Venedokken gnr. 127 bnr. 35
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Venedokken gnr. 127 bnr. 35-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Venedokken var husmannsplass under nordre Breie frå 1780. Venedokken vart sjølveigarbruk i 1901.
    Venedokken grensar mot Djupedokken i aust og Rotebakkdokken i vest.
    I 1865 fødde dei 2 kyr og 6 sauer og 7 geiter. Dei sådde 3/4 tunne bygg og 1 1/4 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 9 mål og 17 mål gjødsla beite som vert leigd bort, produktiv skog 99 mål, anna utmark 946 mål. Buskap 11 vinterfôra sauer til 1988.
    Våningshus bygt 1980, hallingstugu 1929, låve med fjøs 1904, gamalt stolphus.

{6959} År: 1780

Eivind Eirikson Bekkestad Tangeviken 10.05. 1748-
G 1777 m Barbro Knutsdtr. Tangeviken. Foreldre: Eirik Eivindson Skalle og Gunhild Knutsdtr. Bekkestad.

I 1780 bygsla Eivind Eirikson og Barbo Knutsdatter plassen Venedokken hjå Syver Olson Breie for 3 rd årleg. I skogen var bruksrett til vedlikehald av plassen samt 'forbeete til kreaturer'. Vestpå åsen var slåtterett i ei myr. I Strandafjorden kunne dei fiske med 4 garn. Ungane fekk rett til å overta bygsla. (1206) s 35
    Sjå meir om Eivind Eirikson og Barbo Knutsdatter under Tangeviken, gnr. 127/30.

