Tangane gnr. 127 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tangane gnr. 127 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Tangane var opphavleg husmannsplass under øvre Breie. Tangane er ei halvøy oppe ved Øynane i vestre enden av Strandafjorden, utanom plassen var her slåttemark til fleire bruk under Breie.
    Ola Mikkelson Underberg kjøpte 1789 både Underberg og plassen Slåttetangen hjå stefaren Ola Knutson Slettemoen. I 1792 vart Tangane selde til Svein Syverson Sundbrei.
    I 1814 vart myljo-Tangane bygsla bort til Arne Syverson. Noko av Tangane har nok kome attende til øvre Breie. Nordre delen av Tangane vart selt 1837 til Torgeir Tangeviken. SlåtteTangane vart frådelt Tangane 1853 og selt til Halvorstølen.
    Ytre spissen av Tangane heiter Tangeodden, og nord-opp for vika ligg bruket Tangeviken. Den gamle stølsvegen over til Sangefjellet og Rødungen gjekk over Tangebrua.
    Det heitte Skahølen om ein høl i den tidlegare elva. Der rodde dei krøter o.a. over før det kom bru.
    Plassen Tangane vart bygsla bort i 1753. Plassen Tangane vart selt 1783 for 240 rd og 3 mark årleg skattehjelp.
    Tangane var noko utsett for flaum. Om våren brukte dei difor å flytte dyra opp til eit lite vårfjøs 150 vest for Tangeviken.
    Areal 1865: 3 1/5 mål dyrka jord, 15 mål utslått. Avling 2 tunner bygg og 1 tunne potet.
    Det har ikkje vore fastbuande på Tangane sidan 1878.
    Ut frå kartet er Tangane er idag delt slik: nordre Tangane bnr. 47, Tangane bnr. 6 (Sveinhaug), Tangane (under Breivik, bnr. 66) og Tangeodden, bnr. 28 (Rotebakkdokken).
    Under bygginga av Holsanlegget i 1950-åra vart Tangane utvida noko mot sør ved oppfylling av tunell-masse mot det som vart avløpskanalen frå kraftstasjonen Hol III.
{6828} År: 1777c
Barbro Knutsdtr. Tangane 07.06. 1744-
Foreldre: Knut Asleson ... Tangane og Kari Kitilsdtr. ... .
Gm Eivind Eirikson Skalle Tangane 10.05. 1748-
Foreldre: Eirik Eivindson Skalle og Gunhild Knutsdtr. Bekkestad.
*Barn
1. Eirik Eivindson Tangane 07.12. 1777-
2. Kari Eivindsdtr. Tangane 20.06. 1779-
3. Eirik Eivindson Tangane Venedokken ...... 1782-1842
G 1814 m Birgit Knutsdtr. Sandåker. Sjå Venedokken, gnr. 127/35 og Perstølen, gnr. 125/2.
Eivind og Barbro gifte seg i 1777. Frå før hadde Barbro barna: Mari 1763- ; Knut 1766- ; Knut 1768- med Kristian Knutson Bekkestad. Barbro vart idømt til 6 rd legemålsbot 1767,- eller ho kunne tene pengane på Akershus tukthus.
    I 1780 bygsla Eivind og Barbro plassen Venedokken hjå Syver Olson Breie. Bror til Eivind, Ola Eirikson, kom til Tangane.
{6829} År: 1780c
Haldis Asgrimsdtr. Breiehagen? Tangane 1749-
Foreldre: Asgrim Ivarson Rue Sveinhaugen og Randi Olsdtr. Breiehagen.
Gm Ivar Eirikson Granhagen Tangane 16.01. 1752-1790f
Foreldre: Eirik Person Tjønndalen Perplassen og Birgit Sevatsdtr. Svillegard.
