Eikro/Øvre Breie gnr. 127 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Eikro/Øvre Breie gnr. 127 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Breie er nemnt i jordebøkene frå 1577, men utan namn på eigar eller brukar før omlag 1610. Øvre Breie vart skattlagt som halvgard med årleg skatt på 4 skinn, frelse 1 album. Landskyld 12 laupsbol.
    Underbruk. I 1588 står Bekkestad som slottelende etter øvre Breie. I jordeboka for 1600 står Uthus slottelende i Ustedalen oppført etter Øvre Breie, truleg var båe gardane brukt under Breie.
    I dei eldste skattelistene er nemningane øvre og nordre/nedre Breie brukt litt flytande. Det er vanskeleg å skilja folket på gardane sist på 1500-talet. Øvre og nordre Breie er i allefall dei eldste bruka av den opphavlege Breie-garden.
    Då søre Breie kom med i skattelistene i 1641 gjekk nordre (øvre?) Breie ned frå fullgard til halvgard. Og nedre Breie vart nordre Breie.
    Namnet øvre Breie gjekk over til Breie-eikrene eller Eikro fyrst på 1800-talet. (Ei eikre er ein attlagd åker.)
    I matrikkelen 1670 står øvre Breie som halvgard og ei landskyld på 12 laupsbol, av dei 12 hadde Nils Kvinnegard 4 lb.
    Frådelte bruk og plassar: Tangane, gnr. 127/3 (1792);Tangeviken, gnr. 127/30 (1778).
    Areal 1865. Dyrka jord 9 mål, naturleg eng 18 mål, utslått 62 mål. Avling 9 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995. Dyrka jord 25 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 280 mål. 28 vinterfôra sauer.
    Husa er: hallingstugu bygd 1901, påbygd 1978, kårhus omkring 1740, loft 1908 (samansett av ei gamal bu og eit loft frå omkr. 1640), fjøs 1830, låve omkring 1820, badstugu og smie omkring 1830.
    Stølar. Heimstølen Øvrestølen vart fråselt til Reinton i 1869. Langstølen Storestølen vart fråselt til Bekkestad i 1935.
    Frå 1990 har nordre Tunehagen (gnr. 124/5) lege under Eikro.
   

{6842} År: 1781

Tolleiv Syverson Breie 07.06. 1756-1784s
Foreldre: Syver Tolleivson Breie og Birgit Torsdtr. Håheim.
Gm Barbro Torsdtr. Huus Breie 07.06. 1756-
Foreldre: Tor Henrikson Huus og Kari Larsdtr. Hagen (Hol).
*Barn
1. Kari Tolleivsdtr. Breie Randen 10.10. 1779-
G 1809 m Ola Olson Skarsgard. Sjå Randen, gnr. 92/5.
2. Syver Tolleivson Breie 17.06. 1781-1784
Den eldste sonen. Han døydde som liten like etter faren i 1784.
3. Ola Tolleivson Breie 21.03. 1784-

Tolleiv og Barbro gifte seg i 1779. Tolleiv overtok halve øvre Breie hjå mora i 1781. Årleg kår til mora: 2 1/2 tunne bygg, framfødd 2 kyr og 4 sauer samt drotten ferdig og heimkøyrt frå stølen; 4 alen god tovnad; varmt hus og vask og bakst; hest til og frå kyrkje m.m.; 2 pund salt.
    I 1782 hadde det vore innbrot hjå Tolleiv. Han miste m.a. ein grøn, "stemetes" brystduk med tombaks-knappar og saum; og nokre sylv-spenner av den type "som fruentimmerne i Prestgaarden bruger i deris overliv". (1437) s 30
    I 1782 selde Tolleiv 1/2 laupsbol i 'sin eiende halvdel' i øvre Breie til Aslak syverson Breie for 120 rd. (ein åker og engstykke Dalarhaugen og ditto kalla Veslehagen.)
    På skiftet etter Tolleiv i 1784 var det 97 rd å dele på enkja og to barn. Sonen Syver døyde like etter faren. Syver Olson kravde auksjon over garden. Klokkar Qvam kjøpte for 550 rd, men Barbro og den gamle enkja Birgit Breie skulle ha kår. Qvam selde vidare att til Syver Olson Breie.
    Barbro fekk slikt kår i 1785: ei stugu, 1 1 /2 mål åker synst på Langåkeren, Veslestølen og fornøden skog.
    I 1789 vart ho stevna av Syver Olson Breie for ein engeteig. Då garden Breie vart selt på auksjon i 1785, var engeteigen var ein del av kåret hennar Barbro. Barbro vart frifunnen. (1673) s1
    I 1791 selde Barbro og verga Lars O. Bakketeigen kåret hennar for 98 rd til Torstein Syverson Breie. I 1801 var Barbro dagarbeidar på Breie.

