Grevsgard gnr. 127 bnr. 18
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Grevsgard gnr. 127 bnr. 18-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Grevsgard ligg i Sør-Skurdalen, midtlies mellom Pollen og Grevsgardnatten. Grevsgard låg innerst i den gamle Breie-eigna og høyrde til Ål kommune fram til 1960. Opphavleg var Grevsgard ein husmannsplass under Breie. Breie har stølsmarka si i Halldalen og har såleis vore eigar av delar av åsen mellom Ål og Sør-Skurdalen. Men grannegarden Grevsgarddokken låg under Rodegård og har såleis høyrt til Nore kommune så langt ein kan sjå.
    Namnet Grevsgard kan koma av mannsnamnet Greipr. Men det er eit spørsmål om gardsnamnet burde vore skrive 'Grevskard'. I eit skøyte frå 1774 står det 'Pladsen Grevschar eller Grevsgaard'. Namnet er også skrive 'Grevschal'. Namnet 'Grevskard' vil då truleg koma av skardet i Grevsgardnatten ovanfor garden. NB. Det heiter 'Grevskard' om eit skard i Stolsnuten også. Ei tid skal garden ha vore kalla Rasmusplassen eller Torjusgarden. Rasmusplassen er nemnt i ei rettssak i 1763, ein tvist om tømmerhogst mellom Tunhovdbønder og bønder i Ål.
    Det vert fortalt at opphavleg låg Grevsgard der heimstølen Grevsgardstølen ligg. Dvs. rett opp for Grevsgarddokken, ein km vest for noverande tun. Grunnen til at garden vart flytta skal ha vore vanskar med å få moge korn. Og truleg var det vass-knipe i turrbolkar. På heimstølen er det to gamle tufter som skal vera frå gamle garden. Vollen ber preg av slåttevoll, det er heller mykje rydningsrøysar, men ingen åkrereiner. Ein veit ikkje når garden vart flytta til noverande stad, men det er truleg lenge sidan. I 1862 er 'heimstølen til Grevsgard' omtala i utskiftinga.
    Då Dagali kyrkje vart teken i bruk i 1850, vart det det stuttare kyrkjeveg for Grevsgardfolket.
    Rett ovanfor noverande heimstøl ligg Hallingvegen, den gamle stigen mellom Sør-Skurdalen og Tullestølen og Ål. Fram til 1950 brukte dei gå over åsen 4-5 timar kvar veg då dei skulle røyste i vallokalet i Breie. Før vegen kom fram til Grevsgard hadde dei syklar ståande i eit hus borte i skogen ved Bergo. Grevsgard fekk køyreveg med samband til Skurdalen kring 1950. I 1954 vart vegen vidare fram til Tunhovd bygd. Fire år seinare vart garden overført til Nore kommune. Og i 1956 vart det innlagt elektrisk straum.
    Grevsgard vart frådelt nordre Breie i 1849, men var truleg sjølveigarbruk før det. Sjå (929) s 7-8.
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, naturleg eng 21 mål, utslått 20 mål. Avling 1 4/5 tunne bygg. Det heitte at Grevsgard var tungbrukt og frostlendt, og hadde vanskeleg tilkomst. Garden hadde 'fiskeri', og der var hamn og skog til gardsbruk.
    Areal 2002: innmark 30 mål. Utmark 320 mål. Buskap 20 sauer. Det var kyr på garden fram til 1962.
    Frå gamalt var det to stuguhus på garden, den eine er teke ned og det andre skal vølast. Eit gamalt loft er og teke ned for vøling. Uthusa er gamle, men vart ombygde fyrst på 1900-talet. Tidlegare hadde garden heststall, eldhus og smie. Å vera sjølvhjelpt var viktig når ein bur litt avsides. Nytt våningshus kom opp i 1999.
    Ved kjøpekontrakt av 1896 fekk tre bymenn kjøpt Grevsgard sin jaktrett både heime og i fjellet, og fiskeretten i nordre og søre Rotetjern. Dermed vart garden ribba for jakt og fiskerett like før jaktlova kom og sette stopp for slike oppkjøp.
    Stølar: heimstøl Grevsgardstølen var i bruk fram til 1962. Garden har to langstølar oppe ved Rødungen. Den eine er komen frå Grevsgarddokken og heiter Sundshovda, der er det stølshus. Den andre stølen har ligge under Grevsgard frå gamalt, der er husa til nedfalls. Det er traktorveg fram til heimstølen, til langstølane er det stig og ein knapp times gange. Ved utskiftning i 1963 fekk garden utlagt ein bjørkeskogrem inne ved Sundshovda.
    Grevsgard bygde sag i Bjønstrudbekken (bekken or Bjørnsbu-tjernet) saman med Aasen i 1920-åra. Saga var i bruk til utpå 1940-talet. (Både Bjønstrud og Bjønsbu vert brukt. Det siste er vel rettast.)
    Frå gamalt skal det ha også ha vore både sag og kvern i Halldalselva.
    Ved Kongeleg resolusjon i 1961 vart kommunegrensa mellom Ål og Nore regulert slik at Grevsgard vart liggande i Nore kommune. Nytt gards- og bruksnr 115/1 i Nore. (Opplysningar frå Bibbi Aasberg, Kåre Sønsterud, T. K. Loftsgaard, gardsdokument på Grevsgard og ymse plukk.)
   

