Bekkestad, nordre gnr. 129 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bekkestad, nordre gnr. 129 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Bekkestad kom frå søre Bekkestad
    Landskyld 1 1/2 laupsbol.
   
    Areal 1865: dyrka jord 6 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 22 mål. Avling 5 1/2 tunne bygg og 4 1/2 tunne potet.
   
    Stølar. Lauvvika (Leigd støl i Ustedalen). Årsetstølen.

{7046} År: 1773

Ola Tolleivson Sundre Bekkestad 1721-1808s
QR Barn: Sigrid 1750 m / Guri Larsdtr ... ; Torstein 1747 m/Gjertrud Torsteinsdtr G 1755 m Kari Embriksdtr ..... Barn: Tolleiv f 1756, Margit, Haldis Stevna for leiermål i 1751. Foreldre: Tolleiv Lars Johanneson Bekkestad selde garden i 1762 til Ola Tolleivson Sundre Bekkestad for 250 rd + kår. OTS var nærare odelsmann, han hadde no løyst inn godset etter AHB og sat med 4 1/2 rd. ... Ola kravde gardsyn i Bekkestad i 1763: HUsa: ei stugu , forfallen 5 rd; fehus, stall, saustall, luer, badstugu, ei eldgamal stugu - ubrukeleg 1 ort; eit halvt kvernhus. På heimstølen: ei bu. Det var omlag 10 mål eng. (1190) s 512 Ola kjøpte 1 1/2 løbol i Bekkestad hjå Amund Herbrandson i 1773 for 98 rd og eit lite kår. Det var 641 rd å dele etter Ola. Garden vart selt til svigerson Knut Ellingson Olmedokken for 600 rd. KÅRMAND i Bekkestad 1810 , ENKEMAND EFTER 1STE EGTESKAB LIVØREMAND Amund Herbrandson sel Bekkestad til Ola Tolleivson ...... i 1773. På skiftet etter Kari i 1774 var det 248 rd i buet.
Gm Kari Embriksdtr. ... Bekkestad 1700.-1774s
Foreldre: Embrik På skifte etter Kari 29.06.1774 var det 248 rd å dele på enkemann og 3 barn.

QR Gm Ola Tolleivson Sundre Bekkestad. Barn: Tolleiv f 1756, Margit, Haldis

{7047} År: 1812

Elling Knutson Solheimslåtta Bekkestad 1788-1872
Foreldre: Knut Ellingson søre Foss Solheimslåtta (Dokken) og Margit Olsdtr. Bekkestad. (Hol III s 248)
Gm Margit Persdtr. Lybekk Bekkestad 1790-1868
Foreldre: Per Arneson Arnegard Helle Lybekk og Margit Persdtr. Sundre.
*Barn
1. Knut Ellingson Bekkestad Halvorsgardhagen 10.03. 1809-1882
G 1841 m Liv Guttormsdtr. Bøygard. Sjå Halvorsgardhagen, gnr. 37/12.
2. Margit Ellingsdtr. Bekkestad Håvi 1817-
Barn m/Eirik Hansson Lia, Ringerike: Hans 1846-1927, sjå barnebarn.
    Gm Peder Olson Håvi. Barn: 9 . Død i Valdres.
3. Margit Ellingsdtr. Bekkestad 1825-
Gm skomakar ..... Hansen i Tønsberg. Barn: 1 son.
4. Tolleiv Ellingson Bekkestad 21.09. 1827-1867
G 1850 m Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud. Sjå år 1857.
5. Margit Ellingsdtr. Bekkestad 1832-
=Mari? Gm arbeidar Olaus Simonsen frå Stokke. Barn: Inger Olea 1840- ; Søren 1845- ; Nils 1847- ; Olava 1854- ; Edvard 1856- ; Olaf 1863- .
    Dei budde i Tønsberg i 1865. Sønene reiste vist til sjøs.
*Barnebarn
1. Hans Eirikson Bekkestad 14.12 1846-1927
Gm Gro Olsdtr. Mehus frå Hol. Sjå år 1888.
    Foreldre: Eirik Hansson Lia (Skurdalen) og Margit Ellingsdtr. Bekkestad.

Elling og Margit gifte seg i 1808. Elling fekk skøyte på garden i 1812 frå arvingane etter Ola Tolleivson.

