Sandåkerøyne gnr. 126 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sandåkerøyne gnr. 126 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sandåkerøyen eller Øyen låg lengst vest på øya i vestre enden av Strandafjorden. Under bygginga av Holsanlegget i 1950-åra vart det nordre elveløpet fyllt opp med tunell-masse, og øya vart fastmark liggande inn til Odden i vest og Kleiveskogane m.f. i nord.
    Sandåkerøyen var husmannsplass under prestgodset i Sandåker. Plassen vart frådelt 1846.
    Areal 1865: dyrka jord 2 mål, naturleg eng 25 mål. Avling 1 1/4 tunne bygg.
    (Prestparten 1865: dyrka jord 1 1/2 mål, naturleg eng 9 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg.)
    Areal 1960: dyrka jord 45 mål, anna areal 60 mål, skog 10 mål. Husa var stugu frå 1919, uthus frå 1930, og eit gamalt stolphus.
    Øyen vart lagt til industrifeltet Kleivi saman med naboeigedomane Hagaøyen og Breie-Øyen eller Flatmark kring 1970. (Sjå Hol III s 14.)
    Sandåkerøyen vart nedlagt som bustad i 1972. Tunet på Øyen låg like vest for noverande forbrenningsanlegg. Stugu vart flytta til ny tomt av Jostein Tafjord, og stolphuset kom til Ole S. Reinton.

{6796} År: 1842

Ola Klemetson Myren Sandåkerøyen 12.05. 1805-1885
Foreldre: Klemet Knutson Sundremoen Klemmitplassen og Birgit Larsdtr. Grøvo, Hol. (Hol VI s 213)
Gm Turid Torsteinsdtr. Kaupang Sandåkerøyen 19.12. 1807-
Foreldre: Torstein Torgeirson Brukbakken nordre Kaupang og Rønnaug Olsdtr. søre Kaupang. (Hol VI s 349)
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sandåkerøyen Øyen 19.04. 1834-
Barn: Birgit Bernsdtr. f 1856 - døypt i Jevnaker (far: Bernt Olson Sundrelien); Ola Olson f. 1857 kræmar, spelemann og smed, døypt i Jevnaker (far: Ola Mikkelson frå Gol), gm Birgit Syversdtr. Tune, han brukte namnet Imingen; Torstein 1867- (far: avdød enkjemann Henrik Haraldson Gullenbråtteigen, Jevnaker); Birgit ....- Henriksen gm Hans Krossgard; Matilde ....- gm Hallstein Torsteinson Rueberget- Steinsrud i Hol; Hans ....- til Kongsberg.
    G 1873 m Ola Olson Helgegut-øyen i Hol. Barn: Ola 1873- gm ... ... busett i Odda; Mari 1875-1875; Mari 1876- gm Ola Arneson søre Nestegard. (Hol III s 203-204)
2. Rønnaug Olsdtr. Sandåkerøyen Kleivehaugene 07.02. 1836-
G 1859 m Ivar Levorson Teigen Storemyr, gnr. 125/1b.
3. Klemet Olson Sandåkerøyen 09.04. 1838-
Klemet søkte arbeid på Hadeland. For seinare til Amerika.
4. Torstein Olson Sandåkerøyen 25.05. 1840-
Gm ... ... Barn: 3. Torstein reiste til Amerika eller til Kongsberg.
5. Mari Olsdtr. Sandåkerøyen Hansen 10.04. 1844-
Gm Lars Hansen, busett i Asker.
6. Birgit Olsdtr. Sandåkerøyen 26.06. 1846-
7. Jørand Olsdtr. Sandåkerøyen Pettersen 29.11. 1848-
Gm sjømann Johan Pettersen, Hurum 1860- . Barn: Hanna 1880- ; Olaf 1885- ; Peter 1887- ; Gunborg 1889- ; Nils 1892- ;
    Jørand budde i Røyken i 1888. I 1900 var Johan isformann og huseigar. Dei budde i Asker.
8. Ola Olson Sandåkerøyen 18.06. 1851-1851
Død 28 veker gamal i 1851.

Ola og Turid gifte seg i 1833. Ola bygsla Sandåkerøyen i 1842. Så kjøpte han bruket i 1846.
    Ola vart kalla Klemmit-Ola. Han var ein omframt flink kjøgemeister, god til å ordlegga seg, han song, han 'kvo folk i godlaget'. (Hol II s 490)
    Ola var smed og timremann.
    Klemmit-Ola kunne stille blod. Siste gongen var vistnok i 1870,- ein gut blødde kraftig og folk sprang 2-3 km til Klemit-Ola. "Då får eg ta hardaste bøne mi", sa Ola. Og blodet stogga. (Dølaminne mars 1923 s. 80)
    Det vart fortalt fleire soger om Turid og dei underjordiske. Ein gong sat Turid på eit berg og kjemba håret til ei av jentene. Brått miste ho kamben ned i ei sprunge i berget. Dei høyrde kamben skrangla nedover. Då kom det ein skraslelått frå berget: "Jammen datt luseriva hass Klemit-Ola ni sø-gryta hennar Rove-Guri!" (Ål Bygdesoge II s 155)

{6797} År: 1876c

Tolleiv Olson Helgelien Skrien 15.02. 1843-1912
G 1869 Sigdal m Anne Sebjørnsdtr. Reistadmoen, Sigdal. Foreldre: Ola Sveinson Strand-Tunehagen Sundre Helgelien og Anne Olsdtr. Bakketeigen.

Tolleiv Olson Helgelien Sundbreijordet (1843-1912) kjøpte Sandåkerøyen kring 1869. Sjå meir om han og familien på Sundbreijordet, gnr. 125/9. Sonen Ola overtok Sandåkerøyen i 1913.