Hengupp gnr. 126 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hengupp gnr. 126 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Hengupp eller Sandåker-Eie ligg oppe i dei bratte bakkane omlag 500 m ovanfor Sandåker. Frå lessarstaden går det ei rensel langt oppover. Stugutufta (4 m * 3,6 m) syner.
    Det var tungvint med vatn på Hengupp, ofte måtte vatn bærast opp frå Teigen. Det vart fortalt at folket her levde i stor armod. (Fortalt av Olav Sandåker.)
    Vatnet måtte hentast frå Teigen og bærast opp bråttene. (929)
    Hengupp var busett i åra 1853 til 1861. Plassen fall attende til garden og er no attvoksen av skog.

{6795} År: 1853

Svein Sanderson Heggeset Hengupp 22.07. 1825-1877
Foreldre: Sander Eirikson Heggeset og Margit Torgeirsdtr. Tangeviken, Hol. (Hol VI s 301)
Gm Åse Eiriksdtr. Hagajordet Hengupp 29.06. 1828-1917
Foreldre: Eirik Olson Tangeviken Venedokken Breiehagajordet og Margit Eiriksdtr. Rotebakkdokken.
*Barn
1. Eirik Sveinson Sandåker-Eie Hengupp 11.04. 1854-
Gm Gunhild Nestegard. Til Am. 1861.
2. Sander Sveinson Sandåker-Eie 20.11. 1855-
Sander reiste til Am. i 1861.
    Gm Gunhild ... ... født i Iowa av norske foreldre i 1863. Barn: Anna 1888- ; Sophia 1891- ; Olga 1896- ; Selmer 1899- ; Gustav 1899- . I 1900 budde Sander i Denver, Rock Co, MN. (brev frå Jackie Marler) .
3. Margit Sveinsdtr. Sandåker-Eie 26.08. 1859-
Margit reiste til Amerika i 1861: Canton, SD.
   
    Svein og Åse sine barn i Amerika:
    4) Ole 1861-
    5) Sunniva 1866-1892 gm Knut Larsson Nestegardshaugen frå Ål.
    6) Maline 1865-
    7) Anders (Andrew) 1870- .

Svein og Åse gifte seg i 1853. Dei budde i husmannsplassen Hengupp til 1861 då dei for til Amerika med sine tre barn: Florence, MN.
    Åse flytta til slektningar i Rock Co MN då ho vart enkje. (Jfr. Brev frå Arne Nestegard)
    I 1880 FT for Rock County, MN vart Åse kalla Ellin. (Åse er ikkje lett på engelsk.)
    Ho var hushalderske og enkje og hadde ungane Eirik; Sander; Margit og Ola (19 år); Maline (15 år); Synnøve (12 år); Anders (10 år).