{7048} År: 1844

Kari Ellingsdtr. Bekkestad Newhouse 04.10. 1822-1896
Foreldre: Elling Knutson Solheimslåtta Bekkestad og Anne Persdtr Lybekk.
Gm Tolleiv Olson Nyhus Newhouse 11.04. 1825-1899
Foreldre: Ola Nilsson Nubgarden Nyhus og Lukris Tolleivsdtr. Tune.
*Barn
1. Ola Tolleivson Bekkestad Newhouse 12.07. 1851-1925
Gm Matilde Lien 1860-1947. Barn: Tina Marie 1880-1958 gm Ole Buland; Clara 1882-1976 gm Tolleiv Rotneim; Teodor 1884-1972 gm Josefine ... ; Emma 1887-1974 gm Hilmar Quennell; Nelly 1889-1918 gm Timan Lee; Oliver 1899-1929 gm Lina ... .
    Til Am. i 1858. Busett Spring Grove. Skreiv seg Newhouse.
2. Elling Tolleivson Bekkestad Newhouse 06.03. 1853-1931
Gm Jenny Wilson 1859-1952. Barn: Theodore 1879-1930 gm Gurina Jelle (4 barn); Willy 1880-1962 gm Ethel Avery (7 barn); Edwin 1882- gm Bertha Jibe (2 barn); Albert 1885-1958 gm Myrtle Carstenton (3 barn); Harry 1887- gm Margareth Kellaher (4 barn); Millie ....- g 1917 m Ira H. Berhans (6 barn); Ella 1893-1983 gm Edward L. Dolby (3 barn). (1496)
    Til Am. i 1858. Busett i Spring Grove, MN. Dei skreiv seg Newhouse.
3. Lukris Tolleivsdtr. Bekkestad Roble 01.12. 1854-1910
=Lovise. Gm Ola E. Roble. (Robøle?) Barn: Andrew Levi 1877-1932 gm Josephine Palau (3 barn); Theodore 1879-1964 gm Hilda Lien (1 barn), gm Tinka Lien (1 dotter); Olaus 1881-1947 gm Sara Engen (4 barn);
    Peter 1883-1959 gm Mandy Johnson (6 barn); Carl 1885-1964 gm Odella Qualey (4 barn); Oscar 1887-1963 gm Ella Myhre (4 barn); Linda 1890-1962 gm Louis Evenson (4 barn); Otto 1892-1893; Alma 1894-1916; Wilhelm 1898-1902. (1496)
    Til Am. i 1858.
4. Ågot Tolleivsdtr. Bekkestad Tømmeråsen 12.10. 1856-1925
Gm Martinius Tømmeråsen. Barn: Casper 1885- gm Blanche Rollings (2 barn); Cora 1889- gm Warner Blanchfield; Milford 1894- gm ... ... ; Mildred 1896- gm Robert Worden (1 barn); Theron 1898- gm Beatrice Brandt (4 barn). (1496)
    Utvandra til Amerika i 1858: Newhouse, Spring Grove.
   
    Tolleiv og Kari sine barn i USA:
    Maria 1859- ; Nils 1860-1926 dreiv "General Store" i Spring Grove, gm Anna Rossan (9 barn); Tollef 1863-1929 farmar, gm Ingeborg Sagabråten (6 barn); Peter 1865-1921 trelasthandlar i La Crosse, Wisc., gm Kari Nilsdtr. Onsgard (6 barn). (1647)207

Knut Ellingson kjøpte Bekkestad i 1844. Han selde garden (unnateke Årsetstølen, bnr. 3) til Tolleiv Olson i 1851 og kom til Halvorsgardhagen, gnr 37/12.
    Tolleiv Olson selde garden i 1857 til Tolleiv Ellingson og reiste til Amerika i 1858 med kone og 4 barn.) Dei kjøpte fyrst farmen til Knut O. Myro ved Wilmington i Houston Co, MN. Seinare tok dei land ved Spring Grove. Då jarnbanen kom vestover, vart det bygd ein landsby på farmen deires, kalla 'Newhouse' ('Nyhus'). Sønene Elling og Tollef overtok kvar sin del av farmen.
    Tolleiv tok del i ymse offentleg arbeid, var m.a. fylkes-komissær og "town superior".

