Breiehagen gnr. 128 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Breiehagen gnr. 128 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Breiehagen kom i skattelistene i 1624. Det skulle då betalast årleg skatt av 2 skinn, og 1 gråskinn i frelse (frå ein tidlegare skatt). I 1670 vart Breiehagen skattlagt som øygard og hadde 8 laupsbol i landskyld. Breiehagen hadde tilknytning til nordre Foss, Solheim og Uthus (Fossgard) i Hol på 1600-talet.
    Truleg var Breiehagen i drift før øydetida. (K.O. Solhjell 1987)
    I gamle dokument vart Breiehagen oftast kalla Haugen eller 'Breie ødegård'. I daglegtale vart garden kalla Hagen, medan folket vart kalla Hagamannen, Haga-gutane osv. Garden vart også kalla Hagahaugen.
    Breiehagen grensar til nordre Breie i aust og til Venedokken og Djupedokken i vest.
    Tunet var opphavleg nedanfor bygdavegen, 'nedpå tufto.' Kring 1820 vart tunet flytta til noverande stad.
    Bonden i Breiehagen betalte kvernskatt i 1770.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 60 mål, utslått 74 mål. Avling 24 bygg og 32 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 100 mål som vert leigd bort, produktiv skog 300 mål, anna utm. 9300 mål.
    Husa er: hallingstugu bygd 1913, påbygd 1950, driftsbygning 1978, stolphus og loft.
    Frådelte bruk og plassar: Hagaøyne, bnr. 8, frådelt 1897; Hagajordet, husmannsplass, ikkje frådelt; Sveinhaugen (Kringleslett), gnr. 3/2 i Hol, frådelt 1813; Søre Sveinhaug, bnr. 3/1 i Hol, frådelt 1804; GjermundOdden, gnr. 2/1 i Hol, frådelt 1853; Solvik, bnr. 10, var frådelt i tida 1935 til 1962.
    Stølar. Heimstølar: Grønestølen, Turrhaug og Liastølen (selt til Sandåker). Langstølar: Nødrefeten, Feten, Flatåker (selt til Underberget), Dokki og Nedrestølen (nord-vest for Halldalsvatnet).

{6987} År: 1760c

Nils Olson Nerol Breiehagen 1718-1805
Foreldre: Ola Eilevson Breiehagen Nerol og Birgit Knutsdtr. ... .
Gm Anne Olsdtr. ... Breiehagen 1715c-
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Ola Nilsson Breiehagen Sveinhaug s 27.02. 1757-1832
G 1782 m Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen. Sjå neste hushald og søre Sveinhaugen, gnr. 128/1b.

Nils kjøpte 1760 skyldgods i Breiehagen for 81 rd. Han kjøpte Kringleslett i 1763 for 123 rd hjå grannane sine. (Nordre Sveinhaug, sjå Hol III s 823)
    Nils kjøpte 1780 Neståker 1 1/2 laupsbol hjå Ola Gullikson for 410 rd. Dei selde 1789 Breiehagen og Neståkeren for 400 rd og kår til sonen.
    I 1801 var Nils enkjemann og kårmann hjå sonen Ola.