{6843} År: 1786


Syver Olson Lofthus Skrattegard på nordre Breie hadde alle tre Breie-gardane etter at han kjøpte øvre Breie på auksjon i 1785.
    Syver selde øvre Breie 1789 til sonen Torstein for 380 rd.
    Sonen Torstein Syverson Skrattegard Breie 'tok frå ein Breie-gard og la til ein annan.' Sjå nordre og øvre Breie.

{6844} År: 1824

Syver Torsteinson Breie BreieEikro 18.09. 1796-1833.
Foreldre: Torstein Syverson Skrattegard Breie og Sissel Halvorsdtr. Nestegard (Hol).
Gm Sofia Karlsdtr. Richter BreieEikro 15.08. 1802-1881
=Sofia Catharina. Foreldre: Karl Peterson Richter og Birgit Bjørnsdtr. Skrindo.
*Barn
1. Birgit Syversdtr. BreieEikro 17.06. 1822-
G 1840 m Svein Syverson Sundbrei Breieeikro. Sjå år 1848.
2. Margit Syversdtr. Breieeikro 02.08. 1825-
3. Sissel Syversdtr. BreieEikro Storestølen 06.10. 1826-1918
G 1853 m Asle Syverson Sundbrei BreieEikro. Sjå år 1860.
4. Gro Syversdtr. BreieEikro Flåten 11.03. 1828-
G 1857 m Holge Knutson Flåten 1832-1864. Barn: Knut 1858- gm ... ... (2 barn); Sophia Maria 1860- g 1888 m John O. Seierstad (frå Sogn) (6 barn); Syver 1863- var gm Betzy Olsdtr. Jørme (1 datter);
    Esther Berthine 1866- . (1499)
    Gro reiste til Am. i 1857: Ettrick, Wisc. Holge var soldat og døydde på sjukehus i Georgia i 1864. Gro var hushalderske, ho kjøpte ein farm for 1 dollar. Ho levde i 1900.
    G 1877 m enkjemann Ola Olson Strand 1831-1898 i Am.
5. Guri Syversdtr. BreieEikro Thune 06.04. 1829-1918
Gm Gunnar Gunnarson Thune 1830-1906. Barn: Syver 1853-ung; Gunnar 1855-1925 forretningsmann i Redwood Falls (Aune & Thune), g 1882 m Anna Brekke frå Kaupanger (4 barn); Syver 1858-1956 gm Sissel Aslesdtr. Strand 1854-1914 (8 barn), g 1920 m Anetta Amli Dahl 1860-1945; Carl 1860-1953 g 1891 m Lisa Klemetson, Tretten (4 barn); Anders 1863-1894; Eivind 1865-1958 g 1890 m Inger E. Tolstad, Valdres 1869-1911 (10 barn); Torstein 1867-1952 g 1905 m Bertha Pederstuen, Hov i Land 1866-1947 (4 barn); Anne 1871-1953 gm Emil Anderson. (4 barn). (1496) (brev frå Joanne Harris)
    Gunnar og Guri reiste til Am. i 1857 og farma i Goodhue Co, MN.
6. Karoline Syversdtr. Breieeikro 12.02. 1831-1831

Syver og Sofia gifte seg i 1824. Dei fekk seks barn.
    Syver gjekk bort i 1836. Fastegodset var: Eikro, Tangane, Storestølen, Veslestølen og Berghovdstølen, nordre del av Tangane og noko av Veslestølen og dessutan plassen til Arne Syverson, den vart fråselt til Torgeir Tangeviken.
    I 1837 selde Sofie plassen Tangane til Torgeir Torgeirson Tangeviken.
    Sofie vart attgift, sjå neste hushald.
   

