Forklaringar til den nye gards- og slektsboka for Ål.                Til registeret


For å få boka best mogleg, vil eg no be om de les nøye gjennom manuskriptet. Det er svært
viktig at flest mogleg feil og manglar blir funne no og retta opp.
Utflutte blir fylgd 1 generasjon. Dvs. det står f.eks berre '(3 barn)' for barnebarna til den utflutte.
NB. Under det vidare arbeidet kan manuskriptet bli endra utan at det medfører ny utsending.

Stutt rettleiing Tal og årstal.

Årstal vert oppgjeve så nøye som råd. Men sume gonger står det 1675c = ca 1675.
Årstal gjeve som "1675." markerar eit sikrare år enn 1675c.
Døds-år kan sume gonger stå som 1780s. = skifte vart halde i 1780.

NB. Tal i parantes etter eit avsnitt er tilvising til kjelderegisteret. Døme: (345),(1112)s 23

{Hushald-nr.} Tal i klammer {23} betyr hushald nr - ein nummer serie som går frå fyrste til siste gard.
Tal i klamme bak ein person betyr at personen vil finnast oppført i fleire hushald.
NB. Denne nummer serien blir ikkje komplett før heile manuset er ferdig.

Etternamn var lik adresse fram til namnelova av 1923. I kjeldene står det ofte "Moen" eller "Lien".
Slike namn er det mange av. Når etternamn = adresse, vert slike etternamn skrivi slik: "HanseMoen" /
"SundreLien". Det "offisielle" etternamnet vert markert med stor bokstav.

Førenamn Øvrigheita skreiv om mange namn til danske former. I boka har me retta opp att dette.
Me skriv t.d. "Tolleiv" sjølv om presten skreiv "Tollef". Det var Tolleiv han heitte.
Førenamn er fornorska/standariserte fram til ca 1920. Av praktiske grunnar (registerbindet) er
varierande namneformer samla i standardnamn. Sjå liste i boka

Forkortingar: Gm=Gift med; Sbm= Sambuar med; e.m.= enkemann; Am. = Amerika;
MN = Minnesota; SD = Sør-Dakota; ND= Nord-Dakota NB.
Det tekniske prefikset # blir fjerna automatisk før boka går i trykk.
Likeeins blir årstal-suffiks "c" og "." samla i "c".

Feite typer vert brukt for namn på vaksne personar som er/var busett i Ål. Desse kjem i register-
bindet. Barn av i dag kjem ikkje i registerbindet. Heller ikkje barn av utvandrarar.
Desse personane er oppførte med vanlege typer under foreldra. Rettingar/tillegg:
Les gjennom, marker feil / rettingar og send til underteikna snarast.

Thor Warberg, 3570 Ål. Epost