{6988} År: 1789

Ola Nilsson Breiehagen Sveinhaug s 27.02. 1757-1832
Foreldre: Nils Olson Nerol Breiehagen og Anne Olsdtr. ... .
Gm Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen Breiehagen 02.02. 1759-
Foreldre: Botolv Torjusson Helling Bakketeigen Hove og Birgit Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Nils Olson Breiehagen Hagajordet 1785-
G 1815 m Gm Birgit Sevatsdtr. Tune. Sjå neste hushald.
2. Botolv Olson Breiehagen StoredalsBråten 1787-1862
Fattigkassa betalte 5 rd for frakt av Ole Breiehagens vanføre sønn til Kongsberg sykehus i 1806.
    Dette er truleg den same Botolv Olson som 1833 bygsla Storedalsbråten (Trefothaugen) hjå Syver Syverson Storedal. Sjå Storedalsjordet, gnr. 6/6.
3. Ola Olson Breiehagen 1790-
4. Birgit Olsdtr. Breiehagen 1794-
Or kyrkjeboka for Kr.ania Tukthus 1839: Birgit Olsdtr. Breiehagen døypt 1794 er "innsatt for at konfirmeres."
    Øvrigheita var hard med Birgit: i 1839 vart ho saksøkt for manglande konfirmasjon. Birgit fortalde at grunna fattigdom måtte ho ut i arbeid etter å ha vore på legd frå ho var 9 år. Ho prøvde å ta del i undervising der ho kom på arbeid, men kvidde seg for å melde seg opp for presten. Ho ville ikkje bli gjort til narr av dei andre konfirmantane.
    Retten fann at ho "behørigen var advart at søke skole," og dømte henne til tukthusopphald "så lenge direktørene måtte bestemme" for å bli konfirmert. Retten viste til skulelova av 1827. Og kostnadane med saka skulle Birgit betale sjølv. (1348) s 25
5. Mikkel Olson Breiehagen Venedokken 1797-1878
G 1838 m Guri Sveinsdtr. Sundbrei. Sjå Tangane, gnr. 127/3.
6. Turid Olsdtr. Breiehagen 05.01. 1800-
Tenestjente i Kr.ania.

Ola Nilsson Breiehagen Søre Sveinhaug (1757-1832) kjøpte Breiehagen i 1789.
    Ola og Ingeborg gifte seg i 1782. Truleg hadde dei også ei dotter Anne.
    Døtrene Birgit og Turid var på legd i unge år. Det var tronge kår, og ugane måtte tidleg ut på arbeid. Turid kom i tenest hjå høgsterettsadvokat Helm og fekk opplæring der. Men Birgit hadde fallesjuke og fekk ikkje undervising. Sjå meir under henne.
    Ola og Ingeborg var velståande den tid dei sat med Breiehagen, men viste vel om det. Etter Ingeborg vart det herma: "Å nei me kunne alder bi fattige, me som ha so mykji". Men ved mykje søl og overdådigt liv gjekk det nedover med dei.
    Men ved mykje søl og overdådigt liv gjekk det nedover med dei. Den rike 'Hagahaugen' havna på bureisarbruket søre Sveinhaugen. Men han greidde ikkje å klore seg fast der heller. I 1810 gjekk også Sveinhaugen på auksjon. Trass dette hadde Ola glimtet i auga. Då han leidde fram siste kyre på auksjonen, sa han: "No tek eg drifte i øyra!" (1296)
    Ola bygsla bort GjermundOdden til Ola Jonson Rime i 1795. Vidare selde Ola (Haga)Øyne 1804 til Halvor Halvorstølen. Same året selde han Breiehagen for kr 2580 til Ola Eirikson Perstølen.
    Så gjekk garden på handel, frå Ola Eirikson til Svein Syverson Sundbrei i 1804, frå Svein til Tolleiv Larsson Bjella i 1805, frå Tolleiv til Eirik Sevatson Sando i 1811.
    Sjå meir om Ola Nilsson under søre Sveinhaug. NB. Sonen Nils kjøpte attende Breiehagen hjå Eirik Sevatson i 1811.