{6882} År: 1750c

Torjus Jonson Grevsgard 1730c-1800
Foreldre: Jon Torjusson Grevsgard og Birgit Halvorsdtr. ... .
Gm Birgit Larsdtr. ... Grevsgard 1725c-
Foreldre: Lars ... ... .
*Barn
1. Birgit Torjusdtr. Grevsgard 11.08. 1754-1760
2. Margit Torjusdtr. Grevsgard 24.06. 1757-1760
3. Sissel Torjusdtr. Grevsgard 24.06. 1759-1760
4. Birgit Torjusdtr. Grevsgard 03.04. 1762-
Truleg død i 1790-åra.
5. Lars Torjusson Grevsgard Sundbrei 07.10. 1764-1836
G 1787 m Ambjørg Herleiksdtr. Hallen, Dagali. Sjå neste hushald.

Opphavet til kona Birgit Larsdtr. er enno ukjent. (Fadrar ved barnedåpen i 1759 var Ola Anderson Medhus, Ola Anderson Hagen, Eli Aslesdtr. Reinton, Ragnhild Sveinsdtr. Myre, Borghild Knutsdtr. Myre.)
    I juni 1760 gravla Torjus Jonson tre barn på ein gong, Birgit seks år, Margit tre år og Sissel eit år.
    I 1762-manntalet var Torjus Jonson var husmann under Ola Gullikson på Neståker under Breie.
    Torjus må ha fått skøyte på garden. Han fornya eit lån frå 1766 med eit nytt lån i 1769 på 120 rd hjå Ola Larsson Guttormsgarden mot pant i 'pladsen Grevschar'.
    I naudsåret 1774 fekk Torjus utdelt såkorn. Same året selde Torjus garden til ein Halvor Tolleivson Lia og hustru for 220 rd. Den handelen har truleg vorte omgjort. I 1794 selde Torjus Jonson bruket til sonen Lars for 130 rd.
    I 1800 var Torjus 'Larsson' Grevsgard død 80 år gamal. Truleg skulle det stått Torjus 'Jonson'.

{6883} År: 1794

Lars Torjusson Grevsgard Sundbrei 07.10. 1764-1836
Foreldre: Torjus Jonson Grevsgard og Birgit Larsdtr. ... .
Gm Ambjørg Herleiksdtr. Hallen Grevsgard 28.09. 1753-1823
Foreldre: Herleik Vebjørnson Hallen og Kristi Olsdtr. Rennehvammen, Dagali.
*Barn
1. Jon Larsson Grevsgard 1789-1864
G 1816 m Margit Aslesdtr. Kjønås 1791-1841. Sjå neste hushald.
2. Herleik Larsson Sundbrei 1792-
Død før 1837.
3. Birgit Larsdtr. Sundbrei 1793-
Gm Aslak Halvorson 'Juserud i Nes hovedsogn'.

