Sveinhaugen, søre gnr. 128 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sveinhaugen, søre gnr. 128 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Sveinhaugen vart skylddelt frå Sveinhaugen i 1829. Bruket utgjorde omlag 2/3 av opphavlege Sveinhaugen.
    Areal 1865: dyrka jord 7 mål; naturleg eng 20 mål; utslått 26 mål. Avling 5 1/2 tunne bygg og 4 tunner potet. Dei hadde 4 kyr og 4 sauer.
    Søre Sveinhaug vart lagt til Hol i 1877 og fekk gnr. 3/1. Sjå Hol III s 29.

{7008} År: 1804

Ola Nilsson Breiehagen Sveinhaug 27.02. 1757-1832
G 1782 m Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen. Foreldre: Nils Olson Nerol Breiehagen og Anne Olsdtr. ...

Ola og Ingeborg gifte seg i 1782. Truleg hadde dei også ei dotter Anne. Sjå Breiehagen, år 1789.
    Døtrene Birgit og Turid var på legd i unge år. Det var tronge kår, og ungane måtte tidleg ut på arbeid. Turid kom i tenest hjå høgsterettsadvokat Helm og fekk opplæring der. Men Birgit hadde fallesjuke og fekk ikkje undervising. Sjå meir under henne.
    Ola og Ingeborg var velståande den tid dei sat med Breiehagen, men viste vel om det. Etter Ingeborg vart det herma: "Å nei me kunne alder bi fattige, me som ha so mykji". Men ved mykje søl og overdådigt liv gjekk det nedover med dei.
    Ola selde Breiehagen i 1804, men tok unna søre Sveinhaug og Gjermundsodden samt Liastølen i Halldalslia m.m. Ola gjekk under namnet "Hagahaugen".
    Ola og Ingeborg greidde ikkje å klore seg fast der heller. I 1810 gjekk også Sveinhaugen på auksjon. Trass dette hadde Ola glimtet i auga. Då han leidde fram siste kyre på auksjonen, sa han: "No tek eg drifte i øyra!" (1296)
    Ola døydde på legd i Kvinnegardslia i 1832. Ingebjørg budde til sist i ei liten hytte i Venedokken.

{7009} År: 1811


Eirik Sevatson Settungsgard Sando (1754-1830) makeskifte søre Bjella mot søre Sveinhaug i 1811. Sjå meir under Sando, gnr. 30/2.
    Eirik selde 1811: Breiehagen 7 lb. og søre Sveinhaug 3/4 lb. til Nils Olson Breiehagen.
    Eirik døydde som plassebrukar på Sveinhaug i 1830. Ågot fekk skøyte på søre Sveinhaug med Liastølen og 3/4 av Sangestølen.
    Enkja Ågot Nilsdtr. f. Krosshaug gifte seg opp att med Syver Syverson Kleiven Sveinhaug. Sjå neste hushald.

{7010} År: 1830

Syver Syverson Kleiven 01.01. 1798-1884
G 1831 m enkje Ågot Nilsdtr. Krosshaug Sveinhaug. Foreldre: Syver Syverson Kleiven og 2.g Anne Guttormsdtr. Sausgard.

Enkja Ågot Nilsdtr. gifte seg opp att 1831 med Syver Syverson Kleiven, gnr. 127/17b. Dei selde Kleiven 1841 og flytta til Sveinhaug.
    Syver var timremann. Han var ein stor og førleg kar, - men for så roleg fram, vart det sagt. Syver flytta Sveinhaug-tunet ovanfor bygdevegen.
    I 1865 var Syver enkjemann. Jon Olson og Margit Sveinsdtr. forpakta bruket.
    Som enkjemann selde han bruket i 1873 for 340 spd og kår.

{7011} År: 1873

Embrik Olson Teigen Sveinhaug Lian 20.05. 1847-
Foreldre: Ola Levorson Teigen (Moen) og Borghild Embriksdtr. Gudbrandsgard, Hol. (Hol III s 111)
Gm Barbro Olsdtr. Hagen Sveinhaug 1847c-1880c
Foreldre: Ola Olson Breivik - Øvre Hagen og Ingrid Knutsdtr. Hytta,Tunhovd.
Gm Margit Syversdtr. Sausgardhaugen Sveinhaug 24.04. 1865-
Foreldre: Syver Syverson Kvamen Sausgardhaugen og Randi Ellingsdtr. Ellingplassen, Hol.

Embrik og Barbro gifte seg i 1870. Barn: Ola 1870-1949 på Lian i Tunhovd, gm Helga nedre Heggelien (5 barn); Knut 1874- dreiv pensjonat på Buvassbrenna, gm Marianne Hansen; Hermund 1876- gm Gunhild Omdalen (2 barn); Borghild 1878-1926 gm Anders Rese på Gol (10 barn); Olav 1880-1905 til Nes, gm Cecilia Sjursen Tærum (2 barn).
    Barbro vart oppfostra i Ål, og møtte Embrik medan ho var på tenest i Hognerud i Hol. Barbro var død før 1882, truleg utanfor bygda.
    Embrik kom til søre Sveinhaug 1873, men måtte selja til lensmannen grunna gjeld i 1879. Han brukte Sveinhaug i tre år for lensmannen, så reiste Embrik, kone nr. 2 og barna til Lian i Tunhovd.
    Sveinhaug vart lagt til Hol i 1877. Sjå vidare i Hol III s 32.