{6989} År: 1811

Nils Olson Breiehagen Hagajordet 1785-
Foreldre: Ola Nilsson Breiehagen søre Sveinhaug og Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen.
Gm Birgit Sevatsdtr. Tune Breiehagajordet 18.10. 1789-
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
*Barn
1. Borghild Nilsdtr. Breiehagen 14.12. 1815-
Truleg død liten.
2. Ola Nilsson Breiehagen 12.07. 1817-
Ugift heime hjå faren på Stakset i 1865.
3. Borghild Nilsdtr. Breiehagen Skaret 18.02. 1821-
Gm Nils Torsteinson Skaret, Beitstaden 1813-.... . Barn: Indiana 1861- gm Nils Alteskaret (minst 6 barn); ...
    Nils var husmann med jord under Skaret i Beitstaden i 1865. Borghild frå Ål var husmannsenkje på plassen Alteskaret, Beitstaden i N.Trøndelag i 1900. (DigArk)
4. Nils Nilsson Breiehagen 12.07. 1823-
Truleg gm Anne Eilevsdtr. ..., Verdalen. Barn: Ellen 1855- .
    Nils Nilsson frå Hallingdal var losjerande gardsarbeidar på Vemundvik i Namsos i 1865.
5. Mikkel Nilsson Breiehagen 21.05. 1826-1826

Nils var ute i krigen 1807-14. Nils kjøpte Breiehagen og Søre Sveinhaug i 1811 og slo seg ned i Breiehagen. Seljar Eirik Sevatson og kone skulle ha Sveinhaugen og Odden som kår mot å betale skattane for Nils.
    I 1812 var Nils kome på andre tankar. Han selde halve Breiehagen og søre Sveinhaug og budde i Hagajordet, plassen under Breiehagen, fram til 1830 omlag.
    Nils og Birgit gifte seg i 1815. Nils og Birgit med tre barn reiste til Namdalseid. Der skulle det vera arbeid å få på glasverket. Dei køyrde om Røros med hest og vogn. Men då dei kom fram, var det ikkje ledigt arbeid. Nils byrja som husmann under .... . (Jfr. Hol III s. 31, oppl. av Olaf Alte, Bangsund = son til Borghild f . 1821.)
    Nils Olson frå Ål var husmann under Stakset i Beitstaden i N. Trøndelag i 1865. Som kone hadde han då ei Anne Mikkelsdtr. (20 år yngre han!), og den ugifte sonen Ola (f. 1817) var heime på bruket. (DigArk)

{6990} År: 1812


Ola Knutson Knutsgarden Noss (1786-1858) kjøpte halve Breiehagen i 1812. Sjå meir om han under Arnegard Noss, gnr. 121/1.
    Ola og kona Lukris hadde kår i Breiehagen frå 1830.

{6991} År: 1818

David Dietrichsen 17.11. 1792-1862
G 1816 m Caroline Maximiliane Leigh. (Prestedotter.) Barn: Wilhelm 1826-1868 jurist og bonde, g 1855 m Gotfrida Bøckmann (6 barn). (Hole III s 602) Foreldre: Johan Wilhelm Dietrichsen og Casparine Løseke, Bergen.

David Dietrichsen var premierløytnant og var ute i krigen 1807-14. Som offiser hadde han fått lære landmåling.
    Dietrichsen hadde tilsynet med bygginga av ålmannvegen gjennom bygda.
    Dietrichsen kjøpte Breiehagen i 1818, det var nok praktisk for han å bu der under arbeidet med vegen.
    Dietrichsen kom ein gong opp i slagsmål på kontoret hjå lensmann Richter. Embrik Sevatson Thon hadde eit ærend på kontoret same dagen. Då Dietrichsen kom inn, sa lensmannen til Embrik: 'Sjå der kjem Dietrichsen, no kan du spørja hans sjølv.'
    Embrik svara: 'Eg gir fanken i løytnanten, eg er ikkje under hans kommando!'
    Dietrichsen svara med ein øyrefik, men då vart det slagsmål. Dietrichsen vart sett på veggen av Embrik, og lensmannen måtte skilja dei stridande. Så snart Dietrichsen var laus, greip han etter pistol og sabel, men lensmannkona hindra han i dette. 'Havde ieg faaet fat paa sine Pistoler skulde ieg have skudt hand rent i hjæl,' sa Dietrichsen før han fekk roa seg. Det vart ingen represalier mot Embrik grunna dette.
    Dietrichsen selde garden i 1829 til Gunnar Knutson Tune.
    Dietrichsen steig i gradene og enda som korpsmajor. I 1844 fall han av hesten og braut foten. Det førte til at han søkte avskjed og fekk arbeid som tollkasserar.
    I 1853 kjøpte Dietrichsen garden Helgeland i Hole for 12500 spd. Det vart på denne eigedomen forsvaret leigde 400 mål til ekserserplassen Helgelandsmoen. Her var forlegning for Hallingdal og Valdres musketerkorps i 2. Akershusiske brigade.

