Syversteigen gnr. 127 bnr. 31
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Syversteigen gnr. 127 bnr. 31-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Syversteigen eller Teigen var husmannsplass under søre Breie. I skriftlege kjelder er namnet stundom skrive 'Breie-eie'. Den fyrste rydningsmannen heitte nok Syver. Truleg har bruket vorte rydda fyrst på 1800-talet. (Syversteigen er ikkje nemnt i FT 1801.)
    Syversteigen vart truleg sjølveigarbruk kring 1900.
    I 1865 fødde dei 2 kyr, 6 sauer og 3 geiter på bruket. Dei sådde 3/4 tunne bygg og 1 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 7 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 130 mål, anna utmark 230 mål. Buskap: 10-15 vinterfôra sauer til 1992.
    Hallingstugu bygd omkring 1730 (kome frå Strand kring 1890), restaurert 1966, kårhus og låve frå omlag 1830, stabbur og fjøs omkring 1840.
{6952} År: 1850c
Ola Halvorson Halvorstølen Tangeviken 16.10. 1809-1900
Foreldre: Halvor Knutson Halvorstølen og Birgit Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Åse Olsdtr. Sveinunggard Granlien 03.11. 1814-1896
Foreldre: Ola Eivindson Sveinunggard og Gunhild Johannesdtr. Sindrol. (Hol VII s 590.)
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Eivindsplass Bakken 20.12. 1842-
Barn: Birgit 1868- m Per Olson Tørjushuset under Imingen. ( Ho levde i 1875 ).
    Gm Svein Knutson Nørstedokken Bakken i Uvdal 1848- . Barn: Knut 1871-... ; Guro 1873-.... ; Ola 1876-...; Åsa 1879- ; Halvor 1883- ; Anne Beate 1885- . (1300) s 931
    Birgit og Svein budde på plassane Bakken, Flåta-eie og Brandsgard i Uvdal fram til omlag 1879. Reiste til Am. i 1885. (1224) s 139, (1040) s 100
2. Birgit Olsdtr. Eivindsplass Tangeviken 10.01. 1846-1925
G 1868 m Asle Olson Djupedokken Tangeviken, gnr. 127/30.
3. Halvor Olson SyversTeigen 12.05. 1852-1929
G 1879 m Kari Knutsdtr. Tunehagen. Sjå neste hushald.
Ola og Åse gifte seg i 1839. Dei budde fyrst på Eivindsplassen i Hol. Ola og Åse kom til 'Breie-eie' omkring 1850. (Hol III s 606 og VII s 577)
{6953} År: 1890c
Halvor Olson SyversTeigen 12.05. 1852-1929
Foreldre: Ola Halvorson Halvorstølen Syversteigen og Åse Olsdtr. Hjalmeplass.
Gm Kari Knutsdtr. Tunehago Teigen 14.12. 1851-1935
Foreldre: Knut Sveinson Reinton Haugerud og Anne Torsdtr. Strand.
*Barn
1. Åse Halvorsdtr. Teigen Fredriksen 14.04. 1879-1958
Gm Johan Fredriksen, Sverige 1879-1905(?). Barn: Halvard Fritjov 1905-1940 henretta av tyskerane i Vardal ved Gjøvik; Emil 1902-1991 gardbrukar i Ramnes, gm Anette Hansen (3 døtre).
    Johan og Åse budde i Ramnes i Vestfold. Johan var sjømann,- han vart borte. Åse budde hjå sonen Emil dei siste åra.
2. Ola Halvorson SyversTeigen 26.01. 1881-
Ugift. Til Am. 1899: ... . Han døydde tidleg i Canada.
3. Anne Halvorsdtr. Teigen Antonsen 26.09. 1882-1963
G 1908 m Julius Sigvart Antonson frå Vestre Toten. Barn: Anton 1908-1978 handelsstyrar og forretningsmann fleire stader, g 1935 m Olga Gynnild (1 barn).
    Julius var jernbane arbeidar, busett i Ål i 1908, sidan i Soknedal i Sør Trøndelag.
4. Knut Halvorson SyversTeigen 08.08. 1884-
Ugift. Til Am. : ... . Han døydde tidleg.
5. Ågot Halvorsdtr. Teigen Vangen 08.12. 1886-1970
Barn m/Halvor Knausen: Sigrid 1907-2003, sjå barnebarn.
    G 1909 m Ola Larsson Vangen, sjå Helgeplass, gnr. 119/5.
6. Halvor Halvorson Teigen 23.03. 1889-1969
Ugift. Sjå neste hushald.
7. Birgit Halvorsdtr. Teigen Strendo 03.10. 1892-1978
G 1914 m Knut Oleivson Strendo, gnr. 21/31.
*Barnebarn
1. Sigrid Halvorsdtr. Teigen Råen 15.01. 1907-2003
G 1928 m Eilev Anderson Råen Noss på nordre Rudningen, gnr. 120/3.
    Foreldre: Halvor Olson Knausen (ungkar) og Ågot Halvorsdtr. SyversTeigen.
Halvor og Kari gifte seg i 1879. Dei fekk tre barn i Ål, - resten i Amerika. (Hol III s 62)
    I 1900 var Halvor sjølveigar, utanom bruket dreiv han ymse handverk. (Slektsopplysningar frå 'Slektshefte' av Ole Sigbjørn Vangen.)