Lars og Ambjørg gifte seg i 1787. Ungane er skrivne 'Sundbrei' ved dåpen.
    I 1794 fekk Lars Torjusson skøyte på Grevsgard for 140 rd. I folketeljinga 1801 var Lars Torjusson Grevsgard husmann med jord under Sundbrei. Det kjem av at Lars bygsla plassen Hollebakken frå Sundbrei. (Oppl. av B. Eikra.)

{6884} År: 1807

Jon Larsson Grevsgard 1789-1864
Foreldre: Lars Torjusson Grevsgard og Ambjørg Herleiksdtr. Hallen (Dagali).
Gm Margit Aslesdtr. Kjønås Grevsgard 17.03. 1769-1841
Foreldre: Asle Knutson Fossgard Kjønås og Mari Sveinsdtr. Raunsgard.
*Barn
1. Herleik Jonson Grevsgard 18.02. 1819-1867
Ug. Skreddar. Herleik var inderst i Grevsgard hjå broren Asle i 1865.
2. Lars Jonson Grevsgard 02.10. 1820-1887
Ug. Lars gjekk i gardsarbeid om sumrane og dreiv garnbinding om vintrane. I 1875 budde han i Bekkjo i Sør-Skurdalen.
3. Asle Jonson Grevsgard 13.10. 1822-1873
Gm Rønnaug Olsdtr. Dal 1821-1882. Sjå neste hushald.
4. Ambjørg Jonsdtr. Grevsgard 19.04. 1825-
Til Nes i 1862. Til Amerika i 1877: Detroit.
5. Mari Jonsdtr. Grevsgard Kitilsplass 04.03. 1827-
Gm Lars Halvorson Kitilsplass 1832- . Barn: Kari 1857-, Halvor 1860- ; Oline 1862-; Jon 1863- .
    I 1864 var Mari tenar i Kr.ania. Utflytt til Krødsherad, sidan Drammen og Kr.ania. Var ho på Rishovd under Ørpen?
6. Birgit Jonsdtr. Grevsgard Lillegaard 29.12. 1828-
Gm Nils Kitilson Lillegard frå Tunhovd. Barn: Jøran ('Karen') 1866-1929 gm Georg Heathcote; Jørgine 1867-1938 farma i Underwood MN, gm Carsten Habberstad; Carl 1872-1945 farma i Underwood MN, gm Gurina Moe.
    Nils og Birgit farma ved Ellsworth, Wisc. kring 1866. (818)
7. Knut Jonson Grevsgard 06.09. 1831-
I 1864 var Knut i Bergen stift. Til Am. i 1872 frå Bergen.
8. Svein Jonson Grevsgard 07.06. 1835-
Ugift. Til Am. 1857: Farmar ved Hillsboro. Sidan til Climas MN. (1047), (1473)
9. Kristi Jonsdtr. Grevsgard Hagen 27.05. 1838-1917
G 1866 m Gregor Larsson Hagen frå Dagali. Barn: Birgit 1867-1940 gm Ola Asleson Tangeviken, sjå 1882 -hushaldet; Barbro 1877-1878; Margit 1877-1877; Sten 1877-1877; Lars 1878-1967 gm Gunhild Halden til Hagen i Dagali.
    Kristi og Gregor hadde Hagen i Dagali. (Nore og Uvdal V s 3186), (818)
10. Vebjørn Jonson Grevsgard 06.10. 1840-
Ukjent lagnad. Til ... i Trysil?

