Håheim myljo gnr. 71 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Håheim myljo gnr. 71 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Håheim myljo vart frådelt nedre Håheim kring 1790. Landskyld 2 laupsbol.
    Myljo Håheim grensar til øvre Håheim i nord og til Votna i sør.
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 24 mål. Avling 12 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål og anna areal 35 mål som vert leigd bort, produktiv skog 60 mål, anna utmark 35 mål, bjørkeskog 100 mål.
    Våningshus bygt kring 1850, driftsbygning kring 1875, fjøs kring 1951, stallar kring 1900.
    Stølar: heimstøl på Storestølen. Langstøl i Hollo. Tidlegare langstøl Hellane (bnr. 4) vart fråselt 1871. Der var to vollar med ei steinbu på kvar. Opphavleg låg Hellane under Huus.
    Oldfunn: ved grøfting av jordet i 1920-åra vart det funne ei steinøks. Den er bortkomen.

{3794} År: 1793


Ola Arneson Lislelien kjøpte nedre Håheim på auksjon i 1791. Då han selde Håheim att i 1793, held han attende myljo Håheim. Det framgår ikkje om det hadde budd folk her før den tid, eller om det var hus på garden.
    Ola Arneson selde myljo Håheim til sonen Arne i 1801.

{3795} År: 1801

Arne Olson Lislelien Håheim 24.11. 1771-1809
Foreldre: Ola Arneson Lislelien og Turid Olsdtr. Håheim Lislelien.
Gm Ågot Olsdtr. Medgard Håheim Holeplass 02.04. 1775-1844
Foreldre: Ola Asleson Medgard og Liv Olsdtr. Thon.
*Barn
1. Ola Arneson Håheim Håkonsgard 16.11. 1806-1893
G 1832 m Borghild Botolvsdtr. Ødelien. Sjå Nupestølen gnr. 40/9 og Håkonsgard gnr. 62/1.
2. Turid Arnesdtr. Håheim Settungsgard 25.07. 1808-1868
G 1841 m enkjemann Lars Embrikson Settungsgard. G 1844 m Ola Nilsson Tveito Settungsgard. Sjå søre Dokk, gnr. 69/1.

Arne og Ågot gifte seg i 1806. Arne fekk skøyte på Håheim 2 laupsbol i 1802 og på Lislelien i 1806.
    På skiftet etter Arne i 1809 var det 334 rd å dele. Ågot ville behalde garden, men fann ikkje litande folk til kausjonistar. Ho fekk heller ikkje kår av garden, då retten sa at dette ville setja ned kjøpsummen på garden!
    Ågot vart attgift 1816 med enkjemann Arne Olson Bakke Holeplass, gnr.50/2.

{3796} År: 1810

Ola Olson Lislelien Håheim 12.02. 1775-1841
Foreldre: Ola Arneson Lislelien og Turid Olsdtr. Håheim Lislelien.
Gm Gunhild Botolvsdtr. Espegard Håheim 07.09. 1777-1841
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Viggersdtr. Oleivsgard.

Ola og Gunhild gifte seg i 1808. Dei hadde ingen barn. Dei selde garden i 1840 til brorsonen Ola Torson for 500 spd.
    Buet vart delt slik: arvingane hennar fekk 1500 spd, arvingane hans fekk resten.

{3797} År: 1840

Ola Torson Lislelien Håheim 05.11. 1811-1882
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.
Gm Ragnhild Olsdtr. Berg Håheim 12.04. 1819-1860
Foreldre: Ola Håkonson Berg og Torand Olsdtr. Tistilsgard.
*Barn
1. Ola Olson Håheim 04.10. 1845-1934
G 1873 m Liv Torsdtr. Veslegard. Sjå neste hushald.
2. Tor Olson Håheim SundreHagen 21.03. 1848-1918
G 1873 m Birgit Larsdtr. Sundrehagen, sjå gnr. 110/1. Gardbrukar og handelskar, seinare sparebankdirektør.
3. Ola Olson Håheim Håkonsgardhagen 19.01. 1851-1932
G 1880 m Borghild Torsdtr. Veslegard. Sjå HåkonsgardHagen gnr. 62/2
4. Gunhild Olsdtr. Håheim Thon 14.10. 1854-1934
G 1879 m Ola Larsson søre Thon.

