Odden gnr. 128 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Odden gnr. 128 bnr. 1d

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Det opphavlege namnet på plassen var GjermundOdden. Det kan koma av Gjermund Olson øvre Breie som levde fyrst på 1600-talet. I daglegtale vert bruket kalla Odden. Slektsnamnet er Odden.
    Odden grensar mot Kleiven i vest og nord, mot kommunegrensa i aust.
    Odden var husmannsplass under Breiehagen fram til 1842.
    Areal 1865: dyrka jord 6 mål, naturleg eng 20 mål. Avling 3 1/2 tunne bygg og 2 tunner potet.
    Odden vart lagt til Hol kommune i 1877.
    Odde-saga er ei andelssag som vart bygd etter 1945 som avtakar for saga i Sundsåne. Oddesaga ligg ovanfor riksvegen.

{7013} År: 1770c

Eilev Olson Breiehagen Neståker? 1728-
Foreldre: Ola Eilevson Breiehagen Nerolshaugen og Birgit Knutsdtr. Breiehagen.
Gm Ambjørg Knutsdtr. ... Sveinhaug 1725c-
Foreldre: Knut ... ... og
*Barn
1. Birgit Eilevsdtr. Neståker 26.12. 1757-
Faddrar: Nils Hagen, Svein Breie, Ola sundbrei, Nils Hagens qv., Torand Tolleivsdtr. Breie.
2. Torjus Eilevson Sveinhaugen 31.08. 1760-
Faddrar: Ola Olson Hagen, Ola Halvorson Breie, Ragnhild Sveinsdtr. Åkreslåtta, Randi Olsdtr. Hagen, Jørand Torkjellsdtr. Hagen.
3. Ola Eilevson Sveinhaugen 25.04. 1773-


Eilev Olson Hagen tjuvlånte ein hest på stallen til Svein Knutson nordre Breie og reid til Sundre påskeeftan 1750. Då han vart saksøkt, svara han med motsøksmål og kravde bevis og erstatning.
    Eilev fekk knivstikk av Knut Olson Strand i eit barnsøl på Sundbrei i 1751.
    Han og broren Ola selde odels- og åseteseretten til Kleiven til broren Eirik O. Nerol i 1755 for 50 rd.
    I 1760 budde Eilev i Kringlehaugen, i 1775 var han på Odden under Breiehagen.

{7014} År: 1794

Ola Jonson Rime Odden 26.06. 1746-1808
Foreldre: Jon Knutson Rime (Knut Johannesson ... Rime) som budde på Myking og ... ... ... .
Gm Astrid Eilevsdtr. Strand Breiehagen 1763-1840
Foreldre: Eilev Eilevson Amundsgard Strand og Sigrid Lambertsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Levor Olson Odden Teigen 1785-1877
Gm Sunnev Ivarsdtr. Teigen (Moen i Hol) 1788-1851. Barn: Anne 1813-1824; Margit 1815- gm Guttorm Torgeirson Brøto Solheimslien; Ola 1817-1885 smed og husmann i Teigen, g 1843 m Borghild Embriksdtr. Gudbrandsgard; Ivar 1820- g 1859 m Rønnaug Olsdtr. Sandåkerøyen; Astrid 1821-1905 gm Tolleiv Tolleivson Tangeviken Sveinhaug; Ola 1824- 1886 g 1855 m Margit Knutsdtr. Uren; Levor 1826- til Kongsberg; Embrik 1830- g 1863 m Margit Eiriksdtr. Rotebakkdokken til Rudningen; Anne 1835- gm Nils Torshaug, Oslo.
    Levor og Sunnev bygsla Teigen. (Hol III s 110)
2. Anne Olsdtr. Odden 1788-
3. Knut Olson Odden Bråten 20.09. 1789-
Knut kjøpte plassen Olsbråten under Moen i Jondalen i 1825. Og selde i 1867 til brordottera Åse Olsdtr. Odden.
4. Eilev Olson Odden 07.10. 1792-1802
Eilev 'blev formørket i sindet og frøs i hjel.'
5. Ola Olson Odden 02.08. 1795-1867
G 1827 m Jørand Eiriksdtr. Rotebakkdokken. Sjå neste hushald.
6. Jon Olson Odden 10.06. 1798-
G 1836 m Margit Sveinsdtr. Øyen (Trageton.) Barn: Astrid 1836- ; Svein 1844- ; Gunvor 1851- ; Liv 1854- .
    Jon og Margit budde på Odden i 1836, så var dei på Raunsgard i 1844 og sidan på Uthus.
    Til Am. 1868.
7. Eilev Olson Odden 23.01. 1803-
Ukjent lagnad, truleg levde han i 1840.
8. Eilev Olson Kringleslett Odden 05.10. 1806-1833
Eilev vart døypt Kringleslett under Hagen. Eilev var krøpling og var på legd i 12 år før han døydde i 1833.