Jon fekk skøyte på Grevsgard hjå faren for 500 rd og kår i 1807.
    Jon og Margit gifte seg i 1816. Jon Larsson var bjørnejeger. Han var ute i krigen 1807-14. Jon Larsson dukka opp 1833 i manntalet for husmenn i Ål, men ut frå dåpsnotisane har familien vore i Grevsgard lenge før den tid, truleg frå 1816.
    Jon Larsson møtte på tinget i 1833 og tok del i tjuverisaka mot Ola Gudbrandson. (Dvs. ein veikhelsa stakkar frå Ål som hausten 1832 hadde rigga seg til i eit krypinn mellom to steinar i utmarka i Halldalen. Han raska og stal det han trong på stølane, to geiter og varer av ymse slag. Det gjekk bra på ein måte til snøen kom, då vart han avslørt. Truleg innsett på Akershus og omtala i boka 'Mitt Liv' av medfangen Gjest Baardsen.)
    Natt til fredag 21. sept. 1832 hadde tjuven kome til Grevsgardstølen. Jon Larsson fortalde at tjuven hadde brote sund hengslene på buadøra hans og teke ymse varer. Borte var 10 kollbytter søtmjølk verdt 80 skilling, rummen av 12 kollbaler og ei kollbytte med søteprim verdt 1 spd 24 skilling. Tjuven hadde også teke to tome spann, men Jon Larsson fråfall erstatning då han såg at tiltalte ikkje hadde noko å betala med. Jon møtte også på vegne av Jon Hansson Borgen. Han hadde mista ei bjelle verdt 12 skilling.
    I oppteikningar etter Olav L. Sandåker fortel Kristi g. Hagen, at Ola, eller 'Halldalsguten' som han vart kalla, hadde kokt prim av noko rumme på Grevsgardstølen. Då vart tjuve-børa hans lettare. I retten fortalte han at det vart god matprim. (Oppl. av Birgit Eikra.)
    Retten derimot var hard mot Ola Gudbrandson. Han fekk to års tukthus-arbeid pluss salær og kostnader på 30 spd. Retten meinte han var forderva av "lediggang og fravær frå Alterens sakramente frå ca 1824." Ola Gudbrandson hengde seg i cella til slutt. (1318) s 18, (1337) s 26

{6885} År: 1855c

Asle Jonson Grevsgard 13.10. 1822-1873
Foreldre: Jon Larsson Grevsgard og Margit Aslesdtr. Kjønås (Dagali).
Gm Rønnaug Olsdtr. Dal Grevsgard 29.08. 1820-1881
Foreldre: Ola Gunvaldson Dal og Anne Sveinsdtr. søre Tune, Hol.
*Barn
1. Margit Aslesdtr. Grevsgard Lysåker 1855c-1925
Gm Henrik Torsteinson HamarsbøMyren Lysåker i Hol 1844-1899. Barn: Asle 1875-1875; Asle 1876-1876; Asle 1877-1878; Barbro 1878- gm Svein Ivarson Torsteinsplassen; Asle 1882-1931 gm Margit Olsdtr. Grostølen (10 barn); Torstein 1887- til Am. i 1910, gm Anna Villand (8 barn); Ola 1890- rydda Flatmo, gm Turid Olsdtr. Grostølen; Jon 1893- ug., til Am. 1911; Lars 1896-1965 ug. (Hol VI s 130)
    Dei budde i Grevsgard fram til 1878, Henrik var skomakar. Dessutan hadde dei nokre dyr. Så var dei på Brattåker til 1883 og så på Lysåker. Margit er ikkje funnen dpt., men var 10 år i FT 1865.
    På sine gamle dagar ville Margit gå frå Lysåker i Kvisla og til Grevsgard. Ho kom aldri fram. Neste sumar fann dei henne død i Halldalen.
2. Jon Asleson Grevsgard Grafsgaard 26.12. 1856-1951
G 1885 m Anna Hansson ....-1912 Barn: Alfred 1887-1933 gm Julia ... ; Randina 1889-1963 gm Ole Hov; Clara 1891- gm ... Groff; Albert 1892-1974 gm Anna ...; Henry 1894-1988; Oscar 1896-1903 gm Elaine ... ; Joseph 1898-1954 gm ... ... ; Selma 1901-1983 gm ... Mellum Loe; Bertha 1902- gm ... Hanson ; Oline 1904-1918.
    Til Am. i 1877: dei farma nær Hatton og sidan ved McHenry, ND. Dei skreiv seg Grafsgaard. Har stor etterslekt i Am. (1496),(1558),(818)
3. Anne Aslesdtr. Grevsgard Underberg 12.01. 1860-1941
G 1901 m Svein Olson Underberg 1862-1945. Barn: Ola 1902-1983 farmar, g 1933 m Ruth Hove (2 barn); Marie 1904- . (818)
    Anne og Svein farma ved Fosston, MN. (818)
4. Kari Aslesdtr. Grevsgard 1865c-1881
I november 1881gjekk Kari seg vill inne på Veståsen. Ho var på heimveg frå Ål. Dei fann henne død neste sumar under ei gran ved foten av Nyset-knippen.
    Det fortelst at Kari hadde vore til Ål på konfirmasjonsførebuing. Men ho var nok alt konfirmert. Det skjedde i Dagali kyrkje i 1878. Jfr. Konfirmasjonsbibelen hennar som er i familien. (1434)
5. Ola Asleson Grevsgard Kvernrud 1868c-1935
G 1894 m Astrid Helgesdtr. Kvernerud, Dagali 1868-1958. Ingen barn. Dei hadde nordre Kvernerud i Vikangrend. (Nore og Uvdal V s 2990)

