Djupedokken gnr. 127 bnr. 44
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Djupedokken gnr. 127 bnr. 44-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Djupedokken var husmannsplass under nedre Underberget fram til 1909. Djupedokken grensar mot Underberget i sør og mot Venedokken i vest.
    Opphavleg tun låg litt vest for noverande, flyttinga skjedde kring 1915. Tuftidn heiter den gamle tunstaden.
    I 1865 fødde dei 2 kyr, 4 sauer og 9 geiter. Utsæd 1/2 tunne bygg og 1 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 8 mål, anna areal 17 mål, produktiv skog 86 mål, anna utmark 50 mål. Leigd jord 15 mål og beite 17 mål. Buskap 50 vinterfôra sauer.
    Husa er hallingstugu påbygd 1948, stolphus påbygd 1955, driftsbygning 1915, modernisert kring 1995 og reidskapshus 1990.
    Kleivstølen vert no brukt under Djupedokken.
   

{6967} År: 1839

Ola Olson Tangane Djupedokken 03.11. 1793-1855
Foreldre: Ola Eirikson Skalle Tangeviken og Gjertrud Asgrimsdtr. Neståker.
Gm Kari Aslesdtr. Bomberud Djupedokken 07.10. 1804-1877
Foreldre: Asle Gunvaldson Sundrebråten Bomberud og Margit Sveinsdtr. Noss Gunhildgard.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Djupedokken 17.09. 1833-
Barn m/enkjemann Ola Olson Reistad, Sigdal: Ola 1855-
    I 1865 var Margit i tenest på Hovland på Modum. I 1869 fekk ho utflytting-attest: 'Til Modum for å gifte seg.'
    Gm ... ... ... .
2. Ola Olson Djupedokken 20.02. 1835-1917
G 1873 m Birgit Sveinsdtr. Bekkestad. Sjå neste hushald.
3. Asle Olson Djupedokken Tangeviken 31.12. 1837-1921
G 1868 m Birgit Olsdtr. Eivindsplass, Skurdalen. Sjå Tangeviken, gnr. 127/30.
4. Asgrim Olson Djupedokken 17.04. 1840-1909
Ugift. Sjå Hagajordet, gnr. 128/1e.
5. Guri Olsdtr. Djupedokken 05.04. 1842-
Gm ... ... , Hurum.

Ola og Kari gifte seg i 1832. Ola bygsla plassen Djupedokken i 1839. Årleg avgift var slått av ein dalarsteig, skurd av 6 mål åker og ymse arbeid hjå bonden etter nærare føresegn.
    Vart husmannen ufør så skulle arbeidet erstattast med 4 spd årleg. Med plassen høyrde også fiskerett for 2 garn i Strandafjorden. Utført arbeid og påkostnad på hus og jordveg skulle erstattast av bonden.
    Ola vart sjuk og gjekk bort i 1855. Kari sat framleis med plassen i 1875.

{6968} År: 1880c

Ola Olson Djupedokken 20.02. 1835-1917
Foreldre: Ola Olson Tangane Djupedokken og Kari Aslesdtr. Sundrebråten.
Gm Birgit Sveinsdtr. Bekkestad Djupedokken 11.11. 1836-1898
Foreldre: Svein Torson Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Ola Olson Djupedokken Halvorstølen 03.03. 1875-1940
G 1899 m Ragnhild Olsdtr. (Larsstugu) Strand. Sjå Halvorstølen, gnr. 127/19.
2. Birgit Olsdtr. Djupedokken Sletto 25.12. 1876-1934
G 1906 m Jens Jensson Sletto, Hol 1881-1960. Barn: Birgit 1909- gm Peder Arneson Halingstad; Jens 1911- gm Kristina Offerdal (1 barn); Borghild 1913- gm Halvard G. Kirkeluten til Hognerud; Ragnhild 1916- gm Tomas Olson nordre Lien. (Hol III s 337 og 420)
3. Svein Olson Djupedokken Holtegarden 09.03. 1879-1960
G 1916 m Anne Olsdtr. Reinton 1889-1939. Sjå Holtegarden Strand, gnr. 123/16.
4. Asle Olson Djupedokken 30.08. 1881-1944
G 1914 m Olga Bakken, Nes 1882-1944. Barn: Gilman 1915- offiser på New Guinea, gm ... ... . (1040) s 64
    Asle reiste til Amerika i 1904. Han tok seg land i Epping i ND.

Ola og Birgit gifte seg i 1873. Under folketeljinga 1875 var Ola inderst og 'besitter av bygseljord' medan mor han var husmannsenkje med jord.
    I 1875 budde også bror til Ola, Asgrim Olson og ein systerson Ola Olson f. 1856 i Djupedokken. Ei Ingebjørg f. 1866 var visarjente og tyende.
    Truleg overtok Ola bygsla kring 1880.