Ola og Astrid hadde 8 barn. Dei flytta mykje: budde på Myking 1785, var sidan på Strand, Breie, Tunehagen, Tangeviken, Kringleslett og så Odden.
    I 1794 var Astrid 'hans nuhavende hustru.' Hadde han vore gift før?
    I 1794 bygsla Ola og Astrid på livstid Gjermundsodden for 2 rd 1 ort årleg. Dei plikta å reise frå plassen utan betaling for utført arbeid dersom dei gjorde bonden, barn eller grannar "fortred."
    Gjermundsodden vart kalla rydninglende, og Ola skulle få rydde jord og setja opp hus innanfor delene. (1221) s 590
    Då Astrid døydde i 1840 hadde ho fire søner i live, ein av dei (Knut) var busett ved Kongsberg.

{7015} År: 1842

Ola Olson Odden 02.08. 1795-1867
Foreldre: Ola Jonson Rime GjermundsOdden og Astrid Eilevsdtr. Strand.
Gm Jørand Eiriksdtr. Rotebakkdokken GjermundsOdden 03.06. 1805-1856
Foreldre: Eirik Nilsson Sandåker Rotebakkdokken og Åse Levorsdtr. Helling.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Odden 27.07. 1828-
Ikkje funnen død i Ål.
2. Åse Olsdtr. Odden Olsbråten 06.11. 1833-
Gm skomakar Kristen Olson Olsbråten, Jondalen. Barn: Knut 1859- ; Olava Jørgine 1866-1944 gm Otinius Olsen Bryn, Oslo, busett på Kongsberg; Gurine 1869- ugift sydame; Malla 1872- ugift, dreiv finsaum i Oslo; Janne 1875- ugift oldfrue i Oslo.
    Åse overtok bruket etter onkelen Knut på Bråten i Hedenstad. Åse var vistnok den fyrste i Jonsdalen som hengde opp gardiner. Ho fekk ein pris frå Dyrenes Beskyttelse for fjøsstellet sitt. Åse var kjent for kakene sine ("Åse-snippar" ). Åse selde Bråten i 1908. (1119)
3. Birgit Olsdtr. Odden 06.04. 1838-
Ikkje funnen død i Ål.

Ola og Jørand gifte seg i 1827. Ola fekk skøyte på Odden i 1842. Bruket vart rekna som 1/10 av Breiehagen.
    Ola vart kalla "Oddeguten". Han hadde god orienterings-evne, han var kjentmann og fekk mykje ros då det skulle gåast opp skogdeler. Dei betalte han faktisk 36 skilling. (kr. 1.20 pr dag.)
    Ola selde bruket 1853 til Svein Ivarson.
    Jørand døydde av nervefeber i 1856. Ola døydde på Amerika-reise i 1867.

{7016} År: 1853

Svein Ivarson Noss GjermundsOdden 30.01. 1823-1861
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Ingeborg Tomasdtr. Sire.
Gm Kristi Eilevsdtr. Toreplass Odden 15.10. 1824-
Foreldre: Eilev Knutson Toreplass og Guri Lambertsdtr. Haugerud.
*Barn
1. Ingeborg Sveinsdtr. Odden 25.10. 1851-1852
2. Ingeborg Sveinsdtr. Odden 12.05. 1854-
Til Amerika.
3. Ivar Sveinson Odden 28.07. 1855-
G 1877 m Borghild Pålsdtr. Eilevstølen.
    Til Am. 1867 saman med mora.
4. Svein Sveinson Odden 16.04. 1859-
Til Am. 1867. Død .... utan arvingar.

Svein og Kristi gifte seg i 1852. Svein kjøpte Odden i 1853.
    Svein vart skuldig 200 spd på gardehandelen. Etter eit forlik i 1858 tok han på seg årleg skjæring av 5 mål åker på Breiehagen.
    Kristi var liten av vekst, medan Svein var stor og grovvaksen. Han hadde lagt slåstkjempa Rotneims-Knut i golvet under ein auksjon i Sveinhaugen!
    Kristi sat med Odden 6 år som enkje.
    Kristi reiste aleine til Amerika i 1867 med tre barn. Ho selde Odden til Tomas Olson Breiehagen i 1867 for 290 spd. Kristi var enkje i Dakota i 1882.

{7017} År: 1867


Odden vart kjøpt av Tomas Olson Breiehagen i 1867. Han selde bruket 1870 til Ola Nilsson Grøvo Kaupang.
   

{7018} År: 1870


Ola Nilsson Grøvo Kaupang (1813-1902) var gm Haldis Aslesdtr. Bergsgard (1816-1900).
    Barn: Asle 1839- ugift; Nils 1840- gm ... ... , Oslo; Turid 1842- gm ... ... , Oslo; Ågot 1844- gm em Mathiesen, Tønsberg; Ola 1848- gm ... ... ; Lars 1852- gm ... ... , Oslo; Svein 1855- gm Turid Torsdtr. Hago i Holet.
    Odden vart overført til Hol i 1877. Sjå vidare om bruket i Hol III s 19.