{6845} År: 1837

Sofia Karlsdtr. Richter BreieEikro 15.08. 1802-1881
=Sofia Catharina. Foreldre: Karl Peterson Richter og Birgit Bjørnsdtr. Skrindo.
Gm Mikkel Sevatson Tune Strand 26.06. 1796-1864
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
*Barn i andre ekteskap
1. Syver Mikkelson BreieEikro Strand 31.08. 1837-1897
G 1866 m Gro Persdtr. Jonset. Sjå Myljo Tune, gnr. 124/8.

Sofie vart attgift 1837 med Mikkel Sevatson. Han var enkjemann etter Mari Olsdtr. Lofthus Fetagarden Strand.
    Etter skylddeling i 1838 fekk Mikkel skøyte på BreieEikro. Også plassen Tangane og ein del av stølen Veslestølen vart skylddelt.
    Mikkel og Sofie vart skilde 1839. Sofie fekk sonen Embrik f. 1847 med Eirik Olson Hagajordet. (NB. Sonen hans Eirik overtok Eikro i 1873!)
    Sofie vart buande på BreieEikro til ho døydde i 1881. Kårstugu på garden heiter enno Sofiestugu.
   

{6846} År: 1848

Birgit Syversdtr. BreieEikro 17.06. 1822-
Foreldre: Syver Torsteinson Breie Breieeikro og Sofia Karlsdtr. Richter (Sundre).
Gm Svein Syverson Sundbrei BreieEikro 08.04. 1820-
Foreldre: Syver Sveinson Sundbrei og Haldis Aslesdtr. Aslegarden Strand.
*Barn
1. Haldis Sveinsdtr. BreieEikro Hogden 26.07. 1842-1871
=Helen. Gm Anders Anderson Hogden 1838-1910. Barn: 5 . Til Am. i 1857: French Creek, Wisc. Ho skreiv seg "Helen" i Amerika.
2. Syver Sveinson BreieEikro 19.07. 1845-1891
Gm Gunda Hoff, Ranch (?) Creek, Wisc. Til Am. 1857:
3. Sissel Sveinsdtr. BreieEikro 21.08. 1849-
Til Am. i 1857: ...
4. Guri Sveinsdtr. BreieEikro 20.08. 1852-1852
5. Guri Sveinsdtr. BreieEikro Sylvester 02.07. 1853-1943
Gm Seaver Sylvester, født i Ulvik. Barn: 9. Busett French Creek, Wisc.
   
    Svein og Birgit sine barn i USA:
    Martin 1857-1945 gm Gunhild Bjørnson (4 barn); Adolph 1861-1939 gm Mary Chestleson (8 barn), gm Ada Olsen Strand; Sever 1864-1930 gm Ella Thompson (13 barn); Ole 1866-1934 gm Helen Thompson (7 barn).

Svein og Birgit gifte seg i 1840. Svein kjøpte Eikro i 1848 hjå svigermora.
    Svein og Birgit selde bruket i 1857 til Eirik Hallgrimson Noss og reiste til Amerika.
    (Sjå slektsboka "Hele Familien" av Evelyn Hoff.)

{6847} År: 1857


Eirik Hallgrimson Noss (Knutsgarden Noss, gnr. 120/1) kjøpte Eikro i 1857. Øvrestølen vart frådelt i 1864 og vart lagt til Reinton.
    Eirik Hallgrimson delte 1869 frå Tangane og Storestølen. I 1872 selde han mykje av skogen som bnr. 2.
    Resten av garden, bnr. 10 og Storestølen, bnr. 8 vart selt til Ola Eirikson i 1873.