Asle og Rønnaug kom truleg til Grevsgard kring 1855. Ein finn ikkje dåpen til ungane i Ål. Truleg var dei døypte i Dagali kyrkje. (Bygd 1850.) Asle hadde eit barn med Ambjørg Eivindsdtr. Lia i 1851.
    Under utskiftinga over utmarka til nordre Breie som starta i 1862, var jordskifteretten samla i 'Asle Jonsen hus'.
    Buet etter Rønnaug var 3236 kr. Husdyr: 5 kyr, 5 geiter, 13 sauer. Då Rønnaug var død i 1882, gjekk garden på auksjon og vart selt or slekta. Bror til Asle, Lars Jonson Grevsgard hadde nest høgaste bodet, han var 10 kr under kjøpesummen på 2565 kr.

{6886} År: 1882c

Sander Aslakson Grevsgard 20.01. 1832-1893
Foreldre: Aslak Olson Bekkene, Skurdalen og Borghild Sandersdtr. nordre Slettemoen (Hol). (1553)1912/15
Gm Margit Herleiksdtr. Grevsgard 08.07. 1838-1920
Foreldre: Herleik Gullikson Borgen (Skurdalen) Grevsgarddokken og Kari Halvorsdtr. Grevsgardsdokken.
*Barn
1. Kari Sandersdtr. Grevsgard Veslegard 1859-1943
Gm Steingrim Kristenson Skjervemoen (Nes) øvre Haga i Tunhovd ....-1903. Barn: Margit 1885- gm Ole August Andersen; Kristen 1887- ; Astrid 1890- gm John Meskestad, Sandsvær; Syver 1891- ; Inga Borghild 1896- .
    G 1903 m Knut Knutson Roen (Nes) Veslegard, Tunhovd ....-1925. Barn: Sander 1904- gm Gurine Larsdtr. Fossgard.
    Kari var utdanna lærarinne. I 1879 fekk ho vitnemål for 'avlagt lærerindeprøve av lavere eller anden grad. Hovedkarakter: Meget Godt, Praktisk brukbarhet: Godt'. Kari og Steingrim hadde Grevsgard nokre år utan heimel. Sidan var dei i øvre Haga, og som attgift med Knut kom ho til Veslegard i Tunhovd. Sjå neste hushald.
2. Borghild Sandersdtr. Grevsgard Myhre 1862-
G 1889 m Konrad Julius Myhre, Sandsvær 1851- . Barn: Aslak 1863c- ; Hellik 1866- til Am. i 1886; Ola 1887- ; Karen 1887- gm gullsmed ... Johansen på Nes; Margit 1890- ; Alf Louis 1892- ; Jenny Borghild 1894- ; Dagny 1896- ; Borghild 1898- ; Sander .
    Dei arva Grevsgarddokken. Dei kom til søre Veslegard i Tunhovd før 1900. Konrad var snikkar og gardbrukar. (1553)1912/15
3. Aslak Sanderson Grevsgard 1863c-
Gm Sofie Larsen. Konstabel i Kr.ania.
4. Herleik Sanderson Grevsgard 1866-
Gm ... Huus (Ål). Til Am. 1886.