*Barn
1. Birgit Ivarsdtr. Tangeviken 08.10. 1775-1776
2. Per Ivarson Tangeviken Rue 1777-1862
G 1807 m Birgit Knutsdtr. Sindrol (Hol). Barn: Haldis 1808- gm Syver Olson Gudbrandsgard til Syversrud; Ivar 1811-1841 gm Sigrid Olsdtr. Vesleslåtta; Astrid 1814- gm Ola O. Vestreim, gm Knut Sveinson Nedremyrslåtta; Kari 1816- gm Ola Gullhaug, Valdres; Knut 1821- gm ... ... Hadeland (og flytte dit); Syver 1824-1885 gm Birgit Eiriksdtr. Venedokken; Ola 1827- til Solheimslåtta, gm Jørand Olsdtr. Kvamshaugen.
    Dei kom til Sindrol, men garden vart teken på odel, dei hadde garden frå 1809 til 1818. Dei kjøpte nordre Rue i Hol i 1814. Sonen Syver overtok garden i 1853.
3. Birgit Ivarsdtr. Tangeviken Foss Bruteigen 1780-1864
G 1806 m Ola Ivarson Lybekk Foss-slåtta. Han fraus i hel på fjellet. Barn: Ivar Olson til Nerolseie.
    G 1816 m Eirik Asleson Holto Bruteigen (Klemme Eirik), gnr. 55/9.
4. Birgit Ivarsdtr. Tangeviken 1784-
5. Anne Ivarsdtr. Tangeviken Årset 1787-1869
G 1820 m Kitil Larsson søre Årset - Larseplassen, Hol 1777-1822. Barn: Lars 1822-1912 bunad-skreddar på Feten under Raunsgard, gm Gunhild Knutsdtr. Kaupang (9 barn).
    G 1836 m Ola Torgeirson Årset.
    Anne budde hjå morbror Ola Asgrimson, husmann på Sundbrei i 1801. Etter at Kitil var død, budde Anne på Vestreim ei tid før ho gifte seg med Ola. Han hadde kår på nordre Årset og der vart dei buande.
6. Ivar Ivarson Tangeviken 05.04. 1790-
Ivar hjå morbror Ola som var husmann på Sundbrei i 1801.
Ivar og Haldis budde i Åkreslåtta under Slettemoen frå 1777 til omlag 1783 da dei flytte til Tangane eller Tangeviken. ( Hol III s 117)
    Ivar døydde som husmann i Rotebakken før 1790. Buet fekk åbot for Ivar sitt arbeid med oppsetting av ei bu og bryting av 2 åkrar. (Sum 3 rd) Men buet var 31 rd i underskot. M.a. 5 års leige av plassen Rotebakken til Ola Nilsson.
{6830} År: 1792
Gjertrud Asgrimsdtr. Neståker Tangane 15.02. 1756-1831
Foreldre: Asgrim Ivarson Rue Breiehagen Neståker (Sveinhaug) og Randi Olsdtr. Breiehagen.
Gm Ola Eirikson Skalle Tangane 1745-1803
Foreldre: Eirik Eivindson Skalle og Gunhild Knutsdtr. Bekkestad.
*Barn
1. Asgrim Olson Breiehagen Djupedokken 11.08. 1782-
Asgrim var ute i krigen 1807-14.
2. Birgit Olsdtr. Tangane Reinton 26.12. 1789-1875
G 1813 m Svein Knutson Reinton d.y 1789-1874. Barn: Ola 1816-1873 bonde i nordre Reinton, g 1843 m Gro Olsdtr. nordre Helling (7 barn); Svein 1820- 1910 til Hjalmeplassen i Hol, g 1852 m Birgit Olsdtr. Myreslåtta; Randi 1823-1885 g 1853 m Sevat Anderson Jøtebakken Rudningen, gnr. 120/3; Birgit 1826- gm Lars Embrikson nordre Nestegard Holet; Sissel 1829- gm Eirik Pålson Slåttun Skarset; Asgrim 1834-40.