{7049} År: 1857

Tolleiv Ellingson Bekkestad 21.09. 1827-1867
Foreldre: Elling Knutson Solheimslåtta Bekkestad og Anne Persdtr. Lybekk.
Gm Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud Bekkestad 01.06. 1813-1880
Foreldre: Anders Anderson Helling Vangen (ungkar) og Kristi Olsdtr. Helling.
*Barn
1. Elling Tolleivson Bekkestad 05.08. 1850-1945
G 1871 m Kari Sveinsdtr. Bekkestad. Sjå neste hushald og nedre Underberget, gnr. 127/22.
2. Margit Tolleivsdtr. Bekkestad Perstølen 30.10. 1853-1941
G 1876 m Per Olson Sundbreihaugen Perstølen, gnr. 125/2.
3. Ragnhild Tolleivsdtr. Bekkestad Johnson 06.12. 1857-1943
Gm ... Stensen. Ingen barn. Gm Charles Johnson ....-1927 (svensk ætt). Dei hadde ingen barn. ELLER Barn: Randine "Olsen" 1887-1936 gm Archie McArthur (6 barn); Elvine 1893-1961 til BC, Canada, gm William Dickinson (3 barn). (1242)
    Ragnhild reiste til Amerika 1876 saman med syskenbarnet Vesle-Ola Gudmundsrud på skipet 'Hero'. I 1880 budde ho i Northwood, Worth Co. Iowa.
    Det er brev frå Ragnhild i bygdearkivet. ( .. forloveden til Ragnhild forsvann, Ragnhild ville ikkje fostra bort ungane, ho sleit seg gjennom oppveksten deira som hushalderske på ymse stader. 'Noget blivende sted Sted får visst ikke jeg her i verden..' . ) I brev skriv ho dessutan om store avlingar og mykje sundags arbeid. (Notat av Ola E. Hagen)
    Ragnhild budde hjå Knut Bakke som var gift med Asles-Kristi (Strand), sidan hjå Ole Brenna frå Torpo. Ho er gravlagt på Greenwood Sticklin cemetary i Centralia, Washington.

Tolleiv og Ragnhild gifte seg 1850. Fyrste rydda dei plassen Breiebakkane av råt rot, kjøpte så Bekkestad i 1857. (1412) s 36
    Frå før hadde Ragnhild eit barn med Knut Sveinson Reinton: Kristi Knutsdtr 1839-1925 til Amerika og gm Svein Sveinson Rydning (Hol). Ragnhild var ein meister i hallingsaum. Ei evnerik kvinne med stor kunnskapstrang.
    Då biskop Sørensen vitja Ål i 1830-åra stod Ragnhild Gudmundsrud stod på berget ovanfor Ulshagen og spelte på lur. "Biskopen blev underlig stemt ved denne mottagelse".
    Tolleiv var på tømmerhogst om vintrane m.a. i Numedal. Ein vinter hadde han med kone og barn. I november 1867 skulle Tolleiv på hogst i Sangelia, tidleg ein morgon gjekk han gjennom isen øvst i Strandafjorden og drukna.

{7050} År: 1876

Elling Tolleivson Bekkestad 05.08. 1850-1945
Foreldre: Tolleiv Ellingson nordre Bekkestad og Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud.
Gm Kari Sveinsdtr. Bekkestad 28.09. 1846-1930
Foreldre: Svein Torson Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Ragnhild Ellingsdtr. Bekkestad Holterudningen 24.06. 1871-1951
G 1902 m Ola Hansson Bekkestad. Sjå Rudningen, gnr. 94/2.
2. Birgit Ellingsdtr. Bekkestad Samuelsen 10.04. 1874-1960
Gm Jakop A. Samuelsen, Uvdal 1876-1950. Barn: Andreas 1902- lektor, gm Karin Henriksen, Risør (2 barn). Båe Birgit og Jakop var lærarar på Modum.
3. Tolleiv Ellingson Bekkestad 01.11. 1876-1948
G 1902 m Birgit Olsdtr. Myking 1868-1945. Barn: Hilda/Helene 1904- lærarinne, gm farmar Andreas Andreassen (1 son); Kari 1905- gm Olav Olson Halvorstølen, (sjå gnr. 127/19) (9 barn); Gunda 1907-1989 gm Leonard Marshal (ingen barn); Erling 1913- farmar, gm Jean McKinsley; Anne 1918- gm Harry Sands 1914-1963, gm ... Williams. (1040)
    Tolleiv var utlært hjulmakar og smed. Han reiste til Amerika i 1901 og vart farmar i Assiniboia, Saskatchewan i Canada. Tolleiv bygde seg ein spesiell låve, - den vart litt av ein modell for andre farmarar. (836)
4. Svein Ellingson Bekkestad 10.06. 1881-1958
G 1912 m Kari Larsdtr. Strandmyren. G 1924 Borre m Anne Eiriksdtr. Sundbrei. Sjå nedre Underberget, gnr.127/22 og Fetagarden Strand, gnr. 123/53.
5. Kristi Ellingsdtr. Bekkestad 24.08. 1883-1889