{6960} År: 1816

Eirik Eivindson Tangeviken Venedokken ...... 1782-1842
Foreldre: Eivind Eirikson Bekkestad Tangeviken og Barbro Knutsdtr. Tangane.
Gm Birgit Knutsdtr. Sandåker Venedokken 1789-
Foreldre: Knut Nilsson Sandåker og Haldis Halvorsdtr. Halvorsgard Strand.
*Barn
1. Eivind Eirikson Venedokken 08.06. 1814-1892
Gm Astrid Kyllesdal, Uvdal. Barn: Lars 1853-1931 hadde Skogen ved Rødberg, gm Inger Marie Dahle (10 barn); Halvor ....- hadde Nygard, til Am., gm Bertha Lovise Paulsdtr. ... , Møre (9 barn)(mange handelskarar fann dei seg koner på Vestlandet); Birgit ....- ; Ingebjørg ....- ; Eirik ....- gm Gunhild ..., farma ved Northwood, ND (5 barn).
    G 1862 m Marte Olsdtr Bakkejordet. Barn: Reier 1862- til Am. 1884, g 1890 m "syster til Ole Hermanson"; Ole ....- budde i Divide Co. i 1930; Astrid 1865- til Am., g 1890 m Ole Petterson Lysthus; Birgit 1866- til Am., g 1889 m Lars Nilsson Lysthus; Mari ....- gm H. Kjernhus; Knut ....- ; Even ....- . (1415) s 1548,(1496)
    Eivind reiste til Uvdal 18 år gamal. Busett på Bakkejordet i Numedal i 1870, sidan på ein plass under Tandberg.
2. Haldis Eiriksdtr. Venedokken Arnegard 23.03. 1818-1880
G 1841 m Torjus Olson Grøtjord-eie Knapphaug i Uvdal 1816-1889. Barn: Tønni 1848- til Am., gm Julius Jørgensen Kjelle, Sem (10 barn); Birgit 1853- til Am., g 1871 m Peder Gulliksen Husebøbråten (10 barn); Ola 1855-1936 til Am., g 1881 m Ingeborg Halvorsdtr. Luksenfjell, Skien (6 barn). (935 s 2463) (1273) (1224) s 286
    Dei budde på ein plass under Fønnebø i Uvdal kring 1848. Kjøpte Arnegard i Nore i 1855 og reiste til Am. i 1880: Mitchell SD.
3. Barbro Eiriksdtr. Venedokken Hagen 08.08. 1820-
G 1856 m Ola Mikkelson HolsHagen Perstølen. Barn: Mikkel 1856- .
    Til Amerika omlag 1860: Mitchell, SD.
4. Knut Eirikson Venedokken Perplassen 13.01. 1822-1900
Ugift. Knut overtok Perstølen. Han selde Perstølen for 1600 kr i 1878. Knut flutte då inn i eit uthus som han hadde flytt nordpå jordet. Her budde Knut dei siste åra, og inne hjå seg hadde han geitene.
5. Eirik Eirikson Venedokken 25.02. 1824-1898
Gm Anne Ivarsdtr. Flatåker. Sjå neste hushald.
6. Kari Eiriksdtr. Venedokken Reiersen 06.11. 1826-1907
Gm Reiar Eirikson Nørstebø-eige Viersjorden i Uvdal. Barn: Eirik 1848- til Vestlandet, eit barn m/Guro Anfinnsdtr. ... , gm Anna Louise ... (2 barn); Reiar 1850-1934 til Am. 1872, gm Gunhild Berg, Telemark (5 barn); Jon 1852-1937 forretnings-mann i Am., gm Turi Iverson (11 barn); Birgit 1854-1940 til Am 1877, gm Hans Brynjulvson (9 barn); Hans 1857-1936 gm Betsy Mickelson (9 barn) til Am.; Ola 1859-1929 til Am., gm Ingrid/Belle Iverson (3 barn); Kristi 1861-1944 gm Peter Rue (4 barn); Guri 1863-1956 gm Andrew G. Noid (6 barn); Marie 1866-1895 gm Olof Ødegaard (6 barn); Kari 1868-1928 gm Olof Ødegaard (6 barn); Tore 1871-1950 gm Anna Kjalmer (2 barn). (1134) (1496)
    Dei skreiv seg Reiersen. Dei budde på Hardangervidda omlag 10 år. Tanken var å få odel til ein fjellstrekning etter 20 år, men dei gav opp og flytte ned i bygda att.
    Så budde dei på fleire plassar i Uvdal. Familien reiste til Am. etter 1875. (1224) s 179
7. Birgit Eiriksdtr. Venedokken Ruud 16.02. 1828-1918
G 1854 m Syver Person Rue. Barn: Birgit 1855- gm Ola Helgeson Rue; Birgit 1857- gm Ola K. Uthus; Per 1860- til Am.; Eirik 1862- ; Ola 1864- til Am. ; Kari 1867- til Am. ; Haldis 1869- til Am. ; Knut 1872- til Am.
    Birgit og Syver reiste til Am. i 1877. Dei brukte namnet "Ruud".
8. Mari Eiriksdtr. Venedokken 19.10. 1829-1830
9. Mari Eiriksdtr. Venedokken Dokken 21.02. 1831-
Barn: Birgit 1856- m/prestesonen Vilhelm Kjelstrup, sjå barnebarn.
    G 1864 m enkjemann Ola Torkjellson Halland 1812-1880. Barn: Torkjell 1865-1867; Torkjell 1867- ugift, til Amerika; Eirik 1868-1958 bonde i Dokken, gm Dordei Larsdtr. Nygard, Skurdalen (1 barn); Gunhild 1871-1921 ugift; Marie 1876- gm Jens Dammen, Ask.
    Ola og Mari hadde Dokken i Skurdalen. (Hol VII s 564)
10. Ola Eirikson Venedokken 10.07. 1834-1870
Ugift. Ola var ein kjempekar, målt til 7 fot og 4 tommar høg, dvs. omlag 220 cm. (Hol III s 445)
    Han tente hjå lensmann Hamarsbøen i Hol. Det vart fortalt at Ola kunne dra inn eit forlass når hesten ikkje fekk det opp låvebrua.
*Barnebarn
1. Birgit Vilhelmsdtr. Venedokken Dokken 1856-
Gm Helge Olson Mjølkedokken. Til Am. i 1879.
    Foreldre: prestesonen Vilhelm Kjelstrup (Gol) og Mari Eiriksdtr. Venedokken.

Eirik og Birgit gifte seg i 1814. Eirik var ute i krigen 1807-14.
    Eirik bygsla Venedokken i 1816. Han kjøpte Persplassen (Perstølen) i 1829.
    På tinget i 1832: Ein Svein Sveinson var innom på stølen Gildredalen 18. oktober då han skulle hente seg mose i stølsmarka. Då stølsjentene kom att med bølingen om kvelden var det stole prim. Neste dag la Eirik Venedokken og Svein ut på leiting etter syndaren, det var sporsnø, og dei fylgde spor til dei fann Ola Gudbrandson, den såkalla Halldalsguten. Han hadde bygd seg ei hytte av vindfall og mose mellom to store steinar. Der var primosten og ymse anna tjuvegods. Sjå meir om Ola Gudbrandson Torpebråten, gnr. 7/7 år 1807 og under Grevsgard, gnr. 127/18.
    Eirik var ein kjempekar, men likte ikkje å slost. Ein gong kom han ut for nokre alkefantar i eit bryllaup, dei ville terge han opp. Og det greidde dei etterkvart, men dei var mange, så fekk han sju knivstikk. Eirik vart sengeliggande og døydde til sist. (1496)
    Sonen Knut overtok Perstølen på skiftet etter Eirik.

