Halvorstølen gnr. 127 bnr. 19
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Halvorstølen gnr. 127 bnr. 19-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Halvorstølen er eit småbruk som vart frådelt søre Breie i 1767. Før den tid var bruket heimstøl under same gard.
    Namnet kjem truleg av Halvor som var bonde på søre Breie frå omlag 1720. Halvorstølen vart kalla Jakopsgarden Breie eller Kongsparten frå gamalt. Sjå Neståker og søre Breie, år 1655.
    Halvorstølen ligg i heimrasta vest for Breie.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 18 mål, utslått 28 mål. Avling 9 tunner bygg 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog ca. 500 mål, anna utmark ca. 50 mål. 33 vinterfôra sauer.
    Husa. Hallingstugu, stabbur og loft bygde kring 1800, låve med fjøs, flytta og bygd om, reidskapshus 1992.
    Stølar. Langstøl på Fekjastølen. Bleikemyrstølen vart nemnt 1782.
   

{6894} År: 1767

Knut Halvorson Breie Halvorstølen 1722-1784s
Foreldre: Halvor Eilevson søre Breie og Guri Knutsdtr. Breiehagen.
Gm Ingeborg Holgesdtr. Vangen Breie 1733-1763c
Foreldre: Holge Syverson Rime Vangen og Ambjørg Olsdtr. nedre Sundre.
Gm Birgit Arnesdtr. Kleiven Halvorstølen 1729-1800
Foreldre: Arne Syverson Slettemoen (Hol) Kleiven og Guri Olsdtr. Breie.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen Opheimsjorde 24.06. 1765-
G 1817 m enkjemann Ola Person Opheimsjorde. Sjå Huserjorde, gnr. 22/71.
2. Halvor Knutson Breie Jakopsgarden 15.02. 1767-1819
G 1800 m Birgit Mikkelsdtr. Underberg. Sjå neste hushald.
3. Arne Knutson Breie Jakopsgarden 05.02. 1768-
Arne vart nemnt i skiftet etter broren i 1819. Ukjent lagnad.

Knut og Ingeborg gifte seg i 1761. Ingen barn. Knut vart attgift 1764 med Birgit Arnesdtr.
    Torsdag før Mikkelsmess 1763 brann garden med hus og avling. Knut kom på vinter-tinget og fekk grannane til å prove at han og familien var "gerådne udi beklagelige og Fattige Omstendigheter". (1288)
    Brannen førte til at han miste både avlinga og husa på hans 'eiende og beboende andel' av søre Breie. Ein ser ikkje at Knut fekk kontrakt på nokon del av garden før i 1767.
    Då kjøpte Knut 4 laupsbol gods hjå broren Ola: kongsparten i Breie, åkeren Langåkermålet med omliggande skog og engeland, heimstølen Halvorstølen og Fekjastølen. Pris: 400 rd. (1194) s 179
    Han lånte 200 rd i 1768 mot pant i sine 4 laupsbol i søre Breie.
    Knut selde frå 2 laupsbol og fekk att slåttelendet Halvorstølen hjå Torstein Syverson Breie og budde der. Knut vart kalla Halvorstølen eller Jakopsgard.
    Det var skifte etter Knut 1784. Buet var 97 rd til deling på enkja og tre barn.

