Tveito gnr. 118 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tveito gnr. 118 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Tveito er eit mindre bruk som ligg lengst aust i Nasagardane. Tveito grensar mot Bakketeigen i nord og Hallebråt i vest.
    Namnet Tveito kjem av 'tveit' som tyder grasslette mellom berg eller skog. Forma 'Tveito' er fleirtal dativ. NB. Det heiter 'i Tveito' her, i Votndalen heiter det 'på Tveito' om Tveito-gardane der.
    Lars Knutson i Larsgarden selde halve Larsgarden og 'En plads Tvetten og tilhørende myrlendet' til sonen i 1785. Desse eigedomane skulle sonen fyrst overta etter at Lars Knutson var død.
    Ingen husmann i Tveito står i manntalet 1762 eller i teljinga 1801. Det er ukjent kven som rydda plassen, truleg var det folk or Larsgarden. Tveito har vore brukt under Larsgarden fram til 1785, og sidan mellom 1807 og til omlag 1830.
    I 1664-manntalet var ein Knut Gauteson 68 år og lausgjengar på Torkjellsgard Noss.
    Tveito består av ein del frå Larsgarden Noss (frådelt 1835) og ein del frå Tolleivsgarden Noss (frådelt 1861).
    Areal 1865: dyrka jord 9 (+1) mål, naturleg eng 10 (+2) mål, utslått 30 mål. Avling 8 (+3/4) tunner bygg og 6 tunner potet. (Tala i parentes skriv seg frå delen som kom frå Tolleivsgarden.)
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 45 mål, produktiv skog 70 mål, anna utmark 70 da.
    Våningshus bygt 1875, ombygt 1972, loft, låve 1982 etter brann, gamalt fjøs, uthus. Ei gards-sag.
    Stølar. Heimstøl på Nyset og langstøl på Mjåvasstølen.
{6092} År: 1785
Lars Knutson Noss Aslaksgard Noss 1723-1793
Gm Ambjørg Larsdtr. Rime. Gm Anne Knutsdtr. Jørgensgard Noss.
Foreldre: Knut Olson Aslaksgard Noss og Guri Larsdtr. Holto.
Lars Larsson Noss (1723-1793) overtok halve Torkjellsgard Noss ved skøyte i 1785 saman med plassen Tveito for 450 rd. Sjå bnr. 1.
    Sonen Knut overtok det meste av Torkjellsgard Noss i 1789 og 1792.
    Lars og Anne Knutsdatter vart sitjande att med Tveito. I 1801 var Anne enkje og gardbrukar i Tveito. Anne selde Tveito attende til Larsgarden i 1807. (Ål IV s 493)
{6093} År: 1830c
Svein Olson Noss Ivarsgarden Tveito 12.10. 1800-
Foreldre: Ola Ivarson Ivarsgarden Noss og Guri Sveinsdtr. Holto.
Gm Margit Persdtr. Håheim Noss 22.03. 1813-
Foreldre: Per Olson Arnegard Håheim og Gunvor Larsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Guri Sveinsdtr. Tveito Johnsen 14.09. 1830-
Barn: Margit 1855- sjå barnebarn. Til Am. 1860 med dottera Margit.
    Gm Ole Johnsen. Barn: Tori ....- ; Oleana ....- ; Helen ....- ; Matilda ....- . (1227)
2. Ola Sveinson Tveito 05.11. 1833-1833
3. Ola Sveinson Tveito 27.03. 1835-
Til Am. 1853: Rosholt, SD.
4. Gunvor Sveinsdtr. Tveito Sommerhaug 26.10. 1837-
Gm Johannes Sommerhaug, ND. (Tollefsen eller Petersen.) Barn: Josie ....- ; tre søner ... (1227)
    Til Am. 1853.
5. Per Sveinson Tveito 18.04. 1840-
Gm ... ... . Barn: Oliver ....- ; George ....- ; Rosy ....- ; Josephine ....- ; Ida ....- ; Mary Ann ....- ; .... (1227)
    Til Am. 1853.
6. Margit Sveinsdtr. Tveito Johnson 01.07. 1848-
Gm John G Johnson, Red Oak Grove, Blooming Prairie, MN. Barn: Mary ....- gm Andrew Thompson; Ephraim ....- gm Louise Ronle; Otto ....- gm Mary Johnson. (1227)
    Margit reiste til Am. 1853.
*Barnebarn
1. Margit Tolleivsdtr. Tveito 22.08. 1854-
Til Amerika saman med mora.
    Foreldre: Tolleiv Olson Haugegarden (ungkar) og Guri Sveinsdtr. Noss Tveito.
   
    Svein og Margit sitt barn i Amerika: Ågot 1855-1933 g 1872 m Neri Trondson (Thompson).
Svein var soldat i unge år. Han hadde tre barn utanom: Ola 1828-1914 m/Guri Tolleivsdtr. Noss (sjå Gjeldokksgarden, gnr. 105/3); Guri 1829- m/Ambjørg Olsdtr. Breiehagen; Tolleiv 1831-1831 m/Birgit Olsdtr. Noss.