Ola og Ragnhild gifte seg i 1844. Det vart fortalt korleis Ola gjekk fram for å få seg kjering: han hadde godhug for to jenter, ei i Leveld og ei i Vats, men han var i stuss kven han skulle satse på.
    Ein laurdagskveld lånte han hest hjå far sin og reid ned på allfarvegen. I vegnaskjelet slapp han tyglane og let hesten velja veg. Hesten la i veg nordover. Dermed reid Ola til Berg og fridde til ho Ragnhild. Og han angra aldri på det. (1553)1911/26
    Men det var ikkje heile soga. Ola fekk dottera Kristi i 1844 med Kristi Viggersdtr. Oleivsgard. Sjå Oleivsgard 66/1 år 1815.
    Ola kjøpte langstøl i Hollo og bygde ny stugu.

{3798} År: 1871

Ola Olson Håheim 04.10. 1845-1934
Foreldre: Ola Torson Lislelien Håheim og Ragnhild Olsdtr. Berg.
Gm Liv Torsdtr. Veslegard Håheim 07.07. 1853-1942
Foreldre: Tor Mikkelson Veslegard og Astrid Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Ola Olson Håheim 07.12. 1873-1873
2. Ragnhild Olsdtr. Håheim Lappegard 08.12. 1875-1962
G 1898 m Ola Olson Dokk Lappegard, gnr. 65/5.
3. Astrid Olsdtr. Håheim Huus 15.02. 1878-1963
G 1905 m Tolleiv Eilevson Huus nordre Stave.
4. Ola Olson Håheim 24.02. 1880-1944
Ug. Ola var odelsgut, men ikkje interessert i å bli bonde. Han budde på Håheim, men dreiv med gardsarbeid både heime og borte.
5. Kristi Olsdtr. Håheim Kyrkjedelen 29.06. 1882-1980
G 1907 m Botolv Eivindson Kirkedelen, gnr 64/1.
6. Liv Olsdtr. Håheim Gurigard Skrindo 23.08. 1884-1986
G 1910 m Nils Knutson Løkensgardsslåtta Gurigard. Sjå nedre Gurigard gnr. 63/3 og nordre Skrindo 47/6.
    Våren 1900 losna ei snø-skrie oppe i bakkane og sopte gjennom tunet på Håheim. Liv vart skamslegen og vart sengeliggande lenge etterpå. Men ho kom seg att. Stallen vart øydelagt og hesten omkom.
7. Tor Olson Håheim 10.09. 1886-1964
G 1924 m Mari Botolvsdtr. Ødelien. Sjå neste hushald.
8. Embrik Olson Håheim 06.09. 1888-1962
Ug. Embrik var i Am. frå 1907 til 1914. Etter å ha drive jarnbanearbeid fekk han seg ein fin farm. I 1914 var han av dei som ville heim att i samband med jubileumsfeiringa. Embrik hadde tenkt seg attende til farmen, men så kom krigen. Etterkvart fekk han selt farmen. Embrik dreiv med ymse gardsarbeid. Han var m.a. hjå systera Astrid som vart tidleg enkje.
9. Borghild Olsdtr. Håheim Hagen 12.01. 1891-1978
G 1916 m Ola Olson HåkonsgardsHagen, gnr. 62/2.
10. Torstein Olson Håheim 23.08. 1894-1990
G 1922 m Guri Olsdtr. Dusegard. Sjå Håheim gnr. 71/10.

Ola og Liv gifte seg i 1873. Han overtok garden for 900 spd i 1871. Same året vart langstølen Hellane frådelt som bnr. 4 og delt i tre delar. (Hellane ligg no til Lislelien, nordre Thon og Veslehaugen.)
    Ola delte garden kring 1910: sonen Torstein fekk det frådelte bruket Håheim bnr. 10, og sonen Tor fekk reisten av garden i 1922. Ola bygde stugu og uthus på bnr. 10 saman med sonen, og flytta dit på sine gamle dagar.