{6992} År: 1829


Gunnar Knutson Tune hefte kår på Breiehagen til bror sin, Ola Knutson, og så selde han garden til Tomas Bakkegard.

{6993} År: 1830

Tomas Olson Bakkegard Breiehagen 02.09. 1804-1881
Foreldre: Ola Tomasson Bakkegard og Guri Sveinsdtr. Grostølen, Hol.
Gm Margit Olsdtr. Noss Breiehagen 27.06. 1807-1843
Foreldre: Ola Knutson Knutsgarden Oppigarden Noss og Lukris Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
Gm Guri Ivarsdtr. Noss Breiehagen 12.03. 1825-1890
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Ingeborg Tomasdtr. Sire.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Tomasdtr. Breiehagen 14.04. 1833-1835
2. Guri Tomasdtr. Breiehagen Noss 20.06. 1836-1925
G 1853 m Henrik Knutson Tolleivsgarden Noss, gnr. 117/1.
    G 1865 m Lars Ivarson Ivarsgarden Noss Belluteigen, gnr. 117/3.
3. Lukris Tomasdtr. Breiehagen 28.10. 1838-1839
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Tomasdtr. Breiehagen Hallsteinsgard 19.08. 1854-1945
G 1874 m Ola Herbrandson Hallsteinsgard. Barn: Herbrand 1874-1959 gm Birgit Henriksdtr. Løyte, Ustedalen; Margit 1876-1934 til Oslo, gm ... Amundsen; Guri 1879-1947 gm Svein T. Breie; Tomas 1882- til Am., gm Birgit Sandersdtr. Løyte; Ingeborg 1884- til Am., gm Eirik Halvorson Sandelien; Sissel 1889- til Am., gm Knut V. Kaupang; Ingeborg 1887-1890; Ingeborg 1892- gm Olav E. Lerberg Fagerheim; Ola 1895- til Am. , gm ... ... ; Anne 1898-1898.
2. Ola Tomasson Breiehagen 24.03. 1857-1918
G 1882 m Sissel Johannesdtr. Bry. Sjå neste hushald.
3. Ingeborg Tomasdtr. Breiehagen Skjervheim 11.11. 1859-1885
G 1885 m Nils Nilsson myljo Skjervheim, gnr. 35/3.

Tomas og Margit gifte seg i 1830. Dei fekk tre barn. Tomas vart attgift 1846 med Guri Ivarsdtr. Ivarsgarden Noss og fekk tre barn med henne.

{6994} År: 1847


Dottera Guri Tomasdotter fekk skøyte på Breiehagen i 1847. Ho gifte seg med Henrik Knutson Tolleivsgarden Noss.
    Henrik selde garden attende til Tomas Olson. Enkja hans, Guri Ivarsdotter selde Breiehagen i 1882 til sonen Ola Tomasson.