    Svein og Margit fekk skøyte 1835 på delar av Torkjellsgard Noss for 300 spd. I handelen var plassen Tveito, eit slåttelende i Juven; Urdeteigen med ospeskogen der; heimstølen nedre Nyset og slåtta NysetOdden; ein del av langstølen Mjåvasstølen, samt hamnegang og skog. Skyld: 2 15/32 laupbol. (1544)468
    Svein og Margit reiste til Amerika i 1853. (Med barna Ola, Gunvor, Per og Margit.)
{6094} År: 1853
Sigrid Eilevsdtr. Toreplass Noss Tveito 12.08. 1832-1911
Foreldre: Eilev Knutson Granhagen Toreplass og Guri Lambertsdtr. Haugerud.
Gm Tolleiv Larsson Bakketeigen Tveito 19.08. 1825-1857
Foreldre: Lars Olson Bakketeigen og Torand Tolleivsdtr. Noss.
Gm Ola Ellingson Jøto Tveito 24.08. 1833-1895
Foreldre: Elling Tolleivson Noss Jøto og Anne Olsdtr. Låengen (Hol).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Tolleivsdtr. Tveito Rimejordet 04.11. 1855-1941
G 1873 m Torgeir Henrikson Rimejordet, gnr. 115/3.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Olsdtr. Tveito Kraft 12.11. 1861-
Gm Anders Anderson Kraft, busett Krafthagen i Lier. Barn: ..... , pleieson Kåre 1905- . (Norske Gardsbruk Buskerud II, s 162)
2. Birgit Olsdtr. Tveito 07.07. 1863-1951
G 1896 m Ola Syverson Torkjellsmoen Tveito. Sjå neste hushald.
3. Elling Olson Tveito Halleset 09.03. 1866-1951
G 1893 m Guri Sevatsdtr. søre Holo. Sjå Halleset, gnr. 94/7.
4. Guri Olsdtr. Tveito 11.02. 1868-
Guri levde i 1875. Ho var ikkje i Ål i 1891.
5. Borghild Olsdtr. Tveito Benterud 26.10. 1870-
G 1896 Bragernes m Knut Embrikson Lappegard Benterud f. 1873. Barn: Elling 1893- ; Marie 1896- ; Emma Helene 1900- ; ...
    Dei budde på Landfalløya i Drammen i 1900. Knut skreiv seg Benterud. Knut var skomakersvein og hadde hjå seg Knut Torson Øyen frå Hol.
6. Margit Olsdtr. Tveito 15.06. 1875-
Margit levde i 1891. Heime.
Tolleiv og Sigrid gifte seg i 1854. Dei fekk ei datter. Sigrid Eilevsdtr. held skifte i 1860.
    Tolleiv kjøpte garden Tveito hjå Svein Olson i 1853 for 300 spd.
    Sigrid vart attgift 1861 med Ola Ellingson og fekk seks barn med han. Ola Ellingson var gardbrukar og timremann.
{6095} År: 1898
Birgit Olsdtr. Tveito 07.07. 1863-1951
Foreldre: Ola Ellingson Jøto Tveito og Sigrid Eilevsdtr. Tveito.
Gm Ola Syverson Torkjellsmoen Tveito 16.10. 1868-1954
Foreldre: Syver Gunnarson Tistilsgard Torkjellsmoen og Haldis Olsdtr. Toresgard.
*Barn
1. Ola Tveito 13.05. 1903-1985
G 1926 m Ågot Eiriksdtr. Rimehaug. Sjå neste hushald.
2. Syver Tveito 24.06. 1905-1998
G 1939 m Kristi Olsdtr. Bekkestad. Sjå år 1960 og Vesleteigen, gnr. 96/14.
3. Haldis Tveito Holto 03.11. 1906-2001
Gm Per Larsson Holto, sjå Skogly, gnr. 94/10.
*Barnebarn
1. Olav Tveito 12.06. 1926-2001
G 1958 m Birgit Halden, Gol. Barn: Gunvald 1958- var gm Berit Asgrimsplass, busett på Gol; Haldis 1960- gm Torgeir .... ; Ove 1961- var gm Gerd Turid Håkonsrud, Nes, gm Gudrun Grue Roe; Sverre ....- gm Liv-Irene ... .
    Foreldre: Ola Gunnarson Ivarsgarden Noss og Haldis Tveito.
    Olav vaks opp i Vesleteigen hjå besteforeldra. Olav var sjåfør, busett på Tuppeskogen på Gol.
Ola og Birgit gifte seg i 1896. Ola kjøpte Tveito i 1898 for kr. 1250 og kår.
    I 1922 kjøpte Ola småbruket Vesleteigen hjå bror sin Ola Syverson på myljo Kvinnegarden.
    Ola var timremann. Ola fortalde frå ein jobb då han skulle vøle på ei stølsbu for ein mann. Det var om våren, og Ola tok med seg ei ku for å ha mjølk attved maten.
    Så vart det ein drivande god vår, graset skaut i vekst og kua mjølka meir og meir for kvar dag som gjekk. Ola fekk vanskar med å drikke opp mjølka, ikkje kunne han slå ut mjølk og ikkje hadde han tid til å koke ost. Han drakk og drakk, og då stølsbua var ferdig så var Ola svært letta for å ta med seg kua heim att til ho Birgit. Etter den dag så hadde Ola mista lysta på mjølk!