{6848} År: 1860c

Sissel Syversdtr. BreieEikro Storestølen 06.10. 1826-1918
Foreldre: Syver Torsteinson Breie Breieeikro og Sofia Karlsdtr. Richter (Sundre).
Gm Asle Syverson Sundbrei BreieEikro 24.04. 1828-1877
Foreldre: Syver Sveinson Sundbrei og Haldis Aslesdtr. søre Strand.
*Barn
1. Haldis Aslesdtr. BreieEikro Vold 08.10. 1853-
G 1883 m Ola Olson Vold frå Lærdal. Barn: ..... . Bustad ?
2. Sissel Aslesdtr. BreieEikro 19.12. 1854-
Gm Syver Gunnarson Tune, Zumbrota 1858-1946. Barn: Gurine (?) 1884- g 1910 m Olaf Ree; Alfred 1885-1977; Elmer ; ... gm Peter Hofstad; Selma 1890-1912; Alma 1893-1918; Stephen 1895-1918.
    Barn: Asle 20.06.1877-7 m/Tolleiv Henrikson Noss som hadde reist til Am.
    Til Am. 1880: Zumbrota, MN.
3. Syver Asleson BreieEikro 11.05. 1857-1864
4. Margit Aslesdtr. BreieEikro 10.06. 1859-1864
5. Syver Asleson BreieEikro Nygard 18.12. 1861-1963
G 1902 m Margit Syversdtr. Tune 1866-1935. Sjå Nygard, gnr. 127/38.
6. Svein Asleson BreieEikro ...... 1864-1864
7. Syver Asleson BreieEikro Rotebakdokken 26.04. 1866-1955
G 1903 m Birgit Eiriksdtr. Venedokken. Sjå Rotebakkdokken, gnr. 127/28.
8. Margit Aslesdtr. BreieEikro Lien 21.10. 1868-1908
G 1907 m Tolleiv Anderson Lien, Skurdalen. Ingen barn vaks opp. Ho døydde i barselseng. (Hol VII s 584)
9. Svein Asleson BreieEikro 05.05. 1872-1873
*Barnebarn
1. Asle Tolleivson Storestøl 20.06. 1877-
Foreldre: Tolleiv Henrikson Noss (ungkar) og Sissel Aslesdtr. BreieEikro.

Asle og Sissel gifte seg i 1853. I FT1865 var Asle Syverson husfar og sjølveigar. Det må vera feil, Eirik Hallgrimson delte opp og selde ut garden både før og etter 1865!
    I 1865 budde også kårfolka Syver Sveinson (79 år) og Sofie Karlsdtr. og sonen Embrik på Eikro.
    Asle måtte gå frå garden 1873. Han held då attende Storestølen ved Rødungen og flytta dit med familien. Her inne var dei vetrebuande i 13 år. Dei hadde tre kyr og okse. Det voks både potet og nepe i gode åringar. Ellers så vart det mykje jakt og fiske.
    Men det vart ikkje skulegonge sidan vegen vart for lang. Sonen Syver fortalde at mora lærde han bokstavane. Det hende at læraren vitja Storestølen og høyrde han i leksene.
    Kring 1886 kom dei til Rotebakkdokken, og etter 1907 til Skurdalen. (929)

{6849} År: 1873

Ola Eirikson Hagajordet BreieEikro 30.12. 1834-1883
Foreldre: Eirik Olson Tangeviken Venedokken Hagajordet og Margit Eiriksdtr. Rotebakkdokken.
Gm Gunhild Sveinsdtr. Bekkestad BreieEikro 10.02. 1844-1907
Foreldre: Svein Torson Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Svein Olson BreieEikro 20.03. 1873-1943
G 1907 m Guri Torsteinsdtr. Breie. Sjå neste hushald.
2. Margit Olsdtr. BreieEikro 24.02. 1875-
Margit var døvstum. Ho fekk undervising ved Lippestad Institutt 1891. Margit døydde ung.

Ola og Gunhild gifte seg i 1871. Ola kjøpte det attverande av Eikro 1873 for 400 spd og kår. Etter ein rekke handlar utgjorde Eikro no omlag 3/5 av den opphavlege garden.
    Frå før hadde Ola dattera Birgit f. 1860 med Birgit Sveinsdtr. Myreslåtta. (Hol III s 445)
    I 1891 var Gunhild enkje, gardbrukar, sjølveigar og rentenist.
    Gunhild dreiv garden fram til sonen Svein overtok kring 1905.