{6895} År: 1795

Halvor Knutson Breie Jakopsgarden 15.02. 1767-1819
Foreldre: Knut Halvorson Breie Halvorstølen og Birgit Arnesdtr. Kleiven.
Gm Birgit Mikkelsdtr. Underberget Halvorstølen 02.02. 1767-1816
Foreldre: Mikkel Olson Rue Underberget og Ågot Larsdtr. Åker, Hol.
*Barn
1. Knut Halvorson Halvorstølen Jakopsgarden 31.08. 1801-1889
G 1823 m Anne Levorsdtr. Huus. G 1862 m Ågot Sveinsdtr. Bekkestad. Sjå neste hushald.
2. Birgit Halvorsdtr. Halvorstølen TufteLien 09.09. 1804-1886
G 1828 m Syver Olson SjugurdHaugen - Guristølen (Raunsgard, Hol) til Tuftelien i Uvdal. Barn: Birgit 1829-1900 gm em Ola Larsson Dokken Tufto, gm Nils Halvorson Dokken (Nes), busett i Uvdal; Ola Syverson 1835-1918 gullsmed/bonde på Tuftelien, gm Gunhild K. Bakke, Uvdal til Hol; ... .
    Til nedre Sveinunggard i 1843. Til Am.? (1300) s 1120 , Hol VI s 506, VII s 356, Hol VII s 593
3. Mikkel Halvorson Halvorstølen Breieeie 19.10. 1806-1885
Gm Ragnhild Helgesdtr. Øyen eller MyreHagen frå Hol f. 1830. Sjå Breiebakkane, gnr. 127/1b. Til Amerika i 1877.
4. Ola Halvorson Halvorstølen Tangeviken 16.10. 1809-1900
G 1839 m Åse Olsdtr. Hjalmeplass Foss. Sjå neste hushald.
5. Ågot Halvorsdtr. Halvorstølen Granlien 02.09. 1812-
G 1851 m em Helge Eirikson Skaro, Hol. Sjå nedre Granlien, gnr. 11/2. Sidan til Am.

Halvor og Birgit gifte seg i 1800. Halvor vart konfirmert 1782 som Jakopsgard.
    Halvor vart stevna av Torgeir Tangeviken 1789 vedrørande ein tømmerhandel. Torgeir fekk tømmeret, men så vart det tek arrest i timmeret. (1673)5
    I 1797 var det tvist mellom Halvor og Syver Breie vedrørande Jakopsgarden Breie ("Kongsparten kaldet"). Saka enda med slikt forlik i 1797: Halvor og Torstein Breie skulle ha hamn og bubeite i Halldalen etter sine laupsbol-tal. Og ingen av dei skulle 'ta inn' husmenn på beite. (1407) s 17
    I 1804 kjøpte Halvor (Haga)Øyen (1/4 laupsbol) for 99 rd hjå Ola Nilsson Breiehagen.
    Buet etter Birgit var på 351 spd. Det var naud på Halvorstølen då Halvor gjekk bort i 1819. Han hadde vore sengeliggande i lengre tid. Familien fekk 9 settung korn i 1819. (777)
    Buet etter Halvor var likevel på 283 spd. Ola Mikkelson Slettemoen vart utpeikt som verge for ungane, men grunna høg alder m.m. såg han seg ikkje istand til å vera formyndar for 'fire uoppdragne børn.' (Knut var nok ute i tenest.)

{6896} År: 1819

Knut Halvorson Halvorstølen 31.08. 1801-1889
Foreldre: Halvor Knutson Halvorstølen og Birgit Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Anne Levorsdtr. Huus Halvorstølen 30.10. 1796-1860
Foreldre: Levor Torson nordre Huus og Ingeborg Knutsdtr. Tolleivsgarden Noss.
Gm Ågot Sveinsdtr. Bekkestad Halvorstølen 22.02. 1834-1916
Foreldre: Svein Torson Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.

Knut og Anne gifte seg i 1823. Ingen barn. Knut vart attgift 1862 med Ågot Sveinsdtr. Ingen barn. Knut var omgangskulelærar.
    Knut overtok Halvorstølen etter foreldra i 1819.
    I 1853 kjøpte Knut SlåtteTangane frå Tangane og la det til Halvorstølen.
    Gunhild Sveinsdotter var tenestjente hjå Anne i 1865. 10 år seinare budde Knut og Anne aleine.
    I 1891 budde desse i Halvorstølen: Anne, som var gardbrukar, systerdottera hennar som heitte Guri Olsdtr. Medhus, ho dreiv husarbeid, og eit barnebarn hennar, Anne Tomasdtr. f. 1885.
    Ågot Sveinsdotter selde Halvorstølen til Ola og Ragnhild i 1904. Ola og Ragnhild budde i Halvorstølen i 1900.