5. Ola Sanderson Grevsgard 1867-
Til Am. 1886 og gm Julia Tolleivsdtr. Noss 1877-1949. (Dotter til Tolleiv Henrikson Noss og Mari Syversdtr. Gurigutmoen.)
6. Margit Sandersdtr. Grevsgard Hvammen 1869-1953
G 1893 m em Knut Kitilson Hvammen 1857-1935. Barn: Ragnhild 1893-1894; Kitil 1894-1906; Sander 1896-1992 gm Anne Gunnarsdtr. Aasberg; Gunnar 1899-1958 gm Guro Larsdtr. Rogne, Voss; Ragnhild Marie 1901-1990 g 1952 m Einar Ness; Paul 1904-1948 gm Guri Klevgård, Valdres.
    Margit og Knut hadde nedre Hvammen i Dagali.
7. Gunhild Sandersdtr. Grevsgard Rotegård 1873-1911
G 1896 m Einar Lasseson Ankerplass Rotegård. Barn: Ingebjørg 1874- til Amerika i 1890-åra; Astrid 1877- til Amerika i 1890-åra; Gullik 1881- sjømann. Sjå 1903-hushaldet og Rotegård.
8. Ingebjørg Sandersdtr. Grevsgard Henriksen 1874-
Gm ... Henriksen. Til Amerika i 1890-åra.
9. Astrid Sandersdtr. Grevsgard Henriksen 1877-
Gm ... Andersen, gm ... Henriksen. Til Amerika i 1890-åra.
10. Gullik Sanderson Grevsgard 1881-
Sjømann. Ukjend lagnad.

Sander og Margit gifte seg i 1859.
    I 1882 vart Grevsgard selt på auksjon til eigaren av Grevsgarddokken, Sander Aslakson. Pris 2565 kr.
    Det var auksjon etter Rønnaug Olsdtr. Grevsgard og prisen vart 2565 kr. Nest høgaste bod hadde Lars Jonson Grevsgard, han var 10 kr under. Sander og Margit hadde også Grevsgarddokken, iallefall frå 1875. Dei hadde båe eigedomane, og har truleg brukt båe skiftesvis.
    Om jentene i Grevsgard vart fortalt at dei var friske og sterke. Dei var med på all slags arbeid, lafting eller forkøyring frå fjellet. (Mehlum.)
    Margit sat nok trongt i det som enkje frå 1893. Med hjelp av ungane dreiv ho garden. I 1896 selde ho all jaktrett heime og i fjellet og fiskeretten i nordre og søre Rotetjern til advokat I. Nilsen, marinekaptein Kr. Fougner og bryggerieier Joh. Rief for 1000 kr. I tillegg fekk jegerane rett til å setja opp jakt- og fiske-hytte. Fram til hytta kom opp skulle jegerane få bruke stølsbua i jakta for kr. 5 pr år. Jegerane sette opp ei stor hytte på Sundshovda. Så slapp bonden å buføre når rypejakta starta.
    To av døtrene overtok Grevsgard etter kvarandre, men ingen vart sitjande med garden.