Lars hadde godt minne og fortalde frå den tida han gjætte. Då var bjørnen frampå i traktene ved langstølen i Halldalen. Høya stod like innved bua om nettene, men likevel henta bjørnen seg ei geit. Og det nytta ikkje å illskrike. Ulven derimot sleppte byttet sitt når gjætaren skreik.
    Då Lars var 12 år, fann far hans på at dei skulle reise til Amerika. Han fann kjøpar til garden og gjorde i stand til langferd. Men Lars ville ikkje fylgja. Ingen bestikkelsar dugde, han ville ikkje reise. Han ville vera att hjå besteforeldra. Men då ville ikkje mor hans heller reise. Dermed vart det heile avlyst, og gardehandelen måtte gjerast om att. Men syskena hans emigrerte straks dei var konfirmerte. (NU nr 46).
    I FT 1875 budde skreddaren Per Olson i Veslestugu på Sandåker. Sjå Perstølen.