Neståker gnr. 127 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Neståker gnr. 127 bnr. 10a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Neståker eller Lillebreie, kalla Kongsparten i (øvre/nordre) Breie og etterkvart Jakopsgarden. Denne garden låg vest for nordre Breie (Ål IV s 647), eller 'nordned for søre Breie'. (Dølaminne 1927 s 51) (Her er oppgitt bygdaretning og ikkje kompassretning.) Truleg låg Neståker/Jakopsgarden omlag der Breivik og Breie skulehus ligg i dag.
    Neståker er fyrst nemnt som 3 laupsbol jordegods i 1603. Det er uvisst om Neståker var eigen gard på den tida. Neståker vart bygsla av bonden på øvre Breie, som eige skatteobjekt og gard dukkar Neståker fyrst opp i kontribusjon-skattelista 1650.
    I 1660 vart krongodset pantsett til tollforvaltar Daniel Knoff i Drammen. Frå den tid vart landskyldgrunnlaget omrekna frå 3 laupsbol til 1 sau.
    Neståker eller Lillebreie vart skattlagt 1670 som øygard med 3 laupsbol i landskyld. Dessutan var det 1 1/2 laupsbol i ein gardpart kalla 'Bakkegard' (Jakopsgard?), tilsaman 4 1/2 lb.
    I 1696 selde Daniel Knoff m.a. 3 laupsbol gods i Breie til 'monsr. Christian Klæboe.' Og i 1700 selde Klæboe på Vikersund dei 3 laupsbol til Eilev Olson søre Breie. (1051) s 124b
    Jakopsgarden Breie er nemnt frå omlag 1730. Jakopsgarden var 'kongsparten i Breie' dvs. dei 3 laupsbol krongods i Breie, truleg saman med Halvorstølen tilsaman 4 1/2 laupsbol.
    I kyrkjebøkene er Jakopsgarden nemnt fram til konfirmasjonen i 1782, i tingbøkene fram til ein tvist i 1797. Jakopsgarden er ikkje nemnt i FT 1801. (Det står Halvorstølen.)
    Namnet Jakopsgarden kjem av Jakop Breie som er nemnt frå 1655 til 1670. Han gifte seg med enkja etter Ola Eilevson på søre Breie.
    Utpå på 1700-talet vart bruket kalla Gullikplassen eller berre Plassen etter Gullik. Denne nemninga fekk ikkje fullt gjennomslag, i manntalet 1762 står det Breie Neståker.
    Underbruk og plassar. Til Neståker låg Grevsgard, Tangeviken, Halvorstølen og noko av nedre Underberget.
    Stølar. Plasse-stølen (jfr. Gullik-plassen) var i bruk sumaren 1775.
    Garden Neståker gjekk i oppløysing sist på 1700-talet. Halve garden Lille Breie vart makeskifta til nordre Breie i 1773. I makeskiftet frå 1773 er husmannsplassen Neståker rekna som 1 1/2 laupsbol, og halvparten av Lille Breie.
    I 1780 vart resten av Lille Breie, 1 1/2 laupsbol selt til Breiehagen for 410 rd. Dei siste 1 1/2 laupsbol, også kalla 'gardparten Bakkegard,' låg under nordre Breie og er nok Halvorstølen, evt. plassen Kleiven (i fylgje matrikkelen av 1838). Dermed var garden Lille Breie/Neståker oppløyst og borte.
    Minne om denne garden er stadnamna Neståkeren og Neståkerrova på noverande nedre Underberg. (Sjå også Nygard, bnr. 38.)

{6864} År: 1750


Asgrim Ivarson Rue (sjå Sveinhaugen) døydde på Neståker i 1756.