{6961} År: 1860

Eirik Eirikson Venedokken 25.02. 1824-1898
Foreldre: Eirik Eivindson Tangeviken Venedokken og Birgit Knutsdtr. Sandåker.
Gm Anne Ivarsdtr. Flatåker Venedokken 25.09. 1832-1900
Foreldre: Ivar Knutson Aslegard - Flatåker og Ragnhild Ellingsdtr. Foss, Skurdalen.
*Barn
1. Eirik Eirikson Venedokken 30.08. 1863-1921
G 1904 m Kari Sveinsdtr. Kyrudalen. Sjå neste hushald.
2. Ivar Eirikson Venedokken 14.01. 1866-1940
G 1900 m Kari Kristiansdtr. Lie frå Nes 1877-1970. Barn: Anne 1901- g 1926 m Eirik Engene, Gol; Eirik 1904- til Canada, ug. byggmeister; Kristian 1907- ug. skogsarbeidar; Borghild 1909- g 1932 m Ragnvald O. Bråten, Nes (3 barn); Ola 1910- farmar i Canada, gm Lillie K. Salem (3 barn); Ragnhild 1913- g 1941 m Ola Toreson Hoftun, Gol (2 barn); Ingvar 1915- sportsforretning på Gol, g 1940 m Birgit Guttormsdtr Tolpinrud, Nes; Svein 1917- bonde, gm Ingeborg Tolleivsdtr. Grimsgard, Nes (3 barn); Klara 1920- g 1950 m Olaf Olson Nordhagen, Nes (2 barn).
    Ivar og Kari budde fyrst i Hølgjistugu på Nordre Li i Nes. Han dreiv fyrst driftehandel. Kjøpte Li i Nes i 1899. Så kjøpte dei garden Thoen i Nes. (993 s 159)
3. Elling Eirikson Venedokken 22.08. 1868-1950
Gm Barbro Olsdtr. Bråten, Gol 1873-1964. Barn: Erland 1903-1947 gm Rønnaug C. Bråten (1 barn); Anna 1904- sydame, gm Arthur Andersen, gm Sigurd Hansen, busett i Larvik; Olaf 1908- entreprenør i Canada; Borghild 1910- gm Olaf Olson Myro; Ragnhild 1912- sydame, gm Alf Chr. Knutsen (1 barn); Ingvar 1916-1950 ug. snikkar, budde heime.
    Elling budde på Haugajordet i Nes, var krøterhandlar og handelsmann. (Nes I s 561)
4. Ragnhild Eiriksdtr. Venedokken Nørstedokken 24.04. 1871-
G 1900 m Embrik Anderson Lien, Numedal. Barn: Anders 1901- ugift, dreiv Nørstedokken; Eirik 1903- ugift; Knut ....- vart borte og omkom på stølen Tuva 2 år gamal; Kristian 1908- ugift, reinsgjætar og snikkar; Birgit 1910- gm Lars Haugen ..... ; Anne 1912- ; Haldis 1915-1992 gm Ola Olson Satslåtten Eikro, gnr. 111/4.
    Embrik og Ranghild hadde bruket Nørstedokken i Sør-Skurdalen, Nore.
5. Birgit Eiriksdtr. Venedokken Rotebakkdokken 22.02. 1874-1965
G 1903 m Syver Asleson BreieEikro Rotebakkdokken, gnr. 127/28.
6. Anne Eiriksdtr. Venedokken Arnelien 10.06. 1906-
G 1923 m Olaf Kristianson Arnelien 1887-.... . Barn: Clarence 1924- gm ... ; Alfred 1925- gm ... ; Bernice 1927- gm ... ; Lloyd 1929- gm ... ; Allan 1931- gm ... ; Stanley 1941- ; Kenneth 1943- ; Larrey 1946- ; Gloria 1949- .
    Anne budde fyrst på Bergo i Skurdalen. Saman med 8 sysken til Alta i Canada i 1929. (Hallingen des. 1964 s 26)

Eirik og Anne gifte seg i 1863. Eirik bygsla Venedokken i 1860.