Flatmark gnr. 127 bnr. 57
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Flatmark gnr. 127 bnr. 57-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Øyen eller Breie-Øyne var opphavleg heimstøl under Breie. Breie-Øyne ligg øvst i Strandafjorden, utanom Breie-øyen/Flatmark låg også Sandåker-Øyen og Haga-Øyne her.
    Truleg er dette heimstølen Storøyen som i 1763 vart nemnt under Breie, eller kongsparten i Breie. Då den fyrste husmannen bygsla Øyen i 1842, låg plassen under nordre Breie.
    Frå 1862 var Breie-Øyne eige bruk, namnet gjekk etterkvart over til Flatmark. Tunet låg på ei liten høgde, det ytre av jordene var våtmark eller overfløymd i vårløysinga.
    Breie-Øyne/Flatmark vart brukt saman med Sandåker-øyen, gnr. 126/4 frå 1921. Truleg nedlagt som eigen bustad frå same tid.
    Kring 1970 vart Flatmark, Sandåker-øyen og Hagaøyen lagt ut til industrifeltet Kleivi. Ein skogrem oppe i Sangelia er det attverande av eigedomen no.

{6973} År: 1842

Per Ellingson Bekkestad Breieøyen 06.03. 1812-1886
Foreldre: Elling Knutson Bekkestad og Anne Persdtr. Lybekk.
Gm Anne Torgeirsdtr. Stakegard Breie-øyen 07.05. 1810-1866
Foreldre: Torgeir Hermundson Stakegard og Turid Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Elling Person Bekkestad Breie-øyen 09.04. 1836-
G 1865 m Margit Tolleivsdtr Tangeviken. Sjå neste hushald.
2. Turid Persdtr. Stakegard Haugen 03.02. 1838-1921
Gm Jakop Larsson Haugen frå Svene. Barn: Ludvig 1871- lærar gm Marie Berg (5 barn); Anetta .... .
    Turid var i tenest 1865 på Onsager i Hole. Turid og Jakop budde i Rognlien i Lommedalen i Bærum. (1819)
3. Margit Persdtr. Stakegard Pedersen 06.09. 1839-1919
Gm Jacop Pedersen, Våle i Vestfold. Barn: Margit Kristine 1873-1932 gm Hans M. Fritzø; Peder 1880-1960 møbelsnikker, gm Agathe Marie ...; Petra 1871- gm Henrik Magnus Strøm; Karl 1878-1963 ugift; Josefine 1885-1963 gm kvalfangar Anders Hildemar Andersen på Tjøme. (939)
    Jacop og Margit budde på Tjøme.
4. Rangdi Persdtr. Breie-øyen Sundre 22.07. 1841-1873
G 1871 m Johan Henrik Syverson Sundre. Barn: Syver 1873-1873. NB. Johan vart attgift med systera Anne.
5. Torgeir Person Breie-øyen 23.02. 1843-1868
Torgeir drukna under lauging i Kvinda i juni 1868.
6. Margit Persdtr. Breie-øyen Hansen 10.01. 1846-
G 1875 Asker m kvegrøktar Gulbrand Hanssen Skyset-eie, Nittedal 1839- . Barn: Hans 1876- ; Gustav 1883- ; ... (1034)
    Gardbrukar på Fløtten i Enebakk i 1900.
7. Hermund Person Breie-øyen 02.07. 1848-1848
8. Hermund Person Breie-øyen Stakegard 18.09. 1849-1945
G 1874 m Sunnev Aslesdtr. Skalle. Sjå Teigen, gnr. 96/6 og Stakegarden, gnr. 97/1.
9. Per Person Breieøyen Stakegard 01.01. 1853-1932
G 1875 m Birgit Olsdtr. Skrindo. Gm Sigrid Olsdtr. Teigen 1862-1923. Sjå Stakegard, gnr. 97/1 og Rimeslåtta, gnr. 115/8.
10. Anne Persdtr. Breie-øyen Sundre 29.09. 1855-1929
G 1875 m Johan Syverson Sundre 1833-1927. (Enkjemann etter systera Rangdi (1841-1873.)
    Barn: Syver 1876-1943 gm Anna Hedberg busett Fessenden Wells Co, ND; Per 1878-1947 ugift farmar; Elling 1880-1965 gm Savie Boston busett Grand Forks, ND; Johan 1883-1943 ug.; Anna 1886-1960 gm Lars Larsson ... farmar; Jørgine/Georgine 1888-1970 g 1911 m Ludvig Naas (Noss) (1 barn); Regina 1899-1971 ug.
    Johan og Rangdi var inderstar på Stakegarden i 1873. Johan dreiv som fehandlar, og kjøpte Hansegarden i Gol der han var 1875-1882. Dei reiste til Am. i 1885 og farma i Fjeld Nelson Co
    ND. Han skreiv seg "Johan Sundre".