Elling og Kari gifte seg i 1871. Elling overtok garden av mora i 1872. Han var ein ihuga bonde. I Ål IV s 673 er utdrag frå 'Allboka' hans der han skreiv utførleg og gardsdrift og ver.
    Elling var lærar i 48 år, bonde og ordførar. Men det var tungt å vera lærar i Breie og bu oppe på Bekkestad. Han selde Bekkestad i 1883 og kjøpte nedre Underberg. (Like ved skulehuset.)
    Elling vart ein førande mann i bygda. Sjå meir om Elling på nedre Underberg, gnr. 127/22. Han skreiv seg E. T. Bekkestad.

{7051} År: 1888

Hans Eirikson Bekkestad 14.12. 1846-1927
Foreldre: Eirik Hansson Lia (ungkar) og Margit Ellingsdtr. Bekkestad.
Gm Gro Olsdtr. Mehus Bekkestad 25.09. 1851-1933
Foreldre: Ola Eirikson Mehus og Guri Syversdtr. Øvremyro, Hol.
*Barn
1. Ola Hansson Bekkestad Holterudningen 01.03. 1876-1945
G 1902 m Ragnhild Ellingsdtr. Bekkestad. Sjå Rudningen, gnr. 94/2.
2. Elling Hansson Bekkestad 30.11. 1878-
Barn: Gro 1899-1974 m/Anne Sveinsdtr. Breiebakko, sjå gnr. 127/1a.
    G 1903 m Gunhild Tolleivsdtr. Noss 1880-1969. Barn: Tolleiv 1903- gm Geneva Paulson; Obert ....- gm Phyllis Jerstad; Oscar ....- gm Glady Dragland; Edvin ....- gm Sylvia Bakke; Gunda 1904-1993 gm Clarence Anderson; Marie 1906-1981 gm Commodore Gilkison; Hans 1908-1971g 1936 m Myrtle Sanden (3 barn). (1708)
    Elling reiste til Amerika i 1902: Lee township, Nelson Co. Dei var farmarar. Seinare busett McVille, ND.
3. Margit Hansdtr. Bekkestad Mikkelsen 13.06. 1881-1951
G 1907 m Ola Mikkelson Holeplass Svarteberglien. Sjå Larsstølen, gnr. 110/3.
4. Guri Hansdtr. Bekkestad 31.12. 1883-1883?
5. Guri Hansdtr. Bekkestad Bell 30.04. 1885-1952
G 1912 m Tolleiv Asleson Bjella. Barn: Gilmore ....- ; Oscar ....- ; Herbert ....- ; Alfred ....- ; Olaf ....- ; Asle ....- ; Levor ....- .
    Til Amerika 1910: Epping, ND. Ho skreiv seg "Gertie Hanson", sidan "Juli Bell".
6. Torleiv Hansson Bekkestad 05.10. 1887-
Til Am.
7. Tolleiv Hansson Bekkestad 05.10. 1887-
Gm Florence ... . Til Amerika i 1908. (Hol III s 631)
8. Birgit Hansdtr. Bekkestad Reinton 03.02. 1890-1927
Gm enkjemann Olav Olson nordre Reinton 1881-1966. Ingen barn. (Hol III s 61)
9. Syver Hansson Bekkestad 11.10. 1892-
Gm Helga Danielsen, Geilo. Til Am. i 1912. Busett Edmonton, Canada. Kom heim att og busette seg i Oslo. (1047)
10. Eirik Hansson Bekkestad 02.02. 1896-1925
Ugift. Sjå neste hushald.
11. Svein Hansson Bekkestad 12.11. 1900-1965
G 1929 m Kari Olsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.

Hans og Gro fekk 11 barn. Fyrste tida budde Hans og Gro i Skurdalen og i Tunhovd. (Sonen Elling er født i Uvdal og dottera Margit er født Hytta i Nore pr.gj.)
    I 1883 kjøpte dei nedre Underberget. I 1888 kjøpte dei Bekkestad av Erling T. Bekkestad som flytte til Underberget.
    Hans var ein av dei gamle slitarane, ein sterk og røddig arbeidskar. Som veidemann kunne han fylje eit mårspor i dagasvis. Hans svarva (dreia) trebollar i osp. Av arbeid utanom garden vart det gjerne skogsarbeid. Gro var ei drivandes kjering, - dei førte eit gjestfritt hus.