    Svein og Birgit hadde nordre-nedre Reinton i Hol. (Hol III s 57)
3. Ola Olson Tangane Djupedokken 03.11. 1793-1855
G 1832 m Kari Aslesdtr. Sundrebråten. Sjå Djupedokken, gnr. 127/44.
4. Randi Olsdtr. Tangane ...... 1799-
5. Eirik Olson Tangane Hagajordet 16.06. 1799-
Barn m/enkje Sofie Karlsdtr. Sundre BreieEikro: Embrik 1847- g 1872 m Helge Herleiksdtr. Tunehagen.
    G 1824 m Margit Eiriksdtr. Rotebakkdokken. Sjå BreieHaga-jordet, gnr. 128/1e.
Ola Eirikson overtok som husmann i Tangeviken frå omlag 1792. Før den tid budde dei truleg i Breiehagen.
    Gjertrud Asgrimsdatter døydde i legd på Underberg i 1831.
{6831} År: 1809
Arne Syverson Kleiven Tangane 26.12. 1762-1845
Foreldre: Syver Syverson Lappegard Åkreslåtta Kleiven og 2.g Liv Arnesdtr. Kleiven.
Gm Jørand Olsdtr. Nosseplassen Tangane 13.01. 1765-1842?
Foreldre: Ola Olson ... Nosseplass og ... ... ... .
*Barn
1. Syver Arneson Kleiven 12.02. 1797-1801
2. Guri Arnesdtr. Solheim 07.04. 1799-1801
3. Guri Arnesdtr. Tangane 23.05. 1802-1805
4. Syver Arneson Tangane Teigen 14.01. 1809-
G 1834 m Anne Mikkelsdtr. Holshagen. Barn: Arne 1834-1859.
    G 1837 m Guri Knutsdtr. Øyen (Slettemoen). Barn: Knut 1841-1933 til Branesplassen (Hamarsbøen) g 1866 m Rønnaug Torgeirsdtr. søre Pukerud; Ola 1845-1918 ug. fyritalsmann; Birgit 1849- gm Ola O. nordre Reinton.
    Syver var flink timremann, han bygde husa som står i Teigestugu i Hol. Dei budde på Øyen i Hol frå 1841, og var sidan i Teigen og Urden-eie i Hol.
5. Ola Arneson Tangane Øyen 02.05. 1811-
Gm Guri Knutsdtr. Magnhildøyen, Hol. Barn: Jørand 1842- g 1863 m Pål Eirikson Flåten, Lio i Hol.
Arne og Jørand var på fattigstøtte i Strand/Breie 1816-1836. Dei budde ei tid i Solheimslåtta (Olmedokken) i Hol. I 1801 brann stugu i Solheimslåtta og barna Syver og Guri omkom, tre og fem år gamle. Ungane var aleine heime.
    Då flytte Arne og Jørand til Kleiven og så til Tangane omlag 1809.
    Jørand sitt opphav er ikkje klårt. (Fadderane var: Asle Eivindson Skalle, Ola Amundson Noss; Ola Knutson Noss kvinne., Gunhild Syversdtr. Noss, Ågot Larsdtr. Pletten; Ola Skottebøl, Ågot Reinton, Magnhild Huus; 1802: Svein Sundbrei, Tolleiv Skottebøl, Mikkel .... ; Birgit Reinton, Ingeborg Strand; 1811: Aslak Breie, Ole Breie; Svein Nestegard, Sissel Breie, Birgit 'Koloen'.)
{6832} År: 1840c
Mikkel Olson Breiehagen Venedokken 1797-1878
Foreldre: Ola Nilsson Breiehagen og Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen.
Gm Guri Sveinsdtr. Sundbrei Tangane 11.11. 1798-1878
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Mikkel og Guri gifte seg i 1838. Dei budde på plassen i 1865, Mikkel var husmann med jord.
    Både Guri og Mikkel døydde på Tangane i 1878. Syskena deira arva.