Per og Anne gifte seg i 1836. Fyrste tida budde dei i Bekkestad, broren Knut tok over Bekkestad etter odel.
    Frå 1842 bygsla Per og Anne Breie-øyen. Dei betalte 50 spd i fyrstebygsel, årleg leige dei fyrste 5 åra var 5 spd og sidan 6 spd og dessutan slått av ein dalarsteig. Til plassen høyrde fiskerett i Strandafjorden (4 garn), stølane Sangestølen og Veslestølen. Ungane fekk rett til å overta bygsla.
    Per og Anne bygsla Breie-øyen fram til 1862, då kjøpte dei Stakegarden, sjå gnr. 97/1.

{6974} År: 1862

Elling Person Bekkestad Breie-øyen 09.04. 1836-
Foreldre: Per Ellingson Bekkestad Breieøyen og Anne Torgeirsdtr. Stakegarden.
Gm Margit Tolleivsdtr. Tangeviken Breie-øyen 22.11. 1829-
Foreldre: Tolleiv Larsson Noss Tangeviken og Kristi Trondsdtr. Sundre.

Elling og Margit gifte seg i 1865. Ingen barn. Elling dreiv handel med bonde-varer ved sida av bruket.
    Dei kjøpte søre Sveinhaug i 1882. Elling døydde og Margit sat med søre Sveinhaug i mange år. Sangestølen selde ho til Herleik Hagaøyen i 1897.
    Margit var ei av dei siste som brukte såkalla åtgjerdsaker mot vonde makter. Ho hadde ein pose med åtgjerdsaker som vern for både folk og husdyr. (Sjå Hol II s 91 og III s 33)

