Breiebakkane gnr. 127 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Breiebakkane gnr. 127 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Breiebakkane eller Breiebakko var husmannsplass under søre Breie. Plassen ligg oppe i bakkane ovanfor søre Breie. I kjeldene står det stundom berre 'Breieeie'.
    Plassen vart truleg rydda i 1850-åra. I 1865 fødde Mikkel og Ragnhild 2 kyr, 5 sauer og 2 geiter.
    Svein Knutson og Lukris Persdatter var dei siste husmannsfolka i Breiebakko. Husa vart leigde ut til omlag 1920. (929)

{6816} År: 1845c

Tolleiv Ellingson Bekkestad 21.09. 1827-1867
Foreldre: Elling Knutson Solheimslåtta (Hol) nordre Bekkestad og Anne Persdtr. Lybekk.

Tolleiv Ellingson Bekkestad rydda fyrst ein plass under Breie av råt rot. Kona var Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud.
    Tolleiv kjøpte nordre Bekkestad i 1857, sjå gnr. 129/1. (1412) s 36

{6817} År: 1855c

Mikkel Halvorson Halvorstølen Breiebakko 19.10. 1806-1885
Foreldre: Halvor Knutson Halvorstølen og Birgit Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Ragnhild Holgesdtr. MyreHagen Breiebakko 03.04. 1830-
Foreldre: Helge Knutson Urehaugen (Hol) (ungkar) og Torand Knutsdtr. Arnegard, (Skurdalen) Øyen. (1047)
*Barn
1. Birgit Mikkelsdtr. Tangane 25.09. 1855-
Til Am. i 1877 med broren Halvor.
2. Torand Mikkelsdtr. Halvorstølen 18.04. 1857-1880
Torand døydde av nervefeber i 1880. Gravlagt ved Lands church, Lyon Co, Iowa.
3. Halvor Mikkelson Breiebakko 13.12. 1859-
Halvor og systera Birgit reiste til Amerika i 1877: Le Mars, Iowa. Dei hadde forskotsbetalte billettar.
    Foreldre og sysken kom etter i 1878.
4. Kari Mikkelsdtr. Breiebakko 03.10. 1862-
Til Am. i 1878: Iowa.
5. Ågot Mikkelsdtr. Breiebakko Rue 20.11. 1866-
G 1884 SD m Ole Olsen Rue. (Son til Ole og Helga Rue.)
    Dei budde i Lyon Co, Iowa, truleg reiste dei sidan til Lincoln Co, SD. NB. Ågot vart både konfirmert og gift i Lands Church, Co Lyon. (J. Marler)
6. Birgit Mikkelsdtr. Breiebakko 01.04. 1869-
Til Iowa i 1878.

Mikkel og Ragnhild gifte seg i 1855. Dei budde på Tangane i 1855. Ved dåp i 1857 og 1862 var bustaden Breieeie, dvs. ein plass under Breie, noko som både Tangane og Breiebakkane var.
    Mikkel var husmann med jord i 1865. Mor til Ragnhild, Torand Knutsdatter, budde også i Breiebakko.
    Familien reiste til Amerika 1878 etter at to av ungane reiste til Iowa i 1877. Truleg slo dei seg til i Lyon Co, Iowa.

{6818} År: 1880c

Svein Knutson Tunehago Bakko 14.04. 1846-1920
Foreldre: Knut Sveinson Reinton Haugerud Tunehagen og Anne Torsdtr. Strand eller Langeland.
Gm Lukris Persdtr. Jonset Tune 24.12. 1846-1920
Foreldre: Per Kristianson Jonset og Marte Herbrandsdtr. Vestafor Satalien.
*Barn
1. Anne Sveinsdtr. Breiebakko 10.05. 1872-1941
Ugift. Barn m/Ola Olson Sandåkerøyen: Per Olson 1893- sjå barnebarn. Barn m/Elling Hansson Bekkestad: Gro Ellingsdtr. 1899-1974, sjå barnebarn.
    Anne budde i ei liten stugu nedst i ØvreÅlsbakkane.
2. Knut Sveinson Breiebakko 06.05. 1874-1875
3. Knut Sveinson Breiebakko 20.09. 1876-
Til Amerika etter 1900, - død der borte i ung alder. (929)
4. Per Sveinson Breiebakko Dokklien 07.02. 1880-1953
G 1933 m Liv Levorsdtr. Noss. Sjå Dokklien, gnr. 110/46 og Vestvang (Smedsplassen), gnr. 30/3.
5. Kristian Sveinson Breiebakko Hago 01.06. 1883-1965
G 1915 m Gro Knutsdtr. Bøkko frå Hol. Sjå søre Hago, gnr. 110/26.
*Barnebarn
1. Per Olson Breiebakko Bakko 29.11. 1893-
G 1912 m Rangdi Ellingsdtr. Øyen. Barn: Olav 1912-2001 g 1936 m Kari Karoline Karlsdtr. Tingvoll, (sjå eige hushald under jernbanen); Knut 1913-1985 ugift, død på Geilo; Andreas 1915- ugift; Kristian 1918- stasjonsmeister på Ustaoset, gm Anna K. Tærum, Aurland; Gudrun 1923- gm Ole Bjerke, Voss; Peder 1925-1984 byggmeister på Ustaoset, gm Inga Bekkevoll, Flåm; Sigurd 1929- gm Sigrun K. Fossgard.
    Foreldre: Ola Olson Sandåkerøyen (ungkar) og Anne Sveinsdtr. Breiebakko.
    Per Bakko var lokpussar og banevaktar. Han budde på Finse i 1923.
2. Gro Ellingsdtr. BreieBakko Bakko 18.10. 1899-1974
Barn m/Torkjell L. Bråten: Anne 1919-1919 og Lars 1919-1919.
    Barn m/Embrik Olson Mykinghaugen: Arnfinn Nydokk 1925- elektro-ingeniør, busett i Hønefoss, g 1952 m Inga Lisa Hasselqvist 1927- (barn: Njål 1953- ; Are 1957- ; Sture 1960- ). Sonen Arnfinn var mykje interessert i idrett.
    Gro var tenestjente. Ho arbeidde på Sundre hotell m.m. Gro budde saman med mora i ei stugu ved vegen ovanfor Leksvol.
    Foreldre: Elling Hansson Bekkestad (ungkar) og Anne Sveinsdtr. Breiebakko.

Svein og Lukris gifte seg i 1872. Lukris var enkje etter Gunnar Knutson søre Tune, sjå gnr. 124/1.
    Svein og Lukris budde i Hansebråten i 1876. Til Breiebakkane kom dei før 1880. Svein var husmann og dagarbeidar i 1891.