{6995} År: 1882

Ola Tomasson Breiehagen 24.03. 1857-1918
Foreldre: Tomas Olson Bakkegard (Hol) Breiehagen og 2.g Guri Ivarsdtr. Ivarsgarden Noss.
Gm Sissel Johannesdtr. Bry Breiehagen 18.11. 1856-1939
Foreldre: Johannes Kitilson Veslegard Bry og Guri Embriksdtr. Nestegard, Hovet.
*Barn
1. Tomas Olson Breiehagen 17.05. 1883-1970
G 1923 m Guri Levorsdtr. Noss. Sjå neste hushald.
2. Guri Olsdtr. Breiehagen Sundbrei 29.07. 1884-1969
G 1910 m Ola Nilsson nedre Sundbrei 1874-1913, sjå gnr. 125/1. Dei fekk tre barn før Ola gjekk bort.
    Guri fekk to barn som enkje: Sissel 1915- og Oddvar 1924- , sjå barnebarn.
3. Gina Olsdtr. Breiehagen 12.10. 1886-1956
=Guri. Gina var i Amerika omlag 25 år. Der endra ho namnet frå Guri til Gina, og det namnet brukte ho då ho flytte heim att. Gina sette seg opp hus på Trekanten, ei tomt frådelt broren Johannes.
    Gina var eit dugande arbeidsmenneske, ho var med i onnene og tok eit tak når det trengdest.
4. Ingebjørg Olsdtr. Breiehagen 13.11. 1888-....
Døydde liten.
5. Margit Olsdtr. Breiehagen Tufto 12.07. 1891-1969
Gm Peder Eirikson Tufto, Ustedalen 1874-1955. Barn: Ingeborg 1918- gm Olav Garvik, Sand i Ryfylke (ingen barn); Sissel 1920- gm Ottar Hæhre, Modum (ingen barn); Erik 1922- ugift, på Urheim, dreiv reinsgjæting/hytte-utleige; Olga 1925- gm Helge Møller Nilsen, Drammen (3 barn); Gudrun 1929- gm Kåre Løland, Sauda.
    Politikk og riksmåls-sak opptok Peder meir enn gardsdrifta ei tid. I 1932 vart garden myljo Tufto seld på auksjon. Då budde dei ymse stader, m.a. på Nygard inne i fjellet, inntil dei fekk kjøpe bruket Urheim under Uthus i 1941.
6. Johannes Olson Breiehagen 25.11. 1893-1962
=Jehans. G 1945 m Rangdi Hermannsdtr. Karigarden Opheim. Sjå Solvik, gnr. 128/10.
7. Ivar Olson Breiehagen Bredhagen 05.01. 1896-
G 1929 Nes m Sigrid Knutsdtr. Grøt. Barn: Sissel 1926- ugift var heime.
    Ivar kjøpte ein del av Grøt i Hovet i 1932, og bygde opp bruket Hovstad. Lastebilkøyring og pelsdyr.
8. Sissel Olsdtr. Breiehagen 10.01. 1899-1919
*Barnebarn
1. Sissel Sundbrei Sollien 30.11. 1915-
G 1944 m Olaf Olson Sollien 1917- . Barn: Kjell 1945- g 1970 m Astrid Ellingsdtr. Hundal, Gjøvik, elektroingeniør; Gunnar 1948- g 1973 m Gerd Furuheim, Mo i Rana, service-ingeniør, busett Heimdal ved Trondheim.
    Olav og Sissel budde på Gol. Olav var sjåfør og sjåførlærar, busett på Gol.
    Foreldre: Levor Olson Sundbreijorde og enkje Guri Olsdtr. Breiehagen Sundbrei.
2. Oddvar Sundbrei 10.04. 1924-
G 1952 m Gro Tovsdtr. Rudi 1925- , Tufto i Uvdal. Barn: Kåre 1950- kontorarbeidar i Askim, gm Bodil ... , Vestfossen; Hilda 1953- apotekar i Oslo, gm Andre Blevin; Tov 1962- snikker, sbm Inger Lise Huse, Nes; Geir Odd 1968- røyrleggar, sbm Wenche Bang Brusletto, Geilo. (1376) 598 (1300) s 1148
    Oddvar var sjåfør og sjølvstendig næringsdrivande.
    Foreldre: Knut Olson Tune og enkje Guri Olsdtr. Breiehagen Sundbrei.

Ola og Sissel gifte seg i 1882. Ola kjøpte garden i 1882 (skøyte i 1888) for kr. 2900 kr.
    I 1886 selde Ola frå Breiehagen sin del i Halldalsvatnet til nordre Breie.