{6975} År: 1883c

Tor Knutson Lappegard BreieØyen 01.01. 1848-1937
Foreldre: Knut Torson søre Lappegard og Margit Olsdtr. Opheim.
Gm Borghild Jonsdtr. Kvamshaugen BreieØyen 17.01. 1851-1910
Foreldre: Jon Jensson Ohnstad KvamsHaugen og Rangdi Olsdtr. KvamsHaugen, Hol.
*Barn
1. Knut Torson BreieØyen Underberg 21.03. 1875-1922
G 1909 m Ingeborg Tolleivsdtr. Skrien. Sjå Underberg, gnr. 127/21.
2. Rangdi Torsdtr. BreieØyen Haugen 15.02. 1877-1972
G 1913 m Torgeir Larsson Sausgardshaugen i Hol 1877-1972. Barn: Borghild 1913-1991 kjøkensjef, gm Johannes Sørlie på Geilo (4 barn); Lars 1915-1989 treskjærar/knivmakar, dei overtok Haugen, gm Birgit Olsdtr. Brøto (3 døtre).
    Torgeir var treskjærar og hadde knivfabrikk. Dei dreiv Haugen camping i 35 år. (929)
3. Margit Torsdtr. BreieØyen Myregard 28.01. 1880-1971
G 1902 m Botolv Ivarson Myregard. Barn: Ivar 1903- farmar, gm Evelyn Visey (4 barn); Borghild 1905-1972 gm Pete Gergen/... Reiarson, gm Severt Stene; Gladys 1906- gm Rudolph Anderson (4 barn); Agnes 1910- gm Fred Bieri (4 barn); Marion Blance 1912- gm Lee Kinzie (ingen barn); Lewis 1913- gm Fern Mortenson (1 dotter); Clifford 1919- gm Elsie ... (2 søner); Carl ....-1928; Teodore ....-1933. (1438) 236
    Dei reiste til Am. i 1903 og fekk seg farm ved Plaza, ND. Budde sidan i Minot, ND.
4. Mari Torsdtr. BreieØyen Berg 02.04. 1882-1974
Gm Julius Berg. Barn: 6 . Til Am. 1902: Port Credit, Ontario Canada. (929)
5. Jon Torson BreieØyen 11.11. 1884-1967
G 1910 m Christine/Karoline Pedersen. Barn: Borghild Beate 1911- gm ... Gjeldaker; Trygve Emil 1912- gm ... ... ; Lillian Eldora 1913- gm ... Severson; Esther Alvina 1916- gm ... Morgan; Olga Marian 1917- gm ... Haugland; Jennie 1919- ug.; Bernice Maria 1920- gm ... Grundyson; Harold Elmer 1922- gm ... ... ; Clifford 1924- ; Chester 1926- ; Doris May 1928- gm ... Schlecht . (929) (1296) s 902.
    Jon reiste til Am. 1905: Blaine, Wash. Farmar i McLean Co, ND.
6. Tor Torson BreieØyen 02.06. 1887-1932
Gm Karoline Nordby. Barn: Trygve ....- . Busett hjå Treschow ved Larvik. (929)
7. Kari Torsdtr. BreieØyen Taugbøl 12.02. 1890-
Gm Karl O. Taugbøl, Eidskog 1890- . Barn: Borghild ....- ; Ole ....- arbeidde ved NSB, omkom i togulykke; Torbjørn ....- ; Kåre 1929-1997.
    Kari og Karl budde ved Ski.
8. Lars Torson BreieØyen 23.09. 1892-1945
Gm Marie Klokkarstugu, Bø i Telemark 1889- . Barn: Oddvar 1921-1994 reknskapsførar (båe to), gm Olaug Pettersen fra Ulefoss (ingen barn); Borghild 1926- gm Øistein Bergseth (2 søner). (1636)
    Lars var nokre år på sjøen. Seinare dreiv han drosjekøyring i Oslo.
9. Olav Torson BreieØyen 07.01. 1896-
Gm Ågot Olsdtr. Holedokken 1892-.... . Barn: Torleiv ....- ; Bjarne ....- ; Gullborg ....- ; Borghild ....- .
    Gm Anne ..., Vik i Sogn. Barn: Øyvind ....- ; Birgit ....- ; ... . (1636)
    Olav var murar ved jernbanen og busett på Heggedal.
10. Birgit Torsdtr. BreieØyen Kvamme 26.01. 1898-
Gm ... Kvamme. Barn: Bernice 1922- gm Karl Smestad; Howard 1924- ug. musikar og sekretær; Blenda 1925- gm Carlton Hendrickson (1 son).
    Gm ... Braaten. Barn: Edward Elroy Braaten 1932- gm Lorna Morris; Ordeon Sigval 1935- i marinen ug.
    Til Am. Busett McKinnock, ND..

Tor og Borghild gifte seg i 1875. Dei flytta mykje, budde i Kvamshaugen og så på Tufteplassen i Hol frå 1881. Kom så til øvre Tune, så i Fetagarden Strand og kom så til Breie-øyen kring 1883. Som enkjemann budde han på Underberget.
    Tor fortalde på sine eldre dagar at det var berre to gardar mellom Gullhagen og Hovet der han ikkje hadde vore og laga skor. Han var liten av vekst og ein framifrå dansar. Tor var mykje nytta som kjellarmann eller fyritalsmann i bryllaup. 74 år gamal kjøpte han seg sykkel!
    I 1891 var Tor skomakar og husmann